Alt klart for turorienteringssesongen
Postet av Garmo IL den 21. Jun 2021
Nå har vi plassert ut alle postane for turorienteringssesongen 2021, det er 17 postar i alt. Kart og klyppekort finn du i ei postkasse på veggen på lageret på idrettsplassen. Vi brukar bokstavkoder også i år, så i staden for å klyppe i kortet kan du skrive på koda på kortet. Lever kortet til Svein Garmo innan 15. oktober (evt send bokstavkodene på e-post til sveigarm@online.no) så er du med i trekning av premiar. Vaksne må ha 14 bokstavar, medan born og pensjonistar tek så mange postar dei vil.
Du kan også laste ned kart og kort her;
God tur!
Klart for tjuvstart for turorienteringa
Postet av Garmo IL den 9. Jun 2021
Vi er i full gang med å legge ut postane for turorienteringssesongen. Kart og kort blir ikkje i orden før omkring St.Hans, men mange av postane er ute og klare for å få besøk. Vi brukar bokstavkoder i staden for klyper også denne sesongen, så om du ynskjer å starte så kan du skrive ned nr og bokstav på posten (evt ta bilde), og så føre det på kortet når alt er klart. Da får de også nærare skildring av turane. Postar som er klare:
2 stk på Veslvassfjellet, ein ved skiltet og ein under ein stein nesten heilt på søre enden
1 på ei tømmerkoie nedanfor Krosstjøynn (i Kampåm) Følg skogsveg ned frå Krosstjøynn.
1 ved Gjesingvatnet, følg merking frå posten ovanfor.
1 på Raudberget
1 på Skårådalsberget
1 på Steinen i Lia
Interessant og triveleg fellestur
Postet av Garmo IL den 7. Jun 2021
Vi hadde ein interessant og triveleg fellestur i fint sommarver førre veke. Vi var 14 deltakarar som møtte opp i Mo, og starta turen innover Moagrenda. Turen gjekk oppover i skogen, før vi gjekk nordover til Gamelsetra. Dette var gammal seter tilhøyrande Graffer. Ein kan såvidt sjå restar etter hustoftene der.
Frå Gamelsetra fann vi eit råk som gjekk nedover til ein skogsveg, der svinga vi vidare nordover i retning Svarva til vi kom til Nysetra. Som namnet seier er dette ein nyare seterstul som også tilhøyrde Graffer. Der ser ein restar etter gamle murar, og ein finn også vangar og århella av peisen.
Vi gjekk skogsvegen nedoveratt i retning Haug og vidare langs Vulu attende til Mo.
Dette var ein interessant tur i eit område som er lite kjent for mange som var med på turen. Den gode deltakinga og det flotte sommarveret gjorde at dette var ekstra triveleg.