Triveleg fellestur

Postet av Garmo IL den 15. Nov 2020

Vi var 9 deltakarar som møttest ved Heggerusten klare for fellestur førre sundag. Veret var fint, snøen hadde reist langt til fjells og det vart turt og fint å gå.

I gamle dagar var det omkring 35 bruk i denne delen av Nordherad. Stiane mellom desse bruka er godt vedlikehalde og merka, og det er også sett opp informasjonstavler ved fleire av desse bruka som gjer at turen blir enno meir interessant. På den tida var det visstnok heilt snautt for skog i denne lia. Alt som fanst var nytta.

Vi gjekk fyrst opp til Flåten. Dette bruket besøkte også Garmo IL på fellestur for nokre år sidan. Vågå Historielag har lagt ned eit stort arbeid med å restaurere husa her. Turen gjekk vidare oppover og vi svinga austover mot Nedre og Øvre Kleive. Denne stien er veldig fin med flotte og imponerande murar.

Frå Kleive gjekk vi vidare opp til Tassmyrhaugen, som nok er mest kjend for at den kjende treskjeraren Anders Tassmyrhaugen budde her. På sine eldre dagar flytte Anders over elva, der han bygde opp ein ny heim han kalla Svastugu. Vi var innom og såg på tomta etter denne stugu før vi gjekk vidare oppover til Nørdre Nistingen. 

Dette er ei lita setergrend, med 3 setrer. Det står også ein stor varde der med stigtrinn som gjer det mogleg å klatre til topps på den.  Vi tok oss ei god matpause ved Ulsandsetra og nytte det gode veret og den fine utsikta. 

Vi gjekk nedatt gjennom skogen til Kleiven att, og vidare nedover til Grevrusten. Vi stoppa der og så på dei voldsomme murane under ein del av husa der. Vi gjekk vidare nedover forbi Skreppholet og Kattholet før vi var nede ved bilane att.

Når ein går ein slik tur er det veldig rart å tenkje på kva for slet og strev dei hadde dei som rydda seg jord og bygde seg hus på slike plassar, slik at dei kunne ha nokre få husdyr, litt korn og litt poteter. 

Takk til alle som deltok på denne turen, og gjorde dette til ein triveleg og interessant turdag.



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline