Trivleg 60-årsfeiring i Bygdahuset

Postet av Garmo IL den 14. Nov 2016

Omlag 60 personar hadde møtt fram til idrettslaget sin jubileumskveld i Garmo Bygdahus laurdagskvelden. Leiaren i idrettslaget, Ann Kristin Vangberg, ynskte alle velkomne, og takka for frammøtet. Ho informerte om programmet for kvelden, og takka Lom Idrettslag for trivleg blomsterhelsing. Kvelden starta med servering av god suppe og heimbaka focaccia frå Brimi Seter.









Etter maten fortalte Torstein K. Garmo og Svein Garmo om idrettslaget si historie "60 år på 60 minutt". Med Garmo IL si innhaldsrike historie viste det seg at historia slett ikkje lot seg fortelje på 60 minutt...

Svein starta med å fortelje om eit lag som eksisterte i åra før krigen "Vårdalen Idrottslag" som dreiv både med ski og friidrett. I 1938 hadde laget besøk av den olympiske meisteren i boksing frå 1924, Otto Von Porat, som kåserte om sport. Dette laget vart nedlagt med krigsutbrotet.

Midt på 1950-talet vart det danna ein ny klubb, Garmo Sportsklubb, av nokre ungutar med Jan Botten i spissen. Jan hadde skrive ned historien til Garmo Sportsklubb, og Svein las opp det Jan hadde skrive ned. Det var Garmo Sportsklubb som danna grunnlaget for det laget vi har i dag.

Torstein fortalde om historia frå etableringa av laget i 1956 og fram til 1967. Skiidretten var sentral desse åra, og Harald Randen var ein særs viktig person i idrettsmiljøet i Garmo. Han var leiar i 10 år i denne perioden. Ei særs interessant opplysning var at det var Garmo IL og Vårdalen Ungdomslag som tok initiativ til å starte bygginga av Garmo Bygdahus som var ferdig tidleg på 60-talet. Garmo IL kjøpte andelar for kr 10.000 for å kome i gang med bygginga. Det var imponerande så snart etter etableringa av laget.

Svein fortalde så om etableringa av idrettplassen som starta i 1977, og var ferdig midt på 80-talet, og om det som har vore gjort på idrettsplassen sidan.

Torstein tok for seg skiidretten i laget, der vi har hatt stor aktivitet og mange gode resultat heilt fram til nå. Bygging av ljosløypa som var ferdig i 1970 var ein stor milepæl for laget, og førte til auka aktivitet. Torstein viste fram skia han fekk som tolv-åring, og samanlikna med dei skia han brukar i dag. Ein kan godt seie det har vore stor utvikling på utstyrsfronten! Torstein trekte også fram at det var Garmo IL som tok initiativet til skisamarbeidet i Ottadalen (seinare Nord-Gudbrandsdalen), og at vi hadde kurs her med landslagstrenarane Erik Røste og Sindre Bergan.

Svein avslutta med å fortelje om alle dei andre aktivitetane som har vore i laget. Det har vore bra aktivitet innan fotball, med både a-lag på 80-talet og aldersbestemte lag heilt fram til i dag. Friiidrett og stafetten for alle var eit naturleg tema, og sjølvsagt den store aktiviteten innan trim og turorientering som framleis er svært populært.

Det er med denne historien lagt eit godt grunnlag for å kunne få i stand skriftleg dokumentasjon av aktivitetane i Garmo IL dei fyrste 60 åra.

Etter historiegjennomgangen var det klart for mannequinshow. Vi hadde fått samla saman ein del av idrettlagsdraktene vi har hatt gjennom åra, og fekk vist fram dette.

Drakter












Inger













Arne med A-lagsdrakt frå 83/84 (Horten Hus), Inger Helene med dress frå 2005 (design 1993), og t-skjorte frå stafetten for alle, Johanne med miniputtdrakt frå 90-talet, Stig med bortedrakt for A-laget 83/84, Marius med miniputtdrakt 2005, Anette med dressen vi brukar i dag (design 2009), Sigrid med miniputtdrakt 1987, Svein med langrennsdress og lue 2010, Rolv Ivar med A-lagsdrakt (Tor Holø) 83/84, Jan Erik med sykkeldrakt 2010, Ann Kristin med langrennsdress frå 90-talet.

Etter denne framsyninga var det utdeling av premiar frå turorienteringa, før idrettskulen hadde konkurranse der nokre heldige deltakarar skulle stappe så mange marsmallows som mogleg i kjeften og seie Chubby Bunny. Dei to som stod att til slutt var Svein Garmo og leiaren av Lom Idrettslag, Stig Roar Mandal. Lom IL sin leiar gjekk til slutt av med sigeren. Kvelden vart avslutta med kaffe og gode kaker frå Brimi Seter.

Takk til alle som møtte fram og gjorde dette til ein triveleg kveld!


0 Kommentar

Oppstart turorientering måndag 13. juni.

Postet av Garmo IL den 12. Jun 2016

Det er oppstart for turorienteringssesongen måndag 13. juni med fellestur til Eklehaugen. Vi møtest kl 1800 på Eklehaugen! Det blir utdeling av kart og klyppekort.

Bildet frå oppstartturen til Kronrøyse i 2014 - vi håpar det blir like mange som blir med denne gongen!



0 Kommentar

Birkebeinerløpet

Postet av Garmo IL den 12. Jun 2016

Ann-Kristin Vangberg deltok på Birkebeinerløpet, halvmaratondistansen. Ho fullførte løpet på 2.17.54. Flott gjennomført av idrettslagsleiaren! (Bildet er stole frå Ann-Kristin sin facebookprofil)


0 Kommentar

Glittertindturen

Postet av Garmo IL den 2. Jun 2016

Turen til Glittertind som var planlagt sundag er inntil vidare avlyst. Vegen er oppbrøytt, men det er eit par store kjøvingar som gjer at vegen ikkje er kjørbar med vanleg bil. Det er også tette stikkrenner under desse kjøvingane. I flg Knut på Glitterheim er det lite truleg at vegen vil bli godt kjørbar til helga.

Får vi nye opplysningar om vegen (og vermeldinga held seg like fin) kan det hende det blir tur likevel! Følg med på facebook.

Vi vil også vurdere å ta turen seinare i juni, dersom ikkje all snøen i Gråsubekken har smelta bort.


0 Kommentar

Tur til Glittertind

Postet av Garmo IL den 26. Mai 2016

Dersom Veodalsvegen blir brøytt og veret blir bra vil vi prøve å få til ein skitur til Glittertind sundag 5. juni. Vi møtest ved Veodalsbommen kl 10 og syklar 3 km innover Veodalen til Gråsubekken. Frå der går vi opp langs bekken på ski mot Gråsubrean, kryssar den og vidare mot toppen. Vi reknar 3,5 - 4 timar til toppen.

Det er ein fordel med fjellski (evt randonee), og ein må ha feller. (Helst langfeller)

Knut på Glitterheim sa at dei truleg ikkje ville starte å brøyte vegen før i starten av juni, så vi må ta eit godt atterhald om at vegen er ope. Skal ein på skitur om sommaren må ein også ha skikkeleg finver, så om dei ikkje spår mykje sol set vi ut turen til seinare. Følg med på heimesida og facebook for oppdateringar, og ta kontakt med Svein (90937456) dersom du er interessert i å vere med eller om du har spørsmål til turen.





0 Kommentar

Ny leiar i Garmo IL

Postet av Garmo IL den 15. Mar 2016

På årsmøtet i går kveld var Ann Kristin Vangberg vald som ny leiar i Garmo Idrettslag etter Anette Bergheim som ikkje ynskte attval. Anette tek plass som styremedlem etter Arne Bjørgen som også takka nei til attval. Styret i idrettslaget består nå av Ann Kristin Vangberg (leiar), Inger Helene Solbakken (nestleiar), Rolv Ivar Bergdølmo, Jan Erik Byre og Anette Bergheim.

Synnøve Bjørgen gjekk av som leiar i skigruppa etter mange år. Der blir ny leiar bestemt seinare.

Idrettslaget rettar ein stor takk til Anette for den gode jobben ho har gjort som leiar, og til Arne for god innsats i styret. Samstundes må vi takke Synnøve for den gode jobben i skigruppa, og vi ynskjer Ann Kristin lykke til som leiar i laget i jubileumsåret!


0 Kommentar

Innebandy onsdagar kl 19.30

Postet av Garmo IL den 13. Jan 2016

I tillegg til fotball på torsdagar, ynskjer nå herretrimmen å starte opp med innebandy på onsdagar også.

Avhengig om det er allidrett i forkant eller ikkje, så vil bandyen starte opp ca kl 19.30/19.45.


Dette blir ei herretrim gruppe der også kvinnfolk kan delta presiserer gruppa!


Vel møtt!





0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline