Dugnad 25. september

Postet av Garmo IL den 26. Aug 2021

Garmo Idrettslag og Velforeninga i byggefeltet inviterar til dugnad på idrettsplassen og området rundt den 25. september. Vi møter opp kl 10 på idrettsplassen for ein kaffekopp og gjennomgang av kva som må gjerast. 

Vi skal rydde i området rundt idrettsplassen og få vekk noko tre og buskar m.a. Har du hekksaks e.l. er det fint om du tek med deg det. 

Ha på arbeidshanskar, vi treng folk til å vere med å bere vekk det som blir teke ned.

Vi satsar på litt sosialt med grilling på bålpanna i løpet av dagen.



Fellesturen avlyst

Postet av Garmo IL den 21. Aug 2021

Fellesturen til Kvitingskjølen avlyst pga liten interesse.


Vil du bli med på Holmenkollstafetten?

Postet av Garmo IL den 20. Aug 2021

Garmo IL vil stille lag i Holmenkollstafetten 14. mai 2022. 

Laget skal vere eit mosjonslag for båe kjønn. Det er ingen store ambisjonar om seier eller rekord, her er det plass til alle. Hovudmålet er å ha det morosamt. Vi stiller i klasse FH, slik at rullestolbrukarar kan stille. 

Det er 15 etapper. 

Dersom du har lyst til å bli med;  meld deg på til Oddrun Mo på tlf/sms 41567940




Fellestur til Kvitingskjølen

Postet av Garmo IL den 18. Aug 2021


Turgruppa inviterar til fellestur til Kvitingskjølen frå Smørlie sundag 22.8. Turen er 8-9 km kvar veg, og det stig omlag 1000 høgdemeter. Vi bør rekne 7-8 timar tur/retur. Vi vil ha fint ver, så vi tek atterhald om at vi får det, og om at det blir nok påmeldte. Vi møtest i Smørlie (ved setra til Nørdre Odde) kl 0900. Påmelding til Svein på 90937456 seinast laurdag kl 16.