40 år sidan Garmo Idrettslag starta A-lag i fotball

Postet av Garmo IL den 9. Apr 2023

Vinteren 1983 var det ein gjeng ivrige eldsjeler som starta opp med fotballtrening med tanke på å melde på lag i 6. divisjon. Roar Eriksen var trenar og Erland Haugen var oppmann for dette historiske laget fyrste sesongen.  Som vi veit vart det med 2 sesongar med A-lag for Garmo IL.

Geir Eriksen har teke vare på alle avisutklypp om laget frå denne tida, og har også skrive ned alle lagoppstillingane. Geir gav bort dette verdifulle utklyppsarkviet til idrettslaget nå i vinter, og vi vil utover året dele litt av det som er samla. Tusen takk til Geir som har sett den historiske verdien i dette og har teke vare på desse utklyppa! 

Her er artikkel frå Gudbrandsdølen den 9.4.1983 - 40 år sidan i dag

På bildet, bak frå venstre: Roar Eriksen, Stein Ivar Bakke, Kjell Svaet, Pål Egil Runningen, Ola Kvålshagen, Anders Haugen, Ole Kristian Larsen, Kjell Ekle, Terje Lunna, Erland Haugen. Framme frå venstre: Jan Ekle, Ottar Garmo, Roar Kvåle, Geir Eriksen, Morten Teigen, Tore Sveen, Georg Sole. (Ber om attendemelding dersom noko er feil her) 


Som journalist R.T.M. (Rolf Tore Mundal?) skriv så spelte laget privatkampar i vinterserien i Lom på den heilt nye kunstgrasbana. Her er laga som vart nytta i dei kampane 



Tek også med eit notat Geir har gjort, like etter at sesongen har starta og flerie treningskampar er gjennomført, og etter at Garmo Skule sitt lag i Dagning-cupen har spelt fyrste runde





Triveleg familiedag på Soleggen

Postet av Garmo IL den 2. Apr 2023

Det var strålande ver og godt frammøte da Garmo IL og Soleggen Fjellstue skipa til aktivitetsdag for heile familien palmesundag. Soleggen Fjellstue hadde laga til ei artig rebusløype på ski med både spørsmål og aktivitetar. Dei hadde også fyra opp bål og spanderte pølser, vaflar, kaffe og varm saft til dei som ville ha.

 Maria Nilsen frå Trondheim er på påskeferie i Sjårdalen og kosa seg med å måle påskeegg

 

I tillegg til rebusløypa var det måling av påskeegg, aking, hopping og å ha det triveleg i påskesola i godt selskap. Alle som deltok på familiedagen fekk premie sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk #fjellbanken

Takk til alle som møtte opp - og til Soleggen Fjellstue for eit særs så triveleg arrangement!