Premieutdeling

Postet av Ann-Kristin Vangberg den 29. Apr 2016

Onsdag, 27.04. hadde Garmo IL premieutdeling på idrettsbana. Vi har hatt 8
ljosløyperenn i vinter, to av renna i eiga løype og seks på Mån.  
Det har vore godt oppmøte på renna og kjempegod innsats. Mange av ungane har vore
med på alle renna. 
Alle som hadde delteke ein eller fleire gonger fekk velfortjent premie. (Dei som
ikkje kunne møte opp vil få premien sin, dykk er ikkje gløymt)
Det vart og servert grilla pølser, saft og kaffe til alle som møtte opp denne kvelden.

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.