Arkiv

Flott fjelltur!

Postet av Svein Garmo den 4. Sep 2017

Vi var 10 deltakarar som møtte fram ved Smørlie sundagsmorgonen for å delta på fjellturen i eit flott haustver. Fjellet har fått fine haustfargar, og den kvasse morgonsola gjorde sitt for å få forsterka dei flotte fargane. Reidar Marstein var turleiar, og ynskte velkome til ei kulturhistorisk vandring i Heimfjellet. Vi kryssa Nedre Grjotåa før vi gjekk oppover bakkane på vestsida av denne. Det flata raskt ut, og terrenget innover Grjotåflye er svært lettgått. Litt aust for Grjotåknubben passerte vi det fyrste fangstanlegget. Det skya litt på, og vi gjekk litt opp i bakkane før vi tok ei matpause.

Reidar fortalte om nokre av dei funna han hadde vore med og gjort, og viste fram bilde av av desse. Eitt av funna var berre eit par veker gammalt og var ein 1500 år gammal kniv som ar funne ved Kvitingskjølen ikkje så langt unna der vi var.

Etter ei god matpause fortsette vi oppover mot Herbergshøskaret. Vi runda Grjothovden og vidare ned i Grjotåskaret. I båe desse skarda såg vi fleire fangstanlegg med dyregraver, bågåstøe og bægarmar. Turen gjekk vidare nedover att til Smørlie. Skylaget letta litt, og på tur nedatt fekk vi flott utsikt over Smådalen og mot Glittertind.

Turen var på knapt 16 km, og vi brukte 6,5 timar.

Takk til alle som deltok og gjorde dette til ein særs triveleg tur.

Tusen takk til Reidar. Han har ein utruleg kunnskap om Heimfjellet og om dei gamle fangstkulturane i fjella våre. I tillegg så har han ein måte å formidle kunnskapen sin på som gjorde turen ekstra interessant.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.