Bli med på tur laurdag!

Postet av Svein Garmo den 11. Sep 2017

Turgruppa inviterar på tur til Fuglesteg i Luster laurdag 16. september. Vi møtest ved butikken i Garmo kl 0900, så kjører vi i følge frå der til Fortun. Turen går frå Fortun opp til Fuglesteg, og dette er ein tur som passar dei aller fleste. Det er 3 km kvar veg, og med 570 høgdemeter blir det mest som ein Høgkoll-tur i lengde og stigning. Vi kan rekne 1,5 time opp .

Frå heimesidene til Luster Turlag; "Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. Plassen vart rydda rundt 1650 og det budde ein, og etterkvart to familiar der oppe i tre hundre år. I 1946 vart det eine bruket fråflytta og i 1968 det andre. Det store toetasjes steinhuset som vart bygt i 1830 vart brannskada i 1985. Luster Turlag har sett i stand huset og dette kulturminnet er no teke i bruk som ubetjent turisthytte"

Her kan du lese meir om Fuglesteg

Fuglesteg er stengt for servering nå, så alle må ta med seg niste.

Vi må ta eit lite veratterhald, vi ynskjer ikkje snø over Sognefjellet - og heller ikkje mykje regn....

Dei som ynskjer å vere med gjev beskjed til Svein på sms/tlf 90937456, eller på facebooksida til Garmo IL seinast fredag 15. september kl 1700. Vi må ha minst 8 deltakarar for at det skal bli tur.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.