Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Postet av Garmo IL den 11. Mar 2015

Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag

Styret har i år hatt 6 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore god også i 2014. Det er dyktige og engasjerte folk vi har som leiarar i dei forskjellige aktivitetsgruppene og desse bidreg stort til att det er aktiviteter for alle aldersgrupper.

Den 11. mai hadde vi basar i Garmo Bygdahus. Vi fekk inn mange fine gevinstar, og hovedgevinstane var Ipad og middag på Andvord. Overskotet vi sat att med var på kr 35.000,-

Det var ynskje frå mange om å få teke ei ny runde med bestilling av idrettslagsdressar. Laget sponsa kr 250,- pr. del for alle medlemmar. Vi fekk kr 7.500,- frå Brimiland til sponsing av dette, og dei fekk dermed logoen sin på dressen.

Økonomien i laget er god. Før avskriving synte det eit overskot på nesten kr. 100.000,-. Dette på grunn av basarinntekta, ny sponsor samt noko meir i tilskot. Etter avskriving er det eit overskot på ca. kr 23.500,-. Leiar og kasserar har kvar fått utbetalt kr 4000,- i honorar for 2014. I 2013 inngjekk vi ei sponsoravtale med Lom og Skjåk Sparebank som sikrar oss kr 15.000,- i året i 5 år.

Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. I haust hadde vi dugnad og rydda ljosløypa for buskar og kratt. Det vart også rydda noko på dei merka stigane rundt omkring.

Gapahuken vi fekk innvilga midlar til, stod ferdig oppkomen på idrettsplassen i oktober.

Ny heimeside vart lansert den 19. mars, og webansvarleg fell naturleg på Svein Garmo.

Arild og Thomas har hatt ansvaret for idrettsplassen, og den framstår som meget godt vedlikeheldt.

For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne:

Svært bra frammøte på trimkveldane. Ei auke på deltakarar i spesielt step-gruppa, både tysdagar og fredagar.

God aktivitet i fotballgruppa, med 1 lag i serien og deltakarar på dommarkurs.

Godt frammøte på skirenn, det vart heldt eitt renn i ljosløypa, resten på Mån.

Bygdamesterskap vart heldt på Mån i starten av mars. 39 startande med representantar frå dei 3 idrettslaga i Lom.

Idrettsskulen fungerer godt, fyller ut sesongen mellom fotball og ski. Både starta og avslutta året med artige akedagar i Bjørgebakkane.


Populær turorientering! Også travaleg, men det stoppa ikkje folket. 46 stk har vore med. Oppstartstur vart arrangert til Havørju.

2 vellukka fotballturneringer på idrettsplassen i august/september med besøk av lag frå Heidal, Lom, Skjåk og Vågå.

Vi har nokre dyktige utøvarar som representerar Garmo IL på større arrangement.
Ski: Ragnhild Vestad vart nr 2 i klassa si på Ingalåmi, og vann klassa si i Troll Ski Maraton.
Jan Erik Øyen deltok også på Troll Ski Maraton.

Sykkel: Øyvind Svare Odde og Jan Erik Øyen deltok på Klatrerittet mot Rondane der Jan Erik vant dette løpet. Anette Bergheim debuterte i Fredagsbirken med forbruk av god tid, medan Ragnhild Vestad vart «Super Birkebeinar» for 3. året på rad.


Løp/Maraton: Jan Erik Byre sprang halvmaraton på Oslo Maraton, medan Mona Aabakken og Britt Thommasen deltok på 10 km på same arrangement. Ann Kristin Vangberg deltok på KK mila, også dette i Oslo. Jan Erik Øyen deltok på Flækøyhøe opp og vann klassa si.

Medlemstalet var ved årsskiftet 195 medlemmar.


Styret vil takke :

Alle medlemmar for god aktivitet i 2014!

Engasjerte gruppeleiarar og gruppemedlemmar for verdifullt arbeid

Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege til løypekjøring, brøyting og islegging

Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen.

Erland Arnfinn Haugen for god hjelp da vatningsanlegget stagnerte i sumar

Rolv Ivar for flott innsats med gapahuken

Gausdal Landhandleri for ny ryddesag til idrettslaget

Alle som gav eit bidrag til basaren

Brimi land for sponsing i forbindelse med nye dressar

Lom og Skjåk Sparebank 1 for sponsoravtale

Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagssamarbeidet eller støtta laget.



Garmo, mars 2015

Anette Bergheim (leiar)

Inger Helene Solbakken (nestleiar)

Jan Erik Byre

Rolv Ivar Bergdølmo

Arne Bjørgen