Medlemskontigenten 2015

Postet av Garmo IL den 24. Mar 2015



Bur du i Garmo kan du i desse dagar finne giro for innbetaling av kontingent 2015 i postkassa di.
Vi oppmodar alle til å betale medlemskontigenten!
Hugs at dersom du deltek på Idrettslaget sine aktivitetar må du være medlem.
Om du ikkje bur i Garmo, og ynskjer å betale kontigenten kan du laste ned giroen her:
Garmo IL Giro.pdf


0 Kommentar

Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Postet av Garmo IL den 11. Mar 2015

Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Styret har i år hatt 6 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore god også i 2014. Det er dyktige og engasjerte folk vi har som leiarar i dei forskjellige aktivitetsgruppene og desse bidreg stort til att det er aktiviteter for alle aldersgrupper.

Den 11. mai hadde vi basar i Garmo Bygdahus. Vi fekk inn mange fine gevinstar, og hovedgevinstane var Ipad og middag på Andvord. Overskotet vi sat att med var på kr 35.000,-

Det var ynskje frå mange om å få teke ei ny runde med bestilling av idrettslagsdressar. Laget sponsa kr 250,- pr. del for alle medlemmar. Vi fekk kr 7.500,- frå Brimiland til sponsing av dette, og dei fekk dermed logoen sin på dressen.

Økonomien i laget er god. Før avskriving synte det eit overskot på nesten kr. 100.000,-. Dette på grunn av basarinntekta, ny sponsor samt noko meir i tilskot. Etter avskriving er det eit overskot på ca. kr 23.500,-. Leiar og kasserar har kvar fått utbetalt kr 4000,- i honorar for 2014. I 2013 inngjekk vi ei sponsoravtale med Lom og Skjåk Sparebank som sikrar oss kr 15.000,- i året i 5 år.

Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. I haust hadde vi dugnad og rydda ljosløypa for buskar og kratt. Det vart også rydda noko på dei merka stigane rundt omkring.

Gapahuken vi fekk innvilga midlar til, stod ferdig oppkomen på idrettsplassen i oktober.

Ny heimeside vart lansert den 19. mars, og webansvarleg fell naturleg på Svein Garmo.

Arild og Thomas har hatt ansvaret for idrettsplassen, og den framstår som meget godt vedlikeheldt.

For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne:

Svært bra frammøte på trimkveldane. Ei auke på deltakarar i spesielt step-gruppa, både tysdagar og fredagar.

God aktivitet i fotballgruppa, med 1 lag i serien og deltakarar på dommarkurs.

Godt frammøte på skirenn, det vart heldt eitt renn i ljosløypa, resten på Mån.

Bygdamesterskap vart heldt på Mån i starten av mars. 39 startande med representantar frå dei 3 idrettslaga i Lom.

Idrettsskulen fungerer godt, fyller ut sesongen mellom fotball og ski. Både starta og avslutta året med artige akedagar i Bjørgebakkane.


Populær turorientering! Også travaleg, men det stoppa ikkje folket. 46 stk har vore med. Oppstartstur vart arrangert til Havørju.

2 vellukka fotballturneringer på idrettsplassen i august/september med besøk av lag frå Heidal, Lom, Skjåk og Vågå.

Vi har nokre dyktige utøvarar som representerar Garmo IL på større arrangement.
Ski: Ragnhild Vestad vart nr 2 i klassa si på Ingalåmi, og vann klassa si i Troll Ski Maraton.
Jan Erik Øyen deltok også på Troll Ski Maraton.

Sykkel: Øyvind Svare Odde og Jan Erik Øyen deltok på Klatrerittet mot Rondane der Jan Erik vant dette løpet. Anette Bergheim debuterte i Fredagsbirken med forbruk av god tid, medan Ragnhild Vestad vart «Super Birkebeinar» for 3. året på rad.


Løp/Maraton: Jan Erik Byre sprang halvmaraton på Oslo Maraton, medan Mona Aabakken og Britt Thommasen deltok på 10 km på same arrangement. Ann Kristin Vangberg deltok på KK mila, også dette i Oslo. Jan Erik Øyen deltok på Flækøyhøe opp og vann klassa si.

Medlemstalet var ved årsskiftet 195 medlemmar.


Styret vil takke :

Alle medlemmar for god aktivitet i 2014!

Engasjerte gruppeleiarar og gruppemedlemmar for verdifullt arbeid

Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege til løypekjøring, brøyting og islegging

Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen.

Erland Arnfinn Haugen for god hjelp da vatningsanlegget stagnerte i sumar

Rolv Ivar for flott innsats med gapahuken

Gausdal Landhandleri for ny ryddesag til idrettslaget

Alle som gav eit bidrag til basaren

Brimi land for sponsing i forbindelse med nye dressar

Lom og Skjåk Sparebank 1 for sponsoravtale

Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagssamarbeidet eller støtta laget.



Garmo, mars 2015

Anette Bergheim (leiar)

Inger Helene Solbakken (nestleiar)

Jan Erik Byre

Rolv Ivar Bergdølmo

Arne Bjørgen


0 Kommentar

Årsmøtet

Postet av Garmo IL den 3. Mar 2015

Årsmøte

Sakliste til årsmøtet i Garmo IL onsdag 11. mars kl. 19.30 på Barnehagen

1: Godkjenne dei med stemmerett

2: Godkjenne innkallinga og saklista

3: Velje møteleiar, referent og 2 medlemmar til å skrive under protokollen

4: Handsame idrettslaget si årsmelding og gruppeårsmeldingane

5: Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand

6: Handsame forslag og saker.

a) Framlegg frå Kristian Venaas der han ynskjer vedlikehold av armaturene i ljosløypa. Framlegg frå Styret: Styret er klar over att det har vore ein feil i anlegget, men dette er nå retta. Ljosanlegget blir fortløpande vedlikehalde.

b) Framlegg frå Jon Are Fjeld og Frisvoldskogen Velforening der dei forespør GIL om å ta ansvaret for og kostnaden med å etablere ei sandvolleybane på idrettsplassen. Framlegg frå Styret: Styret ser ingen moglegheit til å bidra i arbeidet med etablering av sandvolleybane, da laget alt har mange baner og anlegg som skal vedlikeheldast. Arealet som tidligare har vore stillt til disposisjon til dette formålet kan fortsatt brukast.

c) Isleggingsgruppa teke opp til vurdering etter att gruppa vart oppløyst. Skal denne bestå? Framlegg frå Styret : Styret ynskjer att gruppa skal bestå, og valnemda finn nye personar til å leie gruppa.

d) Svømmegruppa teke opp til vurdering. Framlegg frå Styret: Så lenge svømmehallen i Lom ikkje er i drift er det vanskeleg å ha ei aktiv svømmegruppe. Behovet for ny gruppe vil bli vurdert når svømmehallen er i drift att.

7: Fastsetje medlemskontingenten.

Framlegg frå Styret: Årskontingenten for 2015 blir uendra.

Kr 300 for familiemedlemskap, kr 150 for enkeltmedlemskap og kr 100 for pensjonistar

8: Vedta idrettslaget sitt budsjett

9: Vedta idrettslaget sin organisasjonsplan.

Framlegg frå Styret: Vi beheld organisasjonsplanen som i dag

10: Val

a) Val av leiar og nestleiar. Anette Bergheim er på val som leiar. Inger Helene Solbakken er på val som nestleiar.

b) Val av 3 styremedlemmer. På val er Jan Erik Byre, Arne Bjørgen og Rolv Ivar Bergdølmo.

c) Val av to varamedlemmar til styret. På val er Knut Kjøk og Hanna Hammerdalen

d) Andre val i gruppene: Val av nye medlemmar til isleggingsgruppa. Arild Løken har sagt frå seg attval. Gruppa er oppløyst.

Val av nytt gruppemedlem i gruppa gang og mosjon. Jan Erik Byre har sagt frå seg attval.

e) Val av 2 revisorar. På val er Mona Aabakken og Elin Odde

f) Val av representantar til Lom Idrettsråd. På val er Knut Kjøk, Jan Erik Byre og Synnøve Bjørgen

g) Val av valkomite, med ein leiar, 2 medlemmar og ein vara til neste årsmøte.



0 Kommentar

Årsmelding 2014

Postet av Garmo IL den 18. Mar 2014

Styret har hatt 4 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore stor også i 2013. Det er dyktige folk i aktivitetsgruppene som tek ansvar for å setje i gang aktivitetar, og styret meiner at gruppene fungerar særs godt.

Vi fekk i 2013 kr 20500 i tilskot frå Oppland Fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen til arbeid med stimerking. I løpet av hausten vart det innkjøpt nye skilt og skilta stigar både i Kleppdalen og i Høgkollen-område. Jan Erik Byre og Svein Garmo sto for arbeidet med dette. Vi håpar dette vil vere med å bidra til at enda fleire vil nytte dei fine nærområda våre til turgåing.

Arbeidet med å oppføre ein gapahuk ved idrettsplassen er også kome i gang. Vi fekk innvilga kr. 23500 i tippemidlar til dette. Rolv Ivar Bergdølmo har teke på seg ansvaret for å få fullført dette arbeidet.

Årsmøtet i fjor vedtok at styret skulle vurdere behov for kjøp av ny snøskuter.Vi sette ned ei gruppe som skulle sjå på dette, og det vart i fjor haust innkjøpt ny skuter med løypefres til ein pris av kr. 127.000.

Allidretten vart i fjor haust omorganisert til idrettsskule, og vi mottok i samband med dette stønad frå idrettskretsen på kr 11.000.

Etter initiativ frå Skjåk IL og Lom Idrettsråd var leiaren i haust på eit møte i Lom der temaet for møtet var meir samarbeid mellom idrettslaga, eller kanskje også arbeide med mål om samanslåing på sikt. Laget sitt formål er nå fyrst og fremst å bidra til aktivitetar for dei yngste medlemmane, og å legge til rette for trimaktivitetar for alle. Vi meiner at dette er aktivitetar vi best kan ivareta som eige lag i eige grend, så slik vi ser det er det ikkje så mykje vi kan oppnå med eit utvida samarbeid. Skigruppa har hatt dette som eige sak på møte, og dei ynskjer også at vi driv som vi gjer i dag.

Økonomien i laget er god, overskotet i fjor var på ca 13000. Leiar har fått utbetalt kr 2000 og kasserar kr 4000 i honorar for 2013. Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. Vi inngjekk i fjor ei sponsoravtale med SpareBank 1 Lom og Skjåk som sikrar oss kr. 15.000 i året i 5 år.

Arild og Thomas Løken har hatt ansvaret for idrettsplassen, og idrettsplassen er i god stand.
For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne
  • Bra aktivitet på trimkveldar, der bandy har vore hovudaktivitet
  • Fotballgruppa har hatt med 2 lag i serien
  • Bra frammøte på skirenna (som pga. snømangel vart arrangert på Mån)
  • Godt frammøte på idrettskulen, derskitrening var ein del av opplegget før jul. Har arrangert akedagar i Bjørgebakkane.
  • Idrettsdag på idrettsplassen med godt frammøte med mange aktivitetar
  • Turorienteringa er framleis populær, svært mange deltok og leverte kort også i 2013
  • Mange deltok på større arrangement, og Ragnhild Vestad vart Super-Birkebeiner for andre år på rad ved å klare merket i alle 3 Birkebeiner-arrangementa. Jan Erik Øyen deltok også på alle tre arrangementa og vart med det «årets Birkebeiner».
Medlemstalet var ved årsskiftet 181 medlemmar.

Styret vil takke
  • Alle medlemmane for god aktivitet!
  • Gruppeleiarane, gruppemedlemmane og andre som har vore med for godt og verdifullt arbeid
  • Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege med løypekjøring og islegging
  • Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen
  • SpareBank 1 Lom og Skjåk for sponsoravtale
  • Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagsarbeidet eller støtta laget!
Garmo, mars 2014

Svein Garmo (leiar)
Inger Helene Solbakken (nestleiar)
Rolv Ivar Bergdølmo
AnetteBergheim
Jan Erik Byre

0 Kommentar

Basar

Postet av Garmo IL den 17. Mar 2014

Vi skal ha stor basar i Bygdahuset sundag 11. mai. Vi har fått inn mange flotte premiar, og i desse dagane går det loddselgarar rundt i grenda. Vi håpar alle har ordna seg med kontantar, og kjøper mange lodd! Vi håpar å få til andre tradisjonelle "basar-aktivitetar" denne sundagen, og kaffe- og bitesalg. Vi håpar mange finn vegen til Garmo Bygdahus for å delta på ein sosial dag - og med moglegheiter for å vinne fine premiar.

Biletet viser ein av mange fine premiar vi har fått, dette er ein heimlaga kniv vi har fått av Reidar Marstein

0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline