Vintertrimlotteriet

Postet av Svein Garmo den 14. Jan 2018

Det vart delt ut 729 lodd i vintertrimlotteriet til turgruppa. Det vart delt ut 44 lodd ved Byrsetra, 150 på Eklehaugen, 327 på Høgkollen, 159 i Køyllaløypa, 34 ved Sandom og 15 på Storskardet. Det flotte vinterføret gjorde at det var mange som trimma både på ski og føtene.

Unni Svare Odde hadde flest lodd i dette lotteriet med heile 84 lodd.

Det har vore trekning på premiar. Unni Svare Odde, Jan Christensen og Jon Are Fjeld vann kvar sitt gavekort på Sport 1 på 300 kroner. Live Myrhaug vann ei huve gjeve av SpareBank 1 Lom og Skjåk. Premiane vil bli delt ut i løpet av dei fyrste dagane.

Live Myrhaug vann ei slik huve på vintertrimlotteriet

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline