Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 21. Des 2023

Tradisjonen tru inviterar turgruppa til juletrimlotteri.

Jula er tida for mykje god mat, og det kan vere godt å ta ein trimtur ein gong i blant for å gjere plass til meire mat. Trimgruppa ynskjer å motivere til trim, og inviterar til juletrimlotteri.

Alle som besøker turmåla på Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Storskardet, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 23.12.22 til og med måndag 1. januar 2023 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar. 

Dei som  vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til svein.garmo@hotmail.com eller sms til 90937456. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast onsdag 3. januar.

Du får to lodd ved å besøke Storskardet, Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag



Turorientering

Postet av Garmo IL den 22. Nov 2023

Vi har trekt vinnarar frå turorienteringssesongen. Det var 24 som leverte kort med nok klypp til å vere med på trekning. Berre 4 var under 12 år, så vi håpar på betre deltaking av dei yngste neste sesong.

Rønnaug Mo og og Ingrid Sætrom vann kvart sitt gavekort på kr 1000 på Sport 1.

SpareBank 1 Lom og Skjåk bidro med premiar;

Sekk - Inger Helene Solbakken

Bag - Hanna Bjørgen

Thermoflaske - Live Myrhaug og Aud Marstein

Huve - Siv Kari Garmo og Grethe Stokke Fjeld

Buff - Ragnhild Svare Odde og Unni Svare Odde. 

Alle deltakarane under 12 år, Synnøve Bjørgen og Emrik Fjeld vann kvar si T-skjorte frå Garmo IL



Klatrevegg og ledljos på plass

Postet av Garmo IL den 5. Nov 2023

Det har vore ein del aktivitet i idrettslaget i år. Vi har fått opp klatrevegg på idrettsplassen, med dunkevegg på motsatt side. I ljosløypa har vi skifta til ledljos og fått satt på bryter, slik at vi slår ljoset på berre ved behov. Vi har og fått gjort kantslått i ljosløypa og fått vekk litt der.

 




Idrettsskulen startar opp att

Postet av Garmo IL den 3. Nov 2023

Vel møtt til idrettsskule – hausten 2023/våren 2024

Gruppe A kl. 17.30-18.30 – 5-åringane frå barnehagen + elevar i 1., 2. og 3.klasse

Gruppe B kl. 18.30-19.30 – elevar i 4., 5., 6. og 7.klasse

Oppmøte i gymsalen ved Garmo barnehage, dersom ikkje anna står. 

De finn meir informasjon i vedlegget

Idrettsskule 2023-24[5783].docx



Sterke maratonprestasjoner i Berlin og Oslo

Postet av Garmo IL den 28. Sep 2023

Garmo IL har hatt med maratondeltakarar både i Oslo og Berlin dei siste helgene. 

Ann-Kristin Vangberg og Karin Sveine deltok på Berlin Maraton, der båe fullførte heil maraton på 42,195 km. Ann-Kristin fullførte på tida 4.56.01 og Karin på 4.56.49. 

Helga før deltok Karin på Oslo Maraton på 10 km, der ho vann klassa med 1.09.09. Dagmar Laingen og Sindre Garmo fullførte halvmaraton, der Dagmar sette  pers med tida 1.39.31 og Sindre debuterte på halvmaraton med tida 2.19.17. 

Veldig gode resultat frå Garmo IL på desse store arrangementa. 

Ann Kristin over mål ved Brandenburger Tor

 

Karin før start framfor Riksdagen 

 



Triveleg dag i Klatreparken

Postet av Garmo IL den 17. Sep 2023

Totalt 23 personar møtte opp i strålande haustvær, både ungar og vaksne kosa seg mellom tretoppane i  finværet. Garmo IL ynskjer takke Lom og Skjåk Sparebank som støtta dagen med gavemidler.





Veldig god deltaking på terrengløpet "løp for meg"

Postet av Garmo IL den 3. Sep 2023

Garmo IL arrangerte «Løp for meg» til inntekt for Barnekreftforeininga i dag. Det var heile 50 deltakarar. Summe sprang, andre gjekk, men alle var like blide. Etterpå var det saft, kaffe og kaker inne på Garmo Barnehage. Takk til Bakeriet i Lom for sponsa bollar og kanelsnurrar, Kiwi Lom for bananar til alle deltakarane og Coop Extra Lom for fruktkorg til utlodding og kaffe til servering. Takk til alle som deltok eller støtta løpet på andre måtar.

Det er framleis mogleg å støtte Barnekreftforeininga via denne linken: Støtt Barnekreftforeininga


Garmo IL kan donere nesten 20.000 kroner til Barnekreftforeininga takka vera dykk - og om vi får inn litt til kanskje vi passerar 20.000! 



Jo Gjeisar Enersvold sprang 2,5 km! 

 Dei tre beste på 5 km i dag; f.v. Kenth Nesset, Lalm på 23.03, Ole Eggen, Lom på 19.00 og Dagmar Laingen, Garmo på 23.13.

Frikk Kolden og Rolv Ivar Bergdølmo sprang 2,5 km på 15.35 og kom saman i mål 
 

 

 



Sosial dag i Galdhøpiggen klatrepark

Postet av Garmo IL den 23. Aug 2023

Idrettslaget fekk tildelt ekstraordinære gåvemidlar i samband med SpareBank 1 Lom og Skjåk sitt 150-års jubileum, og desse midlane ynskjer vi m.a. å bruke til ein sosial dag i Galdhøpiggen Klatrepark ved Raudbergstulen sundag 17. september. Vi startar opp kl 1200 så alle må vere på plass i god tid før det for å få felles instruksjonar. Arrangementet er gratis for alle medlemmane i idrettslaget.

Dette er ein aktivitet som passar fint både for born og vaksne, så vi håpar på godt frammøte.

Det vil vere varm bålpanne - så ta gjerne med grillmat og god drikke. 



Løp for meg

Postet av Garmo IL den 22. Aug 2023

Vi ynskjer velkomne til "Løp for meg" til inntekt for Barnekreftforeninga sundag 3. september kl 1200.

Ein kan løpe, jogge, gå eller trille barnevogn. Startkontigent kr 150. 

Elektronisk påmelding her, men det er au mogleg å melde seg på ved start. Møt da opp i god tid! 

PÅMELDING



Løp for meg

Postet av Garmo IL den 7. Aug 2023

Vi arrangerar "Løp for meg" til inntekt for Barnekreftforeningen i Garmo 3. september. Det blir tre ulike løyper, slik at alle kan delta. Ein kan gå, gågge eller springe.

Startkontigent 150 kroner. 

Start og mål ved Garmo barnehage.

Meir informasjon kjem etterkvart. 

Meld deg på elektronisk vi å klikke Påmelding



Litt meir fotballhistorie - frå 40 år sidan

Postet av Garmo IL den 7. Aug 2023

For 40 år sidan hadde Garmo IL gjort frå seg den fyrste halve sesongen sin i 6. divisjon. Den gongen var det to aviser som kom ut dagleg og dekte Gudbrandsdalen og Lillehammer. Under vil de finne referat frå kampane frå båe avisene, og lagoppstilling frå kampane. Alt er henta frå Geir Eriksen sitt arkiv han har gjeve til idrettslaget.

Pengar og fotball var eit tema også frå 40 år sidan, og Garmo IL sitt budsjett var dekt inn av bingo og lotteri (Dagningen 15.4.2023) 


Før sesongen presenterte Gudbrandsdølen den 4.5.83 (GLT) troppane til alle laga i Gudbrandsdalen, her er Garmo sin tropp før sesongen starta:


Så kom serien i gang, under følger referat og lagoppstillingar

Garmo - Harpefoss 1-1


Tretten - Garmo 10-0

GLT 16.5.83  


Garmo - Vestsida 1-3

Dagningen 30.5.83

 

GLT 30/5/83

 


Lalm - Garmo 5-1

Dagningen 4.6.83

 

 Garmo - Sør-Fron 0-11

GLT 13.6.83

 

Tverrbygda - Garmo 6-0


GLT20.6.83

  Garmo - Tessand 0-4


Heidal - Garmo 8-0

 


Dette var kampane 1. halvåret i Garmo sin fyrste sesong i 6. divisjon. Vi kjem attende med fleire utklypp utpå hausten



Klart for ny turorienteringssesong

Postet av Garmo IL den 20. Jun 2023

Nå er alt klart for ein ny sesong med turorientering. Nokre nye turmål, og mange kjente turmål. De kan hente klyppekort og kart i postkassa på idrettsplassen (blir lagt der i løpet av tysdagskvelden) Håpar turane fell i smak, og gje attendemelding dersom det er eitt eller anna de lurar på! 

God tur! 



Nå kan du tjuvstarte på turorienteringa

Postet av Garmo IL den 9. Jun 2023

Det går litt tid før alt er klart for turorientering, men vi har fått ut 4 av postane som du kan besøke alt nå. Desse er på Krosstjønnhaugen, Lyngveshøe (ved flymerket), Jutingsholet og Kyreggje. Skriv på datoen du besøkte postane dersom du vil starte før klyppekorta er klare. Det er turt og fint å gå tur i Heimfjellet nå.



Stafettlaget forbetra tida frå i fjor

Postet av Garmo IL den 13. Mai 2023

Stafettlaget på Holmekollstafetten kom i mål på tida 1.28.21, noko som er meir enn 1,5 minutt raskare enn i fjor (1.30.02. Gratulerer med flott innsats og rekord! 



Holmenkollstafetten 2023

Postet av Garmo IL den 13. Mai 2023

Vi er særs krye av at vi for andre  år på rad stiller lag på Holmenkollstafetten - "vårens vakreste eventyr" Verkeleg imponerande at idrettslaget greier å stille lag i denne tradisjonsrike stafetten.

Lykke til - og kos dykk i finveret i hovudstaden! 

Bak frå venstre; Elin Bakke, Sindre Garmo, Oddrun Mo, Dagmar Laingen, Kari Mette Gjeisar, Ingrid Ødegård,Ingrid Sætrom, Åse Marie Mundal og Karin Sveine. Framme frå venstre; Tilde Øyjordet, Anne Mari Graffer, Anette Ekle, Ann Kristin Vangberg, Gudbrand Mo og Andrine Sole.



40 år sidan Garmo Idrettslag starta A-lag i fotball

Postet av Garmo IL den 9. Apr 2023

Vinteren 1983 var det ein gjeng ivrige eldsjeler som starta opp med fotballtrening med tanke på å melde på lag i 6. divisjon. Roar Eriksen var trenar og Erland Haugen var oppmann for dette historiske laget fyrste sesongen.  Som vi veit vart det med 2 sesongar med A-lag for Garmo IL.

Geir Eriksen har teke vare på alle avisutklypp om laget frå denne tida, og har også skrive ned alle lagoppstillingane. Geir gav bort dette verdifulle utklyppsarkviet til idrettslaget nå i vinter, og vi vil utover året dele litt av det som er samla. Tusen takk til Geir som har sett den historiske verdien i dette og har teke vare på desse utklyppa! 

Her er artikkel frå Gudbrandsdølen den 9.4.1983 - 40 år sidan i dag

På bildet, bak frå venstre: Roar Eriksen, Stein Ivar Bakke, Kjell Svaet, Pål Egil Runningen, Ola Kvålshagen, Anders Haugen, Ole Kristian Larsen, Kjell Ekle, Terje Lunna, Erland Haugen. Framme frå venstre: Jan Ekle, Ottar Garmo, Roar Kvåle, Geir Eriksen, Morten Teigen, Tore Sveen, Georg Sole. (Ber om attendemelding dersom noko er feil her) 


Som journalist R.T.M. (Rolf Tore Mundal?) skriv så spelte laget privatkampar i vinterserien i Lom på den heilt nye kunstgrasbana. Her er laga som vart nytta i dei kampane 



Tek også med eit notat Geir har gjort, like etter at sesongen har starta og flerie treningskampar er gjennomført, og etter at Garmo Skule sitt lag i Dagning-cupen har spelt fyrste runde





Triveleg familiedag på Soleggen

Postet av Garmo IL den 2. Apr 2023

Det var strålande ver og godt frammøte da Garmo IL og Soleggen Fjellstue skipa til aktivitetsdag for heile familien palmesundag. Soleggen Fjellstue hadde laga til ei artig rebusløype på ski med både spørsmål og aktivitetar. Dei hadde også fyra opp bål og spanderte pølser, vaflar, kaffe og varm saft til dei som ville ha.

 Maria Nilsen frå Trondheim er på påskeferie i Sjårdalen og kosa seg med å måle påskeegg

 

I tillegg til rebusløypa var det måling av påskeegg, aking, hopping og å ha det triveleg i påskesola i godt selskap. Alle som deltok på familiedagen fekk premie sponsa av SpareBank 1 Lom og Skjåk #fjellbanken

Takk til alle som møtte opp - og til Soleggen Fjellstue for eit særs så triveleg arrangement! 

 



Årsmøte

Postet av Garmo IL den 7. Feb 2023



Det er årsmøte i Skogheim tysdag 16. mars kl 2000. Vanlege årsmøtesaker.


Trekning juletrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 16. Jan 2023

Det vart delt ut 237 lodd på juletrimlotteriet. Vi har trekt følgande vinnarar;

Grethe Fjeld og Jan Erik Byre vann kvart sitt gavekort på kr 500

Unni Svare Odde, Siv-Kari Garmo, Aud Marstein og Jon Are Fjeld vann kvar si huve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk.