Trekning vintertrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 15. Jan 2019

Vintertrimlotteriet er nå avslutta. Det vart delt ut 792 lodd frå 1. desember til 6. januar.  441 lodd var utdelt på Høgkollen, 108 i Kollaløypa, 102 på Storskardet, 56 ved Byrsetra, 46 ved Sandom og 39 på Eklehaugen. 

Reidar Marstein hadde flest lodd med 77, Synnøve Bjørgen hadde 56 og Unni Svare Odde 49. 

Den mest populære trimdagen var den 29. desember, da vart det utdelt heile 49 lodd.

Reidar Marstein, Jan Erik Byre og Ingrid Ødegård vart trekt ut som vinnarar av kvar sitt gavekort på kr 500. Mari Bjørgen vann ekstrapremien som er eit drikkebelte gjeve av SpareBank 1 Lom og Skjåk. 

Turgruppa takkar alle som har delteke! 




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline