Halvmaraton

Postet av Garmo IL den 16. Nov 2015

Ann Kristin Vangberg sette ny og sterk personleg rekord på halvmaraton på Jessheim Vintermaraton i helga. Ho fekk tida 2.09.52. Vi gratulerer med god tid og flott innsats!

Bildet er lånt frå Ann Kristin sin facebookprofil :)


0 Kommentar

Sesongavslutning for fotballen

Postet av Garmo IL den 16. Nov 2015

G/J 9 var sundag kveld samla til avslutning på sesongen. Ei triveleg stund i Kvila med pizza og premieutdeling etter ein flott sesong. Litt vemodig var det likevel. Neste år stiller ikkje Garmo lag, men vi håpar dei fleste fortsett i Lom. Rolv Ivar Bergdølmo vart hedra for flott og engasjert innsats for laget!


0 Kommentar

Den planlagte dugnaden er utsett

Postet av Garmo IL den 12. Nov 2015

Det vart litt for fåe som meldte seg til å få gjennomført ein skikkeleg dugnad laurdag, og dugnaden blir derfor utsett til seinare. Mest truleg til våren. Håpar at mange kan bli med da!


0 Kommentar

Dugnad laurdag 14. november

Postet av Garmo IL den 8. Nov 2015

Etter initiativ frå Reidar Marstein, har Garmo Idrettslag har teke på seg og rydde den gamle vegen som går frå Bjørgen, over Kleive og vidare til Lauvmo. (Storrviksroe) Dette er ein veig som har ei rik kulturhistorie, da det blant anna er innhogge eit kors og ein sirkel i eit berg som skal være gjort av St.Olav.

Ved vegen er også bygdagrensa mellom Lom og Vågå innhogd i eit berg. Garmo skule har tidligare laga skilt med Hamsun sitat og sett opp langsmed denne vegen.

Vi skal søkje Norsk Kulturarv om midler for att vi ryddar/ merker og vedlikeheld denne vegen. For å få midler tildelt som eit idrettslag, set dei viare krav om att vi engasjerer barn og unge i arbeidet. Vi kaller derfor inn til dugnad laurdag 14. november kl. 11.00.

Vi er allereie nokre få vaksne som skal stille med ryddesag. Men vi håpar å få med nokre til, om nokon har ryddesag tilgjengeleg. Viare ynskjer vi att det kjem fleire, da gjerne barn og unge, som kan hjelpe til med å rydde vekk det vi sager ned, vekk fra stigen.

Når det vårast, kjem vi til å merke denne vegen med informasjonstavler og skilt. Kanskje gjere eit forsøk på å restaurere dei gamle skilta med Hamsun sitata som Garmo Skule i si tid laga og sette opp.

Håper mange kan koma å gjere ein innsats for idrettslaget!

Etter dugnaden spanderer idrettslaget kaffe/saft og biteti på Skogheim Kafe.

Vel møtt!

Vanskeleg å sjå, men her er bygdagrensa mellom Lom og Vågå VA GE + LOM

Kors


0 Kommentar

Full gymsal på Step!!

Postet av Garmo IL den 16. Okt 2015

Da er step'en godt i gang att etter sommerferien!
Aldri før har vel oppmøtet vore så bra, og vi er glade for at så mange nyttar seg av tilbodet!
Frå og med denne veka startar vi også med step fredagar kl 17.00.
Tysdagar kjører vi samanhengande program, med nokre intervaller innimellom.
Fredagar har vi ei litt stuttare økt men da med intervallstep.
Begge kveldane avsluttar vi med eit styrkeprogram.

Vi håper på like bra oppmøte utover hausten og ynskjer både nye og gamle "stepparar" vel møtt!!









0 Kommentar

Oslo Maraton

Postet av Garmo IL den 20. Sep 2015

Vi hadde fleire deltakarar på Oslo Maraton i helga, og alle fullførte med gode tider.
Jan Erik Byre sprang heilmaraton for fyrste gong, og kom i mål på den sterke tida 3.28.59. Dette er truleg den fyrste heilmaraton fullført av ein løpar som representerar Garmo IL.

Sterke tider hadde også Kari Mette Gjeisar og Ann Kristin Vangberg på halvmaraton. Kari Mette fekk tida 2.02.32 og Ann Kristin 2.14.17.

Mona Aabakken og Britt Thommassen deltok på 10 for Grete (10 km), gode tider også av dei med sluttider på litt over ein time.

Gratulerer til alle 5 med strålande innsats!




0 Kommentar

Step

Postet av Garmo IL den 17. Sep 2015

Step'en startar opp att tysdag 22. september kl 1900. Step er trening som passar alle, ta med vassflaske, handkle og gode sko så er du klar.

Vel møtt!




0 Kommentar

Merking av turstigar

Postet av Garmo IL den 12. Sep 2015

Vi er godt i gang med skilting og merking av fleire turstigar. Vi har nå fått opp turskilt frå Lemonsjøen over Veslvassfjellet til Brimi Fjellstugu, og frå Brimi Fjellstugu over Havyrju til Svarttjønnbakken. Desse stigane er ikkje merkt, men det er så gode og klåre stigar at vi trur ikkje det er naudsynt med så mykje merking der.

Vi har merkt med raudmåla steinar frå Baksælabakken til Sylvetjønn (berre gammal merking opp der), og vidare over Tessefjellet og ned ved Torfinna til Ilvebruene og Brimi Fjellstugu. Vi har også merkt med raudmåla steinar frå Steinbua, mellom Koppe og sørover Havyrju til Brimi Fjellstugu att. Vi har bestilt skilt også til desse rutene, og håpar å få opp desse også i løpet av hausten.







0 Kommentar

Vellykka fotballturnering!

Postet av Garmo IL den 25. Aug 2015




Sjølv om det var tidvis styrtregn og småsurt, så hindra ikkje det publikum i å koma å sjå på fotballkampane på idrettsplassen tysdags eftan!
Det finnes ikkje dårleg vær, så lenge underhaldninga og trakteringa er god.
Spelarane spelte godt, det var spanande frå start til slutt!
Ei elevbedrift stod for flott servering, og vi fekk testa den nye, fine, vesle bue vår.

Neste, og avsluttande turnering på heimebane vil foregå tysdag 15. september kl. 18.00.

Velkomne attende !






0 Kommentar

Fotballturnering tysdag 15. september

Postet av Garmo IL den 21. Aug 2015




Tysdag 15. september kl. 18.00
skal Garmo sine håpefulle fotballsparkere helde kampar på heimebane på idrettsplassen. Vi håper att mange tek turen for å sjå på denne eftan!
Det vil bli sal av saft, kaffe og biteti fra den nyinnkjøpte bue til idrettslaget.

Vel møtt til alle!!


0 Kommentar

Turorientering: Markering av 10 års jubileum

Postet av Garmo IL den 14. Aug 2015





Det er på tiande året vi held på med turorientering i Garmo Idrettslag, og dette ynskjer vi å markere med ei sosial samling ved Steinbua på Koppflye.

Sundag 23. august går vi i gruppa og varmer opp grillen så den er varm frå kl. 13.00. Dykk som vil være med denne dagen starter når Dykk sjølve vil. Vi deler ut eit lodd til kvar enkelt som møter opp, og ei spanande trekning med ein enda meir spanande gevinst vil bli heldt før vi tek turen ned att.

Kvar enkelt tek med grillmat og drikke sjølv. Hugs ta med varme klede i sekken, det kan fort bli kaldt i fjellet!

Det har vore stor pågang på kart i år, og dette syner at interessa er stor når det gjeld turorientering. Håper vi ser mange av Dykk denne dagen!

Velkomne til fjells!

0 Kommentar

Turorientering; Feil merking på kart

Postet av Garmo IL den 8. Jul 2015

Ei lita retting vedrørande turorientering. Posten som er merka Kopptjønna, ligg ved den vesle Tjønna ved Kopphatten.
Fortsatt god tur til alle!

