Resultat Birkebeinerløpet
Postet av Garmo IL den 22. Jun 2025
Det vart meldt om at det var veldig varmt under Birkebeinerløpet 2025, men likevel var det sterke tider av løparane frå Garmo IL .
Andreplass i Lustraløpet - og 8 påmeldte til Birkebeinerløpet
Postet av Garmo IL den 10. Jun 2025
Løparane våre er ivrige, og i helga tok Ole Eggen ein veldig sterk andreplass i Lustraløpet i klasse M23-34 med tida 35,43. Lustraløpet er eit 10 km langt landevegsløp, og det var omlag 100 deltakarar i år.
Resultat finn de her: Lustraløpet 2025
Fyrstkommande laurdag er det Birkebeinerløpet - og heile 8 løparar stiller for Garmo IL på 21 km. Veldig imponerande deltaking frå idrettslaget. Vi ynskjer alle lukke til!
Alt klart for turorienteringssesongen
Postet av Garmo IL den 6. Jun 2025
20. sesong med turorientering er i gang!
Klyppekort og kart for turorienteringssesongen ligg klart i postkassa på lagerbygget på idrettsplassen, så da er turorienteringssesongen offisielt i gang. (Post 16,17 og 18 vil bli lagt ut pinseftan).
Vi har sett at talet på dei som leverer inn att kort har stagnert dei siste åra - og det er få ungar som deltek. Kanskje dette er året da dei som ikkje har vore med på nokre år finn ut at dei skal delta att? Eller om du ikkje har delteke før - ta med deg kart og kort og oppdag nye, fine turmål!
Vi har klart å finne på nokre nye postar også i sesong nr 20, og så er det ein del gode, gamle turar som er med.
Nytt av året er at vi har plukka ut 5 postar som er godt egna for dei yngste - og alle under 12 år som besøkjer postane 6,7, 13, 14 og 15 får premie - i tillegg til at dei er med i trekning om dei ordinære premiane.
I år har vi 3 postar i eit heilt nytt område - Jettfjellet
Håpar turane fell i smak - ogkom gjerne med attendmelding!
Austre Brånåhøe på Jettfjellet
Tjuvstart på turorienteringssesongen
Postet av Garmo IL den 28. Mai 2025
Det går litt tid før vi er heilt klare med turorienteringa, men nokre postar er ute, så det går an å starte. Da noterar de berre dato de har besøkt posten på kortet når dette er klart.
Det er ein post ved Eklebua i Smådalen, og der er det også ein post ved ein varde ved Smådøla på tur dit.
Så er det post på ein stor stein ved stigen opp mot Sylvetjøynn, ein ved Sylvetjøynn-osen, og ein på Gullfjørhaugen.
Dagsturhytta er ein sjølsagt post, og Høgkollen har også post denne sesongen.
Post 2
Ny rekord av stafettlaget
Postet av Garmo IL den 10. Mai 2025
Garmo IL sprang inn til ny bestenotering på Holmenkollstafetten med tida 1.21.36, som er nesten to minutt raskere enn i fjor (1.23.19) Gratulerer til stagettlaget! Imponerande av idrettslaget at dei stiller på denne stafetten, dette var 4. året på rad.
Årets stafettlag