Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 19. Des 2019

Turgruppa held juletrimlotteri. Alle som besøkjer turpostkassene og skriv namnet sitt i turbøkene er med på trekning av premiar.

Dette får føre seg frå  laurdag 21. desember til og med sundag 5. januar, og dersom du skriv namnet ditt i bøkene på Høgkollen eller Eklehaugen får du 3 lodd. Skriv du namnet ditt i bøkene ved Byresetra, ved Sandom eller i "Køyllaløypa" (Skogsvegen mellom Frisvoldskogen og Lågkollen) får du 1 lodd. Du kan få maksimalt 3 lodd pr dag.

Dess fleire turar du går dess fleire lodd får du - og dei meir krevjande turane gjev størst vinnarsjanse!

Vi håpar mange vil ut på trim - og vi trekkjer 3 gavekort på kr 500 til heldige og spreke vinnarar!

God tur!


0 Kommentar

Trekning på turorienteringa

Postet av Garmo IL den 28. Nov 2019

Vi har trekt premiar for turorienteringssesongen. Det var 30 som hadde levert inn kort, 5 av desse var under 12 år. Desse vann premiar:

Emrik Fjeld - gavekort på 1000 kr på Sport 1

Johanne Langøygard - gavekort på 1000 kr på Sport 1

Sigrunn Odde - Huve, gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Simen Bjørgen - Camelback drikkeflaske frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Tor Holø - Camelback drikkeflaske frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Grethe Fjeld - Sekk frå Norgesfor Ottadalen

Anne Karin Lyngved - Hugulykt frå Norgesfor Ottadalen

Kari Langøygard - Huve frå Norgesfor Ottadalen

Unni S Odde - Refleksvest frå Norgesfor Ottadalen

Emil, Imre, Emrik og Jon Are Fjeld får 5-års kruset.

Vi takkar sponsorar som har gjeve premiar, Skogheim som har delt ut kart og alle deltakarar! 

Kom gjerne med idear til turar for neste år.





0 Kommentar

Høgfjellstrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 30. Sep 2019



Det var i alt 16 personar som fekk lodd på høgfjellstrimlotteriet, og vinnaren vart Inger Helene Solbakken som får eit gavekort på Brimi Fjellstugu.

0 Kommentar

Bli med til klatreparken!

Postet av Garmo IL den 10. Sep 2019

Bli med Garmo IL høgt opp i trea i Brimiskogen Klatrepark laurdag 28.september kl 1200. Klatreparken har 5 ulike løyper med ulik vanskegrad, og alle vil nok finne ei løype som som passar for seg! Her blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke, men på ein veldig leikande og artig måte. 

Vi håpar at mange vil nytte høvet til å bli med på eit fellesarrangement med idrettslaget. Arrangementet er gratis for medlemmar i Garmo IL. (Kr 225/kr 250) om du ikkje er medlem. 

Vi må ha minst 15 påmeldte.

Påmelding til Ann-Kristin på post@garmo-il.com eller telefon 97530101 seinast 25. september


0 Kommentar

Garmo IL-dressar

Postet av Garmo IL den 10. Sep 2019

Vi tek no opp bestilling på nye Garmo IL-dressar av same type som før frå Trimtex. Vi tilbyr god medlemspris, kr. 649 for jakke og kr. 489 for bukse. Dersom vi får over 10 bestillingar blir det 10% ekstra rabatt! 

Dressar kan bestillast hjå Ann-Kristin på post@garmo-il.com eller tlf 97530101.

Siste frist: 25. september! 


0 Kommentar

Fellestur

Postet av Garmo IL den 4. Aug 2019



Det blir fellestur i hop med Dnt Gudbrandsdalen til Trollsteinen i Trollsteinskvølven den 7. september. Turleiar er Reidar Marstein. Frammøte ved bommen i Veodale kl 1000.

0 Kommentar

Garmo IL - dressar

Postet av Garmo IL den 8. Jul 2019

Er det interesse for å bestille nye Garmo IL dressar? Ta kontakt med Ann Kristin post@garmo-il.com så ser vi om det blir stor nok interesse for å ta opp bestilling. Vi undersøkjer pris.


0 Kommentar

Høgfjellstrimlotteri

Postet av Garmo IL den 8. Jul 2019

Turgruppa inviterar alle til å ta lodd på Høgfjellstrimlotteriet! Alle som skriv namnet sitt i turbøkene  på Gråvåhøe og Tessefjellet i juli og august er med i trekning om middag for to personar på Brimi Fjellstugu. For å få lodd må du ha vore på båe plassane, og kvar person kan få berre eitt lodd kvar. 



0 Kommentar

Turorientering

Postet av Garmo IL den 8. Jul 2019

Det er klart for ny sesong med turorientering. Kart og klyppekort får dykk på Skogeheim Kafe.



0 Kommentar

Trekning vintertrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 15. Jan 2019

Vintertrimlotteriet er nå avslutta. Det vart delt ut 792 lodd frå 1. desember til 6. januar.  441 lodd var utdelt på Høgkollen, 108 i Kollaløypa, 102 på Storskardet, 56 ved Byrsetra, 46 ved Sandom og 39 på Eklehaugen. 

Reidar Marstein hadde flest lodd med 77, Synnøve Bjørgen hadde 56 og Unni Svare Odde 49. 

Den mest populære trimdagen var den 29. desember, da vart det utdelt heile 49 lodd.

Reidar Marstein, Jan Erik Byre og Ingrid Ødegård vart trekt ut som vinnarar av kvar sitt gavekort på kr 500. Mari Bjørgen vann ekstrapremien som er eit drikkebelte gjeve av SpareBank 1 Lom og Skjåk. 

Turgruppa takkar alle som har delteke! 


0 Kommentar

Levert av IdrettenOnline