Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 19. Des 2019

Turgruppa held juletrimlotteri. Alle som besøkjer turpostkassene og skriv namnet sitt i turbøkene er med på trekning av premiar.

Dette får føre seg frå  laurdag 21. desember til og med sundag 5. januar, og dersom du skriv namnet ditt i bøkene på Høgkollen eller Eklehaugen får du 3 lodd. Skriv du namnet ditt i bøkene ved Byresetra, ved Sandom eller i "Køyllaløypa" (Skogsvegen mellom Frisvoldskogen og Lågkollen) får du 1 lodd. Du kan få maksimalt 3 lodd pr dag.

Dess fleire turar du går dess fleire lodd får du - og dei meir krevjande turane gjev størst vinnarsjanse!

Vi håpar mange vil ut på trim - og vi trekkjer 3 gavekort på kr 500 til heldige og spreke vinnarar!

God tur!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline