Info frå skigruppa

Postet av Ann-Kristin Vangberg den 19. Des 2016

Frå veke 1 blir det skirenn onsdager. Fyrste renn blir på Mån, onsdag 04.01.

Påmelding frå kl. 17.30-17.45. Start kl. 18.00. Rekk du ikkje møte opp til påmelding, send ein sms innan kl.17.45 til Arne på mob. 404 07 075.


Renna framover blir på Mån. Det blir køyrt løype i ljosløypa i Garmo så snart det kjem nok sjogg til det.


For å delta på renn må du vera medlem i Garmo IL. Ingen startkontigent utover dette.


Tidtaking, men tidene blir ikkje publisert. (du kan få vete di eiga tid, men ikkje spør etter dette før alle har kome i mål) Eiga trimklasse; Gå så langt du vil med eller utan tidtaking.


Kuldegrense er -15. Følg med på heimesida; www.garmo-il.com. Det blir ikkje renn i vinterferien og påskeferien.


Skigruppa ynskjer alle ei God Jul!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.