Sterke maratonprestasjoner i Berlin og Oslo
Postet av Garmo IL den 28. sep 2023
Garmo IL har hatt med maratondeltakarar både i Oslo og Berlin dei siste helgene.
Ann-Kristin Vangberg og Karin Sveine deltok på Berlin Maraton, der båe fullførte heil maraton på 42,195 km. Ann-Kristin fullførte på tida 4.56.01 og Karin på 4.56.49.
Helga før deltok Karin på Oslo Maraton på 10 km, der ho vann klassa med 1.09.09. Dagmar Laingen og Sindre Garmo fullførