Arkiv

Triveleg og fin fellestur

Postet av Svein Garmo den 7. Sep 2019


11 deltakarar møtte opp ved bommen i Veodalen til fellestur laurdag. Veret var litt grått, og nysnøen låg godt nedover fjellsidene. Reidar var turleiar og ville ta oss med inn til Trollsteinskvelven og Trollsteinen. 

Trollsteinskvelven er eit flott område som er lite besøkt. Tidlegare gjekk det turistrute mellom Visdalen og Veodalen her. Vera Henriksen har skrive ein del om dette området i bokserien sin om Bengt Jonsson. Reidar har utruleg mykje kunnskap om fjellet og kulturhistorie knytt til bruk av fjellet, og dette klarar han å formidle på ein artig og interessant måte.

Turen gjekk greitt i lettgått terreng innover til Trollsteinen. Veret letna litt, men kanskje ikkje så mykje som yr.no hadde spådd og vi hadde håpa på. Vi tok ei god og lang matpause ved Trollsteinen, og Reidar viste fram bilde frå arkeologiske funn han hadde vore med og funne før vi gjekk same vegen nedatt. 

Takk til alle som møtte opp og gjorde denne turen så triveleg, og ein stor takk til Reidar. Det er alltid like interessant å vere med Reidar på tur!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.