Krav om politiattest i Garmo Idrettslag

Styret i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité (NIF) vedtok 10. mars 2008 at heile norsk idrett skal krevje politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga trer i kraft 1. januar 2009.

I Garmo Idrettslag  blir ordninga handsama slik:
Alle som skal utføre oppgåver for idrettslaget som medfører eit tillits- eller ansvarstilhøve overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal legge fram politiattest.

Dette må gjerast i samråd med:
Styreleiar Anette Bergheim (post@garmo-il.com tlf 99041299)
. Det er Inger Helene Solbakken (tlf 91734301) som er vara for Anette Bergheim i denne funksjonen
Det er styret i idrettslaget som har sett dei til å ta seg av dette.
Båe representantane har taushetsplikt overfor uvedkommande i høve til dei  opplysningane dei får kjennskap til.
Politiattesten inneheld berre opplysningar om personen for tiden er sikta/tiltala eller tidlegare ilagt forelegg/dømt for brot på bestemmelsane i straffelova om seksualforbrytingar overfor barn. Idrettslaget har ikkje høve til å be personen om å innhente politiattest for andre straffbare tilhøve. Innhenting av politiattest er gratis.
Innhenting på ein-to-tre:
1: Søknaden om politiattest blir fyllt ut av idrettslaget og den søknaden gjeld for, og blir underteikna av begge. Skjema finn dykk på www.idrett.no. Anette Bergheim sender søknaden til politiet.
2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt til idrettslaget.
3: Den søknaden gjeld for, skal vise fram politiattesten til Anette Bergheim. 
Garmo Idrettslag skal ikkje lagre attesten, men berre få den framvist til gjennomsyn.
Personar som ikkje har vist fram politiattest utan merknad, kan ikkje bli sett til oppgåver som medfører eit tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller mennesker med utviklingshemming.
Med helsing
Styret i Garmo Idrettslag
Du kan lese meir om ordninga og korleis den blir handsama på http://www.idrett.no/politiattest