0 Kommentar

Turorientering

Postet av Garmo IL den 5. Jul 2015





Det er klart for den 10. sesongen med turorientering. Kart og klyppekort får dykk i Skogheim. Postane ved Fuglhø og Rindtjøynn er ikkje lagt ut enno, det vil bli gjeve beskjed når desse er klare.

God tur!

0 Kommentar

Artig fotballkamp

Postet av Garmo IL den 20. Jun 2015

Garmo og Tessand møttest til fotballkamp på idrettsplassen laurdag for fyrste gong sidan 1984, og det var faktisk mange av dei same spelarane som deltok nå som for 31 år sidan.

Tessand tok kontakt med oss tidlegare i vinter og ynskte å spele ein fotballkamp der vi skulle samle så mange som råd frå det gamle A-laget. Det var 6 av dei gamle spelarane som meldte seg til teneste saman med 5 andre spelarar. Det var sett aldersgrense 45 år (1970 mod.), men vi fekk dispensasjon for å ha med ein unggut på 44. Det er viktig å tenke litt på rekrutteringa også.

Det vart spelt 7'er fotball, med 3 omgangar på 20 minutt. Den finaste (einaste?) sommardagen i år ga ei flott ramme rundt kampen, og det var svært mange tilskodarar som møtte opp for å få med seg denne historiske kampen.

Det var hard kamp om ballen, men kampen gjekk føre seg i ein svært hyggeleg tone, og latteren sat laust blant spelarane. Etter at fyrste omgang ende 2-2 (skåringar av Simen Bjørgen og Kjell Ekle) var det slutt for Garmo sin del. Etter at alle tre omgangane var over stod det 2-12. Omtrent som i gamle dagar altså.

Arild Løken var god og solid dommar - og han vann også den oppsette bestemannspremien. Sigbjørn Oppheim og Knut Erik Hovde vart toppskårarar med 5 mål kvar, og skal ha toppskårarpokalen heime hjå seg kvart sitt år.

Nokre strekkar vart det, men kampen gjekk relativt skadefritt for seg!



Båe laga: framme frå venstre: Kjell Tore Holø, Rolv Ivar Bergdølmo, Hans Bakke, Georg Sole, Arnt Odnes, Bjarne Odde, Steinar Jøråndstad, Pål Egil Runningen, Paul Øien, Sigbjørn Oppheim. Bak frå venstre: Ole Anton Tøfte, Simen Bjørgen, Jan Visdal, Kjell Ekle, Ole Geir Horten, Stein Luseter, Knut Erik Hovde, Hans Olav Bruøygard, Asbjørn Myrhaug, Jon Øien, Ole Bakke. Fremst: Arild Løken. Rolv Odde og Svein Garmo deltok også.





0 Kommentar

Turorientering 2015

Postet av Garmo IL den 17. Jun 2015





På grunn av sein vår og sommer har vi dessverre ikkje komen i gang med orienteringa. Postane som skal ut i fjellet er ikkje komne opp enda på grunn av snø. Men det vil koma snart! Vi legg ut på heimeside og facebook så snart postane er på plass. Da kan kart og klyppekort hentast på Skogheim Kafe.
I år blir det ikkje felles oppstartstur som tidligare år, men vi tek sikte på å få til ein felles tur til Steinbue på Koppflye sundag 23. august.
Dette for å markere 10 års jubileet som orienteringa har nå i sommer!


0 Kommentar

Terrengløp - Moberget rundt

Postet av Garmo IL den 4. Jun 2015

Vi har fått invitasjon frå Bøverdalen IL til å delta på jubileumsløpet for Moberget Rundt.

" I 2015 er det 40 år sidan Moberget Rundt for fyrste gong vart arrangert. I den forbindelse har vi den glede av å invitere deg/dykk til jubileumsløp fredag 12 juni kl 18.00.

Målet er at flest mogleg skal delta, så ta på gode sko, og om du vil krype, gå, rusle, jogge eller springe er opp til deg.

Det vert sal av grillmat, og fin premiering til alle som deltek i løpet. Løpet vert starta i Vassmyra, med oppmøte ein halvtime før start til påmelding. Startkontigent kroner 20.

Sei i fra til alle du kjenner, møt opp og vær med å FEIRE MOBERGET RUNDT 40 ÅR!! P.S: Ta med campingstol"

Moberget Rundt Innbydelse.pdf





0 Kommentar

Høgkollista

Postet av Garmo IL den 27. Apr 2015

Høgkollista er oppdatert pr 19. april, vi har nå registert 18531 turar av vårdølar. Høgkollen er framleis eit mykje brukt turmål, og vi kan vel berre lure på kor mange liter sveitte som ligg att i bakkane oppover der.

Dersom dykk finn feil i lista; gje beskjed til Unni Svare Odde så vil vi få retta dette.

Her er lista: Høgkollista pr 19. april 2015

Dykk vil også finne den i toppmenyen.












0 Kommentar

Terrengløpkarusell på Lalm

Postet av Garmo IL den 27. Apr 2015


Lalm IL arrangerer terrengløpkarusell kveldane:

Onsdag 29. april.

Onsdag 5. mai.

Onsdag 13. mai.

Påmelding innan kl. 18.00. Start kl. 18.30.

Startkontingent:

50 kr pr. løp.

100 kr for alle tri løpa.

Maks 200 kr pr. familie uansett antal deltakarar.

Frammøte på Lalm idrettsplass.

Ope også for medlemmar frå andre lag.


0 Kommentar

Premieutdeling og åpning av GILBuè

Postet av Garmo IL den 26. Apr 2015




Dagen byrja med at gapahuken som stod klar tidleg i fjor haust, endeleg fekk ei offisiell åpning. Det vart retta ein stor takk til Rolv Ivar Bergdølmo som intiativtakar, prosjektleiar og snikker. Styret i Garmo Idrettslag fell for det innkomne forslaget "GILBuè", og dette er nå det nye namnet på bygget. Vil nevne att Gilbuè nå kan brukast for den som vil. Det kan også bålpanna som vil stå der. Skilt vil koma opp etterkvart!

Etter åpninga var det tid for premieutdeling for alle som har delteke på skirenn denne sesongen.
Det har vore mange deltakarar på skirenn i vinter, og dette er artigt både for dei som arrangerer, dei vaksne, og ikkje minst uttøvarane sjølv. Det har vore 10 skirenn, derav 4 ljosløyperenn her i bygda. Resten av renna, derav 1 klubbmesterskap vart arrangert på Mån.
Kjempeflinke deltakarar !!

Etter premieutdelinga var det gilling av pysje, og servering av kaffe, brus og sjokolade.

Været var absolutt på vår side i dag, og det vart ei triveleg sesongavslutning.

Takk til alle frammøtte!


















0 Kommentar

Premieutdeling etter sesongens skirenn søndag 26. april kl 12.00

Postet av Garmo IL den 22. Apr 2015

Værmeldinga fortel att det vil bli bort i mot vindstilt og sol fyrstkomande søndag.
Vi tenkjer da att dette er ein fin dag å ta premieutdeling etter sesongens skirenn på.
Dette vil foregå på idrettsplassen, eventuelt ved klubbhuset.
Vi tek også sikte på å endeleg få døypt den nye, flotte gapahuken vår!
Det vil bli grilling av pysje på bålpanna, og servering av brus og kaffe.

Håper att mange tek turen til ei triveleg og sosial stund på idrettsplassen!

Vel møtt!






0 Kommentar

Dommarkurs

Postet av Garmo IL den 31. Mar 2015

Beskjed frå Arild; dei som skal på dommarkurs i Utgard 7. april kl. 18 kan få skyss med han.

