Årsmøte

Postet av Anette Bergheim den 11. Feb 2016

Årsmøte

Sakliste til årsmøte i Garmo IL måndag 14. mars kl.19.30 i Garmo Bygdahus.


1. Godkjenne dei med stemmerett

2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane

3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemmar til å skrive under protokollen

4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna evt. gruppeårsmeldingar

5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert tilstand

6. Handsame forslag å saker

a)17. mai feiring i Garmo - skal Idrettslaget ta på seg arrangere dette i år?

Framlegg frå Styret; Garmo Idrettslag har mange gongar forsøkt å få tak i nokon ansvarlege til å arrangere 17. mai i bygda. Dette har blitt gjort på både facebook, heimeside og mail. Nokon få meldte seg som friviljuge til å hjelpe til, men ingen ville være ansvarleg for organisering og delegering. Styret ser derfor ingen moglegheit til å få gjennomført 17. mai i grenda i år.

b)Gjennomgå og vedta ny lovnorm. Vedlagt. Ny lovnorm for Garmo Idrettslag.pdf

7. Fastsetje medlemskontingenten.

Framlegg frå styret: Årskontingenten for 2016 blir uendra. Kr 300 for familiemedlemskap, kr 150 for enkeltmedlemskap og kr 100 for pensjonistar Betalande medlemmar av Lom IL får 50% rabatt på medlemskontigenten i Garmo IL, det same gjeld for medlemmar av Garmo IL som vil delta på aktivitetar i Lom IL.


8. Vedta idrettslaget sitt budsjett

9. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan

Styret foreslår at fotballgruppa blir sett på vent, elles beheld vi organisasjonsplanen som den er. Dei nye lovnormane krev at vi utnevner ein barneaktivitetsansvarleg i idrettslaget. Styret foreslår att dette ansvaret følgjer formannen i laget.

10. Gjere fylgjande val;

a) Leiar og nestleiar. Anette Bergheim har sagt frå seg attval som leiar. Inger Helene Solbakken er på val som nestleiar.

b) 3 styremedlemmar og 2 varamedlemmar. Arne Bjørgen har sagt frå seg attval som styremedlem. På val er Jan Erik Byre og Rolv Ivar Bergdølmo

c) Andre val i høve til organisasjonsplan vedteken av årsmøtet, jf. Pkt. 9.

Skigruppa; Synnøve Bjørgen og og Ann Kristin Vangberg har sagt frå deg attval.

Idrettskulen; Ann Kristin Vangberg har sagt frå seg attval.

d) 2 revisorar. På val er Mona Aabakken og Elin Odde

e) Val av representantar til Lom Idrettsråd. På val er Knut Kjøk, Jan Erik Byre og Synnøve Bjørgen.

f) Valkomité med leiar og 2 medlemmar og 1 varamedlem for neste årsmøte.




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.