Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 19. Des 2022

Turgruppa inviterar til juletrimlotteri. 

Jula er tida for mykje god mat, og det kan vere godt å ta ein trimtur ein gong i blant for å gjere plass til meire mat. Trimgruppa ynskjer å motivere til trim, og inviterar til juletrimlotteri.

Alle som besøker turmåla på Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Storskardet, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 24.12.22 til og med sundag 1. januar 2023 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar. 

Dei som  vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til svein.garmo@hotmail.com eller sms til 90937456. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast tysdag 3. januar.

Du får to lodd ved å besøke Storskardet, Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag.





Julegrantenning

Postet av Garmo IL den 21. Nov 2022

Idrettslaget og Frisvoldskogen Vel inviterer til Julegrantenning på idrettsplassen torsdag 1.desember kl 18. Det blir servering av gløgg og pepperkaker. Om du har eit instrument og vil bidra med litt musikk er det flott. Vi håpar på litt allsang, slik at vi kan synge eit par julesongar i lag.




Turorientering

Postet av Garmo IL den 18. Nov 2022

Det var 27 som leverte kort etter turorienteringssesongen, av desse var 6 under 12 år. I kveld har vi trekt premiane og vinnarane vart;

Rønnaug Mo og Rolv Odde vann kvart sitt gavekort på 1000 kr (Det eine av gavekorta blir trekt mellom dei som er 12 år og yngre)

Oda og Ida Sætrom Steinehaugen vann kvart sitt løpesett med shorts og t-skjorte frå Garmo IL

Hanna Hammerdalen, Ragnhild Svare Odde, Svein Garmo og Jon Are Fjeld vann kvar si Garmo-IL t-skjorte.

Sigrid Sætrom Steinehaugen vann ein bag frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Malli Stokke, Jorunn Mo, Mona Thomassen, Emrik Fjeld, Unni Svare Odde, Anne Kari Christensen og Asbjørn Myrhaug vann kvar si huve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk. 

Live Myrhaug får 5-års krus.

Vi takkar alle som har delteke - og vi satsar på trimlotteri i romjula!




New York Maraton

Postet av Garmo IL den 7. Nov 2022



Gratulerer til Ann-Kristin og Karin som i seint i går kveld norsk tid fullførte New York Maraton! Dei melder om at dei er veldig tilfredse, og om eit enormt folkeliv iangs løypa.


Flott innsats og klasseseier på Oslo Maraton

Postet av Garmo IL den 23. Sep 2022

Garmo IL hadde 3 deltakarar på Oslo Maraton. 

Karin Svein vann klasse 10 km rullestol med tida 53.40. Dagmar Laingen vart nr 17 på halvmaraton med tida 1.40.11 og Ann-Kristin Vangberg vart nr 161 på halvmaraton med tida 2.07.40

Flott innsats av desse tre, og verkeleg artig at Garmo IL markerar seg på eit slik stort arrangement.

Ann-Kristin i fint driv

 



Dei siste postane er ute

Postet av Garmo IL den 25. Jun 2022



Dei 3 siste postane for turorienteringssesongen er lagt ut. Det er 2 på dei to toppunkta på Liaberget og ein på Saukampen. Postane ligg verhardt til, så vi håpar dei ikkje bles burt. Det er fint å ta alle tre på ein tur, omlag 12 km.


Klart for turorientering

Postet av Garmo IL den 16. Jun 2022

Nå er det klart for å starte turorienteringssesongen for fullt. De finn kart og klyppekort i postkassa på lagerbygget på idrettsplassen. Vi besøkjer eit par nye område denne sesongen; ved Lemonsjøen og i søre Lia. I tillegg er det nye postar på Liaberget ved Sylvetjønne. Resten av postane er kjente postar frå tidlegare år. 

Postane 18,19 og 20 er ikkje lagt ut enno, det går nok eit par veker før desse er ute. Det er også att ein del snø ved Gjerdingstønna, så det kan vere lurt å vente litt før de besøker postane i det området. 

Gje beskjed til turgruppa om de meiner postane har blåse bort. 

God turorienteringssesong! 



Nå kan du tjuvstarte på turorienteringa

Postet av Garmo IL den 1. Jun 2022

Vi er godt i gang med å legge ut postar til turorienteringssesongen. Det blir nokre postar i fjellet som vi ikkje her fått ut, så det vil ta eit par, tre veker før vi er klare med kart og klyppekort. 

Det blir likevel høve til å tjuvstarte med 10 postar for dei som ynskjer det. I år brukar vi orienteringsklypar att, men postane som er lagt ut nå har også kodebokstav på seg. Noter postnr, dato og bokstav når du besøker posten, så skriv du dette over på klyppekortet når desse er klare. 

Karta er ikkje klare enno, men desse postane skal vere greie å finne utan kart. 

Vi har lagt ut 2 postar på Veslvassfjellet, ein av dei ved skiltet på toppen, og ein ved ein liten varde heilt synst på. 

Det er 3 postar på Raudberget, Skutlan og Læshøe (Meadalen/Soleggen)

Det er 2 postar på Trolldalskampen og Trælvikskampen. Dette er enkle turar frå Stålane med veldig god utsikt.  (Søre Lia - bomveg) Gå nedanfor seterkvea og over ei klopp - da finn du god stig du følgjer austover før du svingar opp mot høene. 

Så er det 3 postar i Nordherad, ved Flåten (rett vest for husa), Tassmyrhaugen (ved brua) og Nørdre Nistingen (ved den store varden). Gå opp frå Heggerusten, det er skilta til desse turmåla. 

Dersom de ordnar dykk med to bilar er det ein veldig fin tur å ta desse 5 siste postane som ein tur. Set att ein bil ved Heggerusten, og kjør til Stålane Gå via Trolldalskampen, Trælvikskampen og nedatt til stigen som går gjennom Tronget. Det er svak stig, men vegen seier seg stort sett sjølv. Stigen går gjennom Tronget, forbi ruinane av Trælviksetra og vidare til Nørdre Nistingen. Frå der går du skilta stig nedatt til Heggerusten. 

Trælvikskampen med utsikt i retning Tesse. Du får den finaste utsikta over Garmo dersom du går til ein liten varde rett vest for flymerket der posten er.

 




Historisk dag for Garmo IL

Postet av Garmo IL den 14. Mai 2022



Det er ein historisk dag for Garmo Idrettslag i dag. For fyrste gong stiller laget lag i Holmenkollstafetten. Her er laget avbilda før start.


Oda på 3. plass i GD-cup

Postet av Garmo IL den 27. Mar 2022

Det er ikkje mange frå Ottadalen som deltek i GD-cupen i langrenn, men Garmo IL kan vere krye av å ha med Oda Sætrom Steinehaugen. Oda har hatt gode plasseringar i J12 i vinter, og ved sesongavslutninga på Gålå hadde Oda nok poeng til å ta 3. plassen i klassa. Det er veldig artig at Garmo IL har med deltakarar i GD-cupen - gratulerer til Oda! 

Oda på pallen i hop med Ingrid Ruud Granli (Øyer Tretten IF) og Hanna Vollen (Heidal IL) Bildet er frå GD

 Fleire bilde på GD



T-skjorte og shorts

Postet av Garmo IL den 23. Feb 2022

Garmo IL kjem til å sponse med t-skjorter til alle som stiller på Holmenkollstafetten og dei som vil kan kjøpe seg kort tights til sjølve. Om det er andre som ynskjer å kjøpe noko av dette kan dei ta kontakt. Vi kan og bestille dressar, men må da ha 10 bestillingar for at dette skal vere mogleg. Har per nå ikkje innhenta pris. Bilde av t-shirt og shorts har vi innlegget her; https://garmo-il.idrettenonline.no/blog/post/128350/knallfin-garmo-il-t-skjorte-og-shorts!?ispage=true



Årsmøte

Postet av Garmo IL den 19. Feb 2022

Årsmøte i Garmo IL torsdag 17.mars kl.20 i Skogheim.

Sakliste:
Vanlege årsmøtesaker

Dersom du ynskjer å melde inn sak til årsmøte kan dette gjerast ved å sende e-post til post@garmo-il.com innan 10.mars. 



Nydeleg kveldstur!

Postet av Garmo IL den 16. Feb 2022


Vi var sju som møtte opp ved Bjørgen til kveldstur på ski. Månen kom fram bak skyene like etter avmars, så vi greidde oss fint utan å måtte slå på hugulykta. Det hadde kome mykje nysnø, men den var lett så det gjekk fint å brøyte løype. Vi kosa oss med gløgg og sjokolade på toppen av Eklehaugen, før vi rende nedatt i djup nysnø. Tusen takk dei som stiller opp på fellesarrangement til turgruppa.



Kveldstur på ski

Postet av Garmo IL den 10. Feb 2022

Neste veke er det fullmåne, og turgruppa inviterar til skitur på Eklehaugen tysdagsvskvelden. Det er nydeleg skiføre i Kleppdalen. Vi møtest ved Bjørgen kl 19, og går i samla flokk frå der. Ta med hugulykt, godt med klede og  termos med varmt vatn til gløgg.  Dette blir ein tur i roleg tempo som passar for alle. Håpar mange vil bli med!




Trekning juletrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 7. Jan 2022

Det vart delt ut 232 lodd i juletrimlotteriet, og vi har nå trekt premiar.

Emrik Fjeld og Asbjørn Myrhaug vann kvart sitt gavekort på 500 kr

Torgrim Langøygard vann kniv frå Kulturminnefondet

Erik og Ellen Øyen Smedsmo, Iver Bjørgen og Dagmar Laingen vann kvar si lue frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Unni Svare Odde vann ein korthaldar frå Kulturminnefondet

Siv Irene Øyen, Synnøve Bjørgen, Magnhild Bjørgen og Jan Erik Byre vann kvart sitt pannebånd frå SpareBank 1 Lom og Skjåk.

Premiane blir utdelt i løpet av få dagar.