Populært med step

Postet av Garmo IL den 30. Sep 2014

Step har vore av dei mest populære aktivitetane til Garmo IL dei seinare åra. To kveldar i veka i frå haust til vår er gymsalen fyllt med spreke stepparar. Mona Aabakken gjer ein kjempegod jobb med å vere instruktør, og denne aktiviteten har ført til at idrettslaget har fått mange nye medlemmar også frå utanfor Garmo. Stepkveldane blir avslutta med ei god økt med styrketrening.

Bildet er frå økta i kveld der om lag 20 damer - og ein einsleg kar deltok.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.