Nytt trimtilbod - gågruppe

Postet av Garmo IL den 22. Mai 2014

Ole Rune startar opp med eit nytt trimtilbod frå fyrstkommande mondag (26.mai). Dette blir ei gågruppe der den som ynskjer å gå tur saman med andre kan møte på Garmo Skule mondagskveldane kl 1900. Å gå på tur er fin trim som passar for alle - og dersom ein er fleire i lag vil dette også kunne vere sosialt og motiverande. Frisk luft og fin natur får ein med på kjøpet!

Vi håpar mange vil bli med på dette nye tilbodet!

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.