0 Kommentar

Medlemskontigenten 2015

Postet av Garmo IL den 24. Mar 2015



Bur du i Garmo kan du i desse dagar finne giro for innbetaling av kontingent 2015 i postkassa di.
Vi oppmodar alle til å betale medlemskontigenten!
Hugs at dersom du deltek på Idrettslaget sine aktivitetar må du være medlem.
Om du ikkje bur i Garmo, og ynskjer å betale kontigenten kan du laste ned giroen her:
Garmo IL Giro.pdf


0 Kommentar

Vedrørande oppdatering av Høgkoll lista

Postet av Garmo IL den 11. Mar 2015

Vi har fått nokre henvendingar frå medlemmar som ynskjer oftare oppdatering av Høgkoll lista. Vi vil få informere om att vi oppdaterer lista ein gong pr år, eller så snart det er 2 fullskrevne bøk.

0 Kommentar

Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Postet av Garmo IL den 11. Mar 2015

Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Styret har i år hatt 6 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore god også i 2014. Det er dyktige og engasjerte folk vi har som leiarar i dei forskjellige aktivitetsgruppene og desse bidreg stort til att det er aktiviteter for alle aldersgrupper.

Den 11. mai hadde vi basar i Garmo Bygdahus. Vi fekk inn mange fine gevinstar, og hovedgevinstane var Ipad og middag på Andvord. Overskotet vi sat att med var på kr 35.000,-

Det var ynskje frå mange om å få teke ei ny runde med bestilling av idrettslagsdressar. Laget sponsa kr 250,- pr. del for alle medlemmar. Vi fekk kr 7.500,- frå Brimiland til sponsing av dette, og dei fekk dermed logoen sin på dressen.

Økonomien i laget er god. Før avskriving synte det eit overskot på nesten kr. 100.000,-. Dette på grunn av basarinntekta, ny sponsor samt noko meir i tilskot. Etter avskriving er det eit overskot på ca. kr 23.500,-. Leiar og kasserar har kvar fått utbetalt kr 4000,- i honorar for 2014. I 2013 inngjekk vi ei sponsoravtale med Lom og Skjåk Sparebank som sikrar oss kr 15.000,- i året i 5 år.

Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. I haust hadde vi dugnad og rydda ljosløypa for buskar og kratt. Det vart også rydda noko på dei merka stigane rundt omkring.

Gapahuken vi fekk innvilga midlar til, stod ferdig oppkomen på idrettsplassen i oktober.

Ny heimeside vart lansert den 19. mars, og webansvarleg fell naturleg på Svein Garmo.

Arild og Thomas har hatt ansvaret for idrettsplassen, og den framstår som meget godt vedlikeheldt.

For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne:

Svært bra frammøte på trimkveldane. Ei auke på deltakarar i spesielt step-gruppa, både tysdagar og fredagar.

God aktivitet i fotballgruppa, med 1 lag i serien og deltakarar på dommarkurs.

Godt frammøte på skirenn, det vart heldt eitt renn i ljosløypa, resten på Mån.

Bygdamesterskap vart heldt på Mån i starten av mars. 39 startande med representantar frå dei 3 idrettslaga i Lom.

Idrettsskulen fungerer godt, fyller ut sesongen mellom fotball og ski. Både starta og avslutta året med artige akedagar i Bjørgebakkane.


Populær turorientering! Også travaleg, men det stoppa ikkje folket. 46 stk har vore med. Oppstartstur vart arrangert til Havørju.

2 vellukka fotballturneringer på idrettsplassen i august/september med besøk av lag frå Heidal, Lom, Skjåk og Vågå.

Vi har nokre dyktige utøvarar som representerar Garmo IL på større arrangement.
Ski: Ragnhild Vestad vart nr 2 i klassa si på Ingalåmi, og vann klassa si i Troll Ski Maraton.
Jan Erik Øyen deltok også på Troll Ski Maraton.

Sykkel: Øyvind Svare Odde og Jan Erik Øyen deltok på Klatrerittet mot Rondane der Jan Erik vant dette løpet. Anette Bergheim debuterte i Fredagsbirken med forbruk av god tid, medan Ragnhild Vestad vart «Super Birkebeinar» for 3. året på rad.


Løp/Maraton: Jan Erik Byre sprang halvmaraton på Oslo Maraton, medan Mona Aabakken og Britt Thommasen deltok på 10 km på same arrangement. Ann Kristin Vangberg deltok på KK mila, også dette i Oslo. Jan Erik Øyen deltok på Flækøyhøe opp og vann klassa si.

Medlemstalet var ved årsskiftet 195 medlemmar.


Styret vil takke :

Alle medlemmar for god aktivitet i 2014!

Engasjerte gruppeleiarar og gruppemedlemmar for verdifullt arbeid

Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege til løypekjøring, brøyting og islegging

Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen.

Erland Arnfinn Haugen for god hjelp da vatningsanlegget stagnerte i sumar

Rolv Ivar for flott innsats med gapahuken

Gausdal Landhandleri for ny ryddesag til idrettslaget

Alle som gav eit bidrag til basaren

Brimi land for sponsing i forbindelse med nye dressar

Lom og Skjåk Sparebank 1 for sponsoravtale

Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagssamarbeidet eller støtta laget.



Garmo, mars 2015

Anette Bergheim (leiar)

Inger Helene Solbakken (nestleiar)

Jan Erik Byre

Rolv Ivar Bergdølmo

Arne Bjørgen


0 Kommentar

Seier til Ragnhild i Heimfjellsløpet

Postet av Garmo IL den 10. Mar 2015

Ragnhild Vestad vann Heimfjelløpet 2015 med tida 1.45.31. Resultatliste på gd.no. (Bildet har vi tjuvlånt frå gd.no)




0 Kommentar

Skisportens dag

Postet av Garmo IL den 8. Mar 2015

Ein absolutt knallfin dag for store og små!
Det var 27 startande på skirenn, og etterpå var det servering av pysje, saft og kaffe.

Det kunne meldast om sikkeleg påskestemning i akebakken etter rennet med steikjande sol og kram sjogg. Takk for ein fin dag alle frammøtte!









0 Kommentar

Bygdamesterskap på ski

Postet av Garmo IL den 5. Mar 2015

Bøverdalen IL inviterer til Bygdamesterskap på Raubergstulen laurdag 7.3 – klassisk stil.

Påmelding fram til kl. 1130, rennstart kl. 1200.

Premiutdeling med premiar til alle og servering etter renn.

Ta med godt med klede - det er spådd ruskever!
Reservearena er Runningane.
Evt flytting av renn vil bli kunngjort på facebooksida til Garmo IL laurdagsmorgonen

07.03. 2015 Kl 08.00: Rennet går som planlagt på Raubergstulen!








0 Kommentar

Årsmøtet

Postet av Garmo IL den 3. Mar 2015

Årsmøte

Sakliste til årsmøtet i Garmo IL onsdag 11. mars kl. 19.30 på Barnehagen

1: Godkjenne dei med stemmerett

2: Godkjenne innkallinga og saklista

3: Velje møteleiar, referent og 2 medlemmar til å skrive under protokollen

4: Handsame idrettslaget si årsmelding og gruppeårsmeldingane

5: Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand

6: Handsame forslag og saker.

a)Framlegg frå Kristian Venaas der han ynskjer vedlikehold av armaturene i ljosløypa. Framlegg frå Styret: Styret er klar over att det har vore ein feil i anlegget, men dette er nå retta. Ljosanlegget blir fortløpande vedlikehalde.

b)Framlegg frå Jon Are Fjeld og Frisvoldskogen Velforening der dei forespør GIL om å ta ansvaret for og kostnaden med å etablere ei sandvolleybane på idrettsplassen. Framlegg frå Styret: Styret ser ingen moglegheit til å bidra i arbeidet med etablering av sandvolleybane, da laget alt har mange baner og anlegg som skal vedlikeheldast. Arealet som tidligare har vore stillt til disposisjon til dette formålet kan fortsatt brukast.

c)Isleggingsgruppa teke opp til vurdering etter att gruppa vart oppløyst. Skal denne bestå? Framlegg frå Styret : Styret ynskjer att gruppa skal bestå, og valnemda finn nye personar til å leie gruppa.

d)Svømmegruppa teke opp til vurdering. Framlegg frå Styret: Så lenge svømmehallen i Lom ikkje er i drift er det vanskeleg å ha ei aktiv svømmegruppe. Behovet for ny gruppe vil bli vurdert når svømmehallen er i drift att.

7: Fastsetje medlemskontingenten.

Framlegg frå Styret: Årskontingenten for 2015 blir uendra.

Kr 300 for familiemedlemskap, kr 150 for enkeltmedlemskap og kr 100 for pensjonistar

8: Vedta idrettslaget sitt budsjett

9: Vedta idrettslaget sin organisasjonsplan.

Framlegg frå Styret: Vi beheld organisasjonsplanen som i dag

10: Val

a)Val av leiar og nestleiar. Anette Bergheim er på val som leiar. Inger Helene Solbakken er på val som nestleiar.

b)Val av 3 styremedlemmer. På val er Jan Erik Byre, Arne Bjørgen og Rolv Ivar Bergdølmo.

c)Val av to varamedlemmar til styret. På val er Knut Kjøk og Hanna Hammerdalen

d)Andre val i gruppene: Val av nye medlemmar tilisleggingsgruppa. Arild Løken har sagt frå seg attval. Gruppa er oppløyst.

Val av nytt gruppemedlem i gruppa gang og mosjon. Jan Erik Byre har sagt frå seg attval.

e)Val av 2 revisorar. På val er Mona Aabakken og Elin Odde

f)Val av representantar til Lom Idrettsråd. På val er Knut Kjøk, Jan Erik Byre og Synnøve Bjørgen

g)Val av valkomite, med ein leiar, 2 medlemmar og ein vara til neste årsmøte.



0 Kommentar

Gode skiresultat

Postet av Garmo IL den 2. Mar 2015

Ragnhild Vestad vart nr. 2 i klassa si på årets Furusjøen Rundt med tida 2.46.01. Gudbrand Mo deltok også og fekk tida 2.46.43.
Kjell Ekle har delteke på Søre-Ål runden, og han vart der nr. 18 i klassa si med 2.21.47.







0 Kommentar

Skisportens dag avlyst!

Postet av Garmo IL den 7. Feb 2015

" Ole " er på full fart innover oss, og i følge værmeldinga vil stormen også helde på i morgon søndag. Vi velg derfor å utsetja skisportens dag til ei anna helg. Vi kjem nærare attende med dato!

0 Kommentar

Innebandy

Postet av Garmo IL den 28. Jan 2015

Grunna manglande interesse blir innebandyen torsdagskveldane avvikla

0 Kommentar

Informasjon frå skigruppa

Postet av Garmo IL den 12. Jan 2015

Sesongens fyrste skirenn på Mån hadde 31 startande løpere, kjempebra!


Neste renn blir torsdag 15. januar i eiga ljosløype.

Møt opp ved Klubbhuset på idrettsplassen kl 17.30



Oppmodar dei vaksne til å få på startnummer; gå så langt du vil med eller utan tidtaking !



PÅMELDING FRÅ KL17.30 – 17.45

Fint om alle kan vere på plass til 17.45 slik at vi får klargjort til utdeling av startnummer og

START KL 18.00



-Etter rennet blir det servering av saft og sjokolade



Renn i januar og februar blir torsdager i eiga ljosløype eller på Mån.

-Kuldegrense på – 15 grader.

-Ikkje renn i veke 9, vinterferie.



-Skisportens dag; søndag 8. feburar. Stad og klokkeslett kjem vi attende med.





(Arkivfoto frå eit renn frå nokre år sidan)

Følg med på heimesida/facebook for ny informasjon og ev endringar





VEL MØTT TIL SKIRENN !


0 Kommentar

Stepoppstart

Postet av Garmo IL den 5. Jan 2015

Step'en startar oppatt på nyåret tysdag 6. januar kl 1900. Tysdagskveldane vil det nå bli intervall-step som tek om lag 50 min.

Fredagane kl 1700 vil det bli eit tidlegare brukt step-program - og fredagskveldane er det påmelding (facebook) med minimum 5 deltakarar for at det skal bli noko av.



0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline