Vintertrimlotteri
Postet av Svein Garmo den 1. Des 2018
Turgruppa held vintertrimlotteri. Alle som besøkjer turpostkassene og skriv namnet sitt i turbøkene er med på trekning av premiar.
Dette får føre seg frå 1. desember til og med 6. januar, og dersom du skriv namnet ditt i bøkene på Storskardet, Høgkollen eller Eklehaugen får du 3 lodd. Skriv du namnet ditt i bøkene ved Byresetra, ved Sandom eller i "Køyllaløypa" (Skogsvegen mellom Frisvoldskogen og Lågkollen) får du 1 lodd. Du kan få maksimalt 3 lodd pr dag.
Dess fleire turar du går dess fleire lodd får du - og dei meir krevjande turane gjev størst vinnarsjanse!
Vi håpar mange vil ut på trim - og vi trekkjer 3 gavekort på kr 500 til heldige og spreke vinnarar!
God tur!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Svein Garmo
Aktivitetsdag for heile familien på Soleggen
22.03.2023
Turorientering
19.09.2020
Turorientering
15.09.2020
Fellestur avlyst
28.08.2020
Turorienteringa i gang
24.06.2020
Nå kan du tjuvstarte turorienteringssesongen
18.06.2020