Høgfjellstrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 30. Sep 2019



Det var i alt 16 personar som fekk lodd på høgfjellstrimlotteriet, og vinnaren vart Inger Helene Solbakken som får eit gavekort på Brimi Fjellstugu.


Bli med til klatreparken!

Postet av Garmo IL den 10. Sep 2019

Bli med Garmo IL høgt opp i trea i Brimiskogen Klatrepark laurdag 28.september kl 1200. Klatreparken har 5 ulike løyper med ulik vanskegrad, og alle vil nok finne ei løype som som passar for seg! Her blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke, men på ein veldig leikande og artig måte. 

Vi håpar at mange vil nytte høvet til å bli med på eit fellesarrangement med idrettslaget. Arrangementet er gratis for medlemmar i Garmo IL. (Kr 225/kr 250) om du ikkje er medlem. 

Vi må ha minst 15 påmeldte.

Påmelding til Ann-Kristin på post@garmo-il.com eller telefon 97530101 seinast 25. september



Garmo IL-dressar

Postet av Garmo IL den 10. Sep 2019

Vi tek no opp bestilling på nye Garmo IL-dressar av same type som før frå Trimtex. Vi tilbyr god medlemspris, kr. 649 for jakke og kr. 489 for bukse. Dersom vi får over 10 bestillingar blir det 10% ekstra rabatt! 

Dressar kan bestillast hjå Ann-Kristin på post@garmo-il.com eller tlf 97530101.

Siste frist: 25. september!