SKIRENN 2016

Postet av Ann-Kristin Vangberg den 8. Jan 2016

Frå veke 2 blir det skirenn onsdager. Fyrste renn blir på Mån, onsdag 13.01.
Påmelding frå kl 17.30-17.45. Start kl 18.00

Rekk du ikkje møte opp til påmelding, send ein sms innan kl 17.45
til Synnøve; 91712162 el Arne 40407075


Renna framover blir på Mån. Det blir køyrt løype i ljosløypa i Garmo så snart det
kjem nok sjogg til det.


For å delta på renna må du vera medlem i Garmo il. Ingen startkontigent utover
dette.


Tidtaking, men tidene blir ikkje publisert. (du kan få vete di eiga tid, men ikkje spør etter denne før alle har kome i mål)

Eiga trimklasse; Gå så langt du vil med eller utan tidtaking



Kuldgrensa er -15 Følg med på heimesida; www.garmo-il.com
Det blir ikkje renn i vinterferien og påskeferien



BYGDAMESTERSKAP
21.02.16. Arrangør Lom il



SKISPORTENSDAG OG KLUBBMESTERSKAP
Søndag 13.03.
Meir info kjem



GRANNEKARUSELLRENN.
Desse renna blir arrangert i nabokommunene våre. Renna er opne for løpere frå f.2008
og oppover. Garmo il betaler startkontigent for dei som ev vil delta.


Vi håpa på like stor deltaking i år som tidlegare.

Vel møtt :)


Kommentarer

  • Ann-Kristin Vangberg

    Minner om skirenn i kveld 20.januar. send sms om du er seint ute. Send til Synnøve eller Ann-Kristin.

    20 januar 2016

Logg inn for å skrive en kommentar.