17. mai feiring i Garmo i år?

Postet av Anette Bergheim den 10. Feb 2016

Oppdatering 3. mars:

Det er er nokre få personar som har meldt si interesse med å være med å hjelpe til med arrangering av 17. mai. Men det er fortsatt ingen som har sagt seg villig til å være ansvarleg dessverre.

Vi treng ein person som kan stille på møte i 17. mai komiteen i Lom den 11. mars kl 15. Dette er fyrste steg i å få til ei eventuell feiring i Garmo i år.



Er det ikkje eit fint syn? 17. mai toget i vår eiga bygd. Toget som har gått den 17. mai i generasjoner. Ynskjer du at toget skal fortsetja å gå, er bygda avhengig av deg!

Sidan FAU ikkje ynskjer å være ansvarlege for 17. mai feiring i grenda vår i år, så ynskjer vi i Garmo idrettslag likevel få sett på moglegheitene for å få til ei feiring.

Vi ynskjer att friviljuge tek kontakt med oss, så det blir danna ein 17. mai komité som kan sjå på moglegheitane.

Ta kontakt med Anette på tlf: 99041299 eller på epost post@garmo-il.com så snart som råd.






Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.