Aktivitetsdag for heile familien på Soleggen

Postet av Svein Garmo den 22. Mar 2023

I samarbeid med Soleggen Fjellstue ynskjer Garmo Idrettslag alle velkomne til aktivitetsdag for heile familien på Soleggen palmesundag 2. april 2023.

Dette er eit arrangement som er ope for alle som vil delta. Vi legg opp til ei uhøgtideleg lagkonkurranse for familielag i eit rebusløp vertskapet på Soleggen har laga. Rebusløpet inneheld både spørsmål og aktivitetar. Det blir enkel premiering til alle som deltek.

Soleggen har open kafe denne dagen, så det blir mogleg  å kjøpe seg noko godt å ete etter at de har gjennomført rebusløpet. Vi satsar også på å lage ein liten hoppbakke og ein akebakke ved fjellstugu. 

Rebusløypa vil vere ope frå kl 1200 - 1500 - så da kan de kome og gjennomføre når det passar. 

Vi håpar på ein triveleg dag og godt frammøte både av bygdafolk og påskegjestar! 

(Om du har vore på skitur i området er du sjølvsagt velkomen til å komme innom) 

Ta med ski, godt med klede og gjerne sitjeunderlag. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.