Årsmelding 2015

Postet av Anette Bergheim den 8. Mar 2016

Årsmelding 2015 for Garmo Idrettslag

Styret har i år hatt 3 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane i kvar gruppe.

År 2015 var året da skulen vart lagt ned i bygda. Dette kjem nok til å bli hugsa av dei aller fleste. Mange har stilt spørsmål om korleis det da ville bli med idrettslaget og dei aktivitetane som vi har tilbydd borna i skulealder. Var det nokon vits å fortsetja med dette da dei byrja i Lom, der dei kunne velja mellom aktivitetar fra A til Å?

Idrettslaget er særs heldige med dyktige og engasjerte gruppeleiarar. Heile året igjennom tilbyr vi aktivitetar for små og store. Nye aktivitetstilbod har kome, andre har vorte lagt ned i løpet av året.

Den dagen det var vindstilt på idrettsplassen i april hadde vi premieutdeling fra sesongens skirenn og Gapahuk åpning. Vi grilla pysje og kosa oss med både saft og kaffe. Gapahuken fekk navnet sitt « GIL Buè». Vil nevne att Gilbuè er eit populært turmål og rastestad for barnehagen i Garmo!

Høgkoll lista vart oppdatert den 19. april. Det var da registert 18.531 turar av Vårdølar!!

Den 1. mai var det årlege sykkelrittet Lomsrittet. Garmo Idrettslag fekk forespørsel om vakthold under rittet og vi stilte med 6 personar. Vi fekk kr 4000,- for dette.

Vi fekk eit tilbud frå Landsfestivalen som var i Lom, om å kjøpe billettbua deira for kr 5000,-. Eit godt tilbud som vi slo til på. Denne har allereie vore nytta som kiosk i forbindelse med fotballturnering og på skirenn.

Økonomi i laget er god. Rekneskapet syner eit overskot på kr 90.000,-. Grunnen til overskotet er att det ikkje har vore kostnader utanom stigprosjektet, men der går det opp i opp med tilskotet. Leiar og kasserar har kvar fått utbetalt kr 4000,- i honorar for 2015. I 2013 inngjekk vi ei sponsoravtale med Lom og Skjåk Sparebank som sikra oss kr 15.000 i året til og med 2015. Denne avtalen vart fornya på starten av året 2016, og vi har nå sikra oss dette til og med år 2018.

Ole Rune Skansen har i år hatt ansvaret for idrettsplassen og klubbhuset. Vasspumpa til vatningsanlegget vart i sommer erklært død, men på grunn av ein blaut sommer så vart ikkje dette noko problem i løpet av sesongen. Ei ny pumpe er kjøpt inn og vil bli tatt i bruk fra sommeren 2016. Klubbhuset har gjennomgått ei oppryddning, og vi valgte blant anna å selja dei 2 eldste scootarane våre som vi tilsaman fekk kr 5000 for.

I vår var det nokre frivillige i laget som tok rydda litt på stigane rundt omkring. Blant anna Køyllaløypa frå Frisvoldskogen til postkassa vart rydda, og frå postkassa og innover. Traktor med beitepussar tok jevna til kanten rundt idrettsplassen samt att det var kjørt eit drag i ljosløypa.

Dei 2 ildsjelane i laget, Svein Garmo og Jan Erik Byre, har også i år gjort ein kjempeinnsats med merking og skilting av turstigar. Ruta frå Steinbue og sørover Havørju er merkt opp att i sommer, samt ruta frå Baksælabakken til Sylvetjønn over Tessfjellet og neatt ved NordSætrin, og over Søre Koppe. Turskilt har komen opp frå Lemonsjøen over Veslvassfjellet til Brimi Fjellstugu og frå Brimi over Havørju til Svarttjønnbakken.

Vi har fått Kr 50.000 frå Oppland Fylkeskommune/Gjensidigestiftelsen som omtrent dekjer kostnaden, alt arbeidet er utført gratis.

For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi ynskjer likevel å nevne;

Spesielt ei auke i Step- gruppa. Både tysdagar og fredagar. I 2009 var det gjennomnittleg 7,4 pr trening. I 2015 var det gjennomsnittleg 13,80. Altså så godt som dobla seg! Her kjem det deltakarar frå både Lom og Vågå. Nytt for året var att når stepp’en tok sommerferie, så møtte nesten samtlige på fotballtrening på idrettsplassen kvar tysdag.

God aktivitet i fotballgruppa G/J 9 med Rolv Ivar i spissen. Avslutta årets sesong med 2 fotball turneringar på idrettsplassen i august og september. Dette var også kanskje siste barne fotballlaget i Garmo Idrettslag. Denne gruppa går mest truleg ut på grunn av skulenedlegginga.

Meget godt frammøte på skirenn, både når det arrangerast på Mån og når det er i vår eiga ljosløype i bygda. I snitt er det 29 deltakarar på kvart renn. På det meste var det 41 startande på renn i ljosløypa vår. Dette er veldig bra!

Skisportens dag vart heldt på Mån i mars. Strålande vær, påskestemning, 27 startande og servering av grilla pysje saft og kaffe gjorde sitt til att dette vart ein kjempedag!

Idrettskulen er eit aktivitetstilbod utanom skisesongen. Tross nedlegging av skulen så har det her vore godt oppmøte!

I juni vart det heldt ein veteran/jubileums fotballkamp på idrettsplassen etter intiativ frå Tessand IL. Tidligare A- lags spelarar vart samla (1970 mod), og det vart spelt 7’er fotball med 3 omgangar på 20 minutt. Alt gjekk skadefritt for seg, både under kampen og på det sosiale treffet på Nordal etterpå.

På grunn av sein vår og dårleg sommar så kom turorienteringa seint i gang. Men det var 10 års jubileum i år, og denne vart markert med ein flott fellestur til Steinbue på Koppflye i august. Mange frammøtte, fint vær og grilling og kaffe.

Premieskap som tidligare har stått på Biblioteket på Garmo Skule, vart fløtt til Garmo Bygdahus.

Trygve Enersvold fekk ordna ei kjempefin skeisebane på idrettsplassen januar 2016, som var godt brukt medan det var stabilt kaldt. Sittegruppe, bålpanne og ved vart sett klart så dei som ville kunne tenne bål og helde varmen medan borna/ og evt. dei vaksne leikte seg på isen.

Vi har nokre dyktige utøvarar som representerer Garmo IL på større arrangement:

Ragnhild Vestad hadde eit knakande bra år. Ho vart nr.2 på Furusjøen rundt og ho vann Heimfjellløpet. Vidare vart ho nr. 8 i klassa si i Ingalåmi og ho vart «Super Birkebeinar» for 3. året på rad. Ho var også med i Lomseggen Upp.

Gudbrand Mo deltok også på Furusjøen rundt med tida 2.46.01.

Kjell Ekle deltok på Søre Ål runden og vart nr. 18 i klassa si.

Hallgeir Garmo, Alexander Lapschies og Jan Erik Øyen deltok også på Lomseggen Upp.

Det var fleire deltakarar på Oslo Maraton, deriblant Jan Erik Byre som sprang heilmaraton for fyrste gong med tida 3.28.59. Dette er truleg den fyrste heilmaraton som er fullført av ein løpar som representerar Garmo IL. Kari Mette Gjeisar og Ann Kristin Vangberg deltok på halvmaraton og Mona Aabakken og Britt Thommassen deltok på 10km.

Ann Kristin Vangberg deltok også på halvmaraton på Jessheim Vintermaraton i november.


Spørsmålet innleiingsvis om det var nokon hensikt i å fortsetja med aktivitetar tiltenkt born i skulealder, sjølv om skulen er nedlagt , på dette er svaret defininivt ja. Så langt viser medlemmane stor tiltru og engasjement for det idrettslaget tilbyr. Tildømes skirenn og idrettskule. Vi vil gjere vårt for att dette fortsett!


Medlemstalet var ved årsskiftet 176 medlemmar.


Styret vil takke:

 Alle medlemmar for god aktivitet i 2015!

 Engasjerte gruppeleiiarar og gruppemedlemmar for verdifullt arbeid

 Alle som har teke eit leiaransvar, og dei som har bidrege til løypekjøring, brøyting og islegging

 Ole Rune for godt stell idrettsplassen og ryddig klubbhus

Ildsjelane i laget, Svein Garmo og Jan Erik Byre for ein kjempeinnsats med å helde turstigane åpne, og for arbeidet dei har gjort og framleis gjer med tanke på skilting av stigar i dei vakre områda rundt oss

 Lom og Skjåk Sparebank 1 for sponsoravtale

 Reidar Vestad som nytta traktor og beitepussar på rydding av idrettsplass og ljosløype

 Trygve Enersvold for intiativ og engasjement med tilstelling av isbana, samt ved til bålpanna

Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagssamarbeidet eller støtta laget.


Garmo, mars 2016

Anette Bergheim (Leiar)

Inger Helene Solbakken (Nestleiar)

Jan Erik Byre

Rolv Ivar Bergdølmo

Arne Bjørgen


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.