Fellestur sundag 3. september

Postet av Garmo IL den 30. Aug 2017

Sundag 3. september inviterar turgruppa på ei kulturhistorisk vandring i Heimfjellet. Reidar Marstein er turleiar, og vi går frå Smørlie og opp på nordsida av Nedre Grjotåe. Vidare innover Grjotåflye og gjennom Herbergshøskaret, frå der sørover til Grjotåskaret og nedatt til Smørlie.

Vi håpar at mange vil bli med oss på denne turen, dette er eit flott høve for mange til å oppdage nye og spennande delar av Heimfjellet!

Vi går frå Smørlie kl 0930. Ta med niste og klede for å vere ein heil dag ute i fjellet. Det er ikkje påmelding, men gje gjerne beskjed på facebooksida til Garmo IL om du vil vere med.


0 Kommentar

Oppdatert Høgkolliste

Postet av Garmo IL den 15. Feb 2017

Høgkollista med turar pr 21. mai 2016 er oppdatert. Dersom du meiner det er noko som ikkje stemmer ta kontakt med turgruppa v/ Unni Svare Odde eller send mail til info@garmo-il.com


0 Kommentar

Levert avIdrettenOnline