Trekking av premiar på turorienteringa

Postet av Garmo IL den 21. Nov 2018

Vi fekk inn 36 kort etter turorienteringa for i sommar, og vinnarane vart:

Emrik Fjeld - gavekort på 1000 kr på Fjell og Fritid

Inger Helene Solbakken - gavekort på 1000 kr på Fjell og Fritid

Andrea Lyngved - Bjørn Dæhlie sekk - gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Anne Karin Lyngved - Sekk - gåve frå Norgesfor Ottadalen

Rolv Odde - Drikkebelte - gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Synnøve Bjørgen - Huve - gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Torgrim Langøygard - Camelback drikkeflaske - gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Bjørg Åse Bakken - Huve - gåve frå Norgesfor Ottadalen

Emil Fjeld - Buff - gåve frå Norgesfor Ottadalen


Torgrim Langøygard, Ane Bjørgen, Iver Bjørgen, Jo Bjørgen og Grethe Fjeld får 5-års krus. 

Vi takkar alle som har delteke på turorienteringa, premiane vil bli utdelt med det fyrste.



0 Kommentar

Garmo IL på pallen!

Postet av Garmo IL den 18. Sep 2018

Karin Sveine vart nr 2 på Oslo Maraton i klassa Racing Rullestol med tida 44:17, og Garmo IL fekk med dette ein på pallen i dette store arrangementet. Det var også imponerande innsats av dei to andre deltakarane frå Garmo IL, Jan Erik Byre sprang halvmaraton på 1:45:00 og Ann-Kristin Vangberg på 2:20:32.


0 Kommentar

Fin fjelltur

Postet av Garmo IL den 17. Sep 2018

Det var ikkje mange som stilte opp til fellestur til Sjugurdsjøpiggen sundag, men vi tre som tok i vegen fekk ein triveleg og fin tur. Vi gjekk frå Sallia, og gjekk fyrst innover mot Sjugurdsjøen etter god stig. Like før vi var oppe ved Sjugurdsjøen ved skoggrensa gjekk vi av stigen og opp fjellsida mot Sjugurdsjøpiggen. Høgdemetra kom fort her, men det er enkelt og fint både å gå og å finne fram oppover. 

Det var fint og godt haustver og nesten ikkje vind, så vi måtte legge jakkene i sekken på tur opp bakkane der. Etter kvart som vi vann høgdemeter fekk vi flottare og flottare utsikt. Fyrst over mot ein snøkledd Nautgardstind, og etterkvart mot Glittertind og Besshøe. Litt lengre opp fekk vi utsikt mot Murudalen og dei fine Refjellsvatna, og når vi kom opp på ryggen var det flott utsikt mot Tesse og områda rundt der. Vi høyrde ein del skot i området, så det er nok truleg at det var mange tilfredse rypjegerar der denne dagen.

Vel framme på toppen på 1674 moh tok vi ei god pause med niste og studering av utsikt før vi gjekk nedatt. 

Vi brukte 4 timar totalt på turen, som var litt over ei mil lang.

 Litt surt på toppen, vi ser Tesse i bakgrunnen.Mot ein snøkledd Glittertind

Sjodalen




0 Kommentar

Bli med på fellestur til Trollsteinen og Trollsteinskvølven

Postet av Garmo IL den 28. Aug 2018

Bli med turgruppa med Reidar Marstein som turleiar på tur til Trollsteinen og Trollsteinskvølven sundag den 9. september! I dette området henta Vera Henriksen mykje av inspirasjonen til det 5-bind store bokverket frå mellomalderen. Dette er ein grei tur som vil passe for dei fleste. Frå starten ved bommen i Veodalen og fram til Trollsteinen er det omlag 450 høgdemeter.

Trollsteinen

For samkjøring møtest vi ved Hesthagen kl 0830, start frå bommen i Veodalen kl 0930. Ta med mat, drikke og godt med klede for å vere ute i fjellet ein heil haustdag! 

Påmelding på facebook, eller på tlf/sms til Reidar Marstein 99713252 seinast fredag 7.9. kl 2000

Trollsteinskvølven med Glittertinden i bakgrunnen.


0 Kommentar

Fellestur 9. september

Postet av Garmo IL den 10. Aug 2018

Turgruppa arrangerar fellestur sundag 9. september. I år vil Reidar Marstein ta oss med inn til Trollsteinen i Trollsteinskvelven som ligg mellom Veodalen og Visdalen. 

Trollsteinen er kjend frå Vera Henriksen sine bøker, og har også gjeve namn til den fyrste romanen i 5 binds-serien ho ga ut tidleg på 70-talet. 


Turen går frå bommen i Veodalen, og dette er ein familietur som passar for dei fleste. Vi kjem attende med meir praktisk informasjon, men sett av datoen! 

Her er bilde frå den flotte fellesturen vi hadde i fjor


0 Kommentar

Fin fellestur

Postet av Garmo IL den 27. Jun 2018

Nesten 30 deltakarar deltok på oppstartsturen for turorienteringa måndagskvelden. Vi møttest i Synslia og flygte merkt stig innover mot Krossdalen. Ein del av følget gjekk oppom post 18 på Rognhøe, medan resten gjekk direkte på Oksle. Det var godt og varmt shortsver, sjølv om vinden tok godt. Mange av dei som ikkje var på Rognhøe fyrst var innom der på tur nedatt. 

Turen gjekk i fint og lettgått turterreng. Takk til Unni og Rolv Odde som var lokalkjente turleiarar - og Rolv feira faktisk 67-årsdagen sin på denne turen. 

For å komme på Oksle og Rognhøe tek du opp til venstre her, og så fyrste stikkveg til venstre att. (Du kan også parkere å gå frå her - det er ikkje langt)

Det var strid vind på toppen av Oksle.

Det var fint å gøyme seg litt for vinden på toppen.


0 Kommentar

Oppstartstur - turorientering

Postet av Garmo IL den 21. Jun 2018

Dei fleste er kanskje godt i gang med turorienteringa, så da er det på tide med oppstartstur. 

Dette blir måndag 25. juni til post 17 - Oksle. Unni og Rolv Odde er turleiarar. Vi møtest ved møteplassen i Synslia kl 1800, så går vi i følgje frå der. Dei som vil kan også gå til post 18 - Rognhøe.  Vermeldinga er fin, så vi håpar mange vel å bli med på denne turen. For mange er dette litt ukjent område, så da er det fint å kunne gå i følgje med kjentmenn. 

Hugs å hente kart og klyppekort i Skogheim før turen! 




0 Kommentar

Knallfin Garmo-il t-skjorte og shorts!

Postet av Garmo IL den 11. Jun 2018

Vi har fått tilbod på t-skjorte og shorts i god teknisk kvalitet frå Trimtex. Pris kr 499 pr sett. Bestill så snart som råd (innan 20. juni) hjå Ann-Kristin Vangberg på post@garmo-il.com eller 97530101. Gje beskjed om str, og dame eller herre. Vi må ha bestilling på 10 sett før vi kan få bestilt. 

Du kan også bestille berre t-skjorte (299) eller shorts/kort tights (200)


Dersom det blir nok bestillingar kan vi også ta opp bestilling på dressar. Prisar:

Jakke kr 999 (jr. kr 749)

Bukse kr 899 (jr kr 674)


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline