Interessant og triveleg fellestur
Postet av Garmo IL den 7. jun 2021
Vi hadde ein interessant og triveleg fellestur i fint sommarver førre veke. Vi var 14 deltakarar som møtte opp i Mo, og starta turen innover Moagrenda. Turen gjekk oppover i skogen, før vi gjekk nordover til Gamelsetra. Dette var gammal seter tilhøyrande Graffer. Ein kan såvidt sjå restar etter hustoftene der.
Frå Gamelsetra fann vi eit råk som gjekk nedover til ein skogsveg, der svinga vi vidare nordover i retning Svarva til vi kom til Nysetra. Som namnet seier er dette ein nyare seterstul som også tilhøyrde Graffer. Der ser ein restar etter gamle murar, og ein finn også vangar og århella av peisen.
Vi gjekk skogsvegen nedoveratt i retning Haug og vidare langs Vulu attende til Mo.
Dette var ein interessant tur i eit område som er lite kjent for mange som var med på turen. Den gode deltakinga og det flotte sommarveret gjorde at dette var ekstra triveleg.


Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Andrine klar for EM i snøreløp
20.09.2026
Hausten er maratonsesong
14.09.2026
God deltaking frå Garmo IL på Lalm
26.08.2026
Konsert ved Dagsturhytta
11.08.2026
Anne Mari med i Jotunheimen Trail Run
11.08.2026
5 frå Garmo IL med på Birkebeinerløpet 2026
13.06.2026