Interessant og triveleg fellestur
Postet av Garmo IL den 7. Jun 2021
Vi hadde ein interessant og triveleg fellestur i fint sommarver førre veke. Vi var 14 deltakarar som møtte opp i Mo, og starta turen innover Moagrenda. Turen gjekk oppover i skogen, før vi gjekk nordover til Gamelsetra. Dette var gammal seter tilhøyrande Graffer. Ein kan såvidt sjå restar etter hustoftene der.
Frå Gamelsetra fann vi eit råk som gjekk nedover til ein skogsveg, der svinga vi vidare nordover i retning Svarva til vi kom til Nysetra. Som namnet seier er dette ein nyare seterstul som også tilhøyrde Graffer. Der ser ein restar etter gamle murar, og ein finn også vangar og århella av peisen.
Vi gjekk skogsvegen nedoveratt i retning Haug og vidare langs Vulu attende til Mo.
Dette var ein interessant tur i eit område som er lite kjent for mange som var med på turen. Den gode deltakinga og det flotte sommarveret gjorde at dette var ekstra triveleg.


Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Lisboa halvmaraton
09.03.2026
Nytt storby-maraton fullført for Ann-Kristin
06.03.2026
Årsmøte
24.02.2026
Trekning juletrimlotteri
18.01.2026
Juletrimlotteri
22.12.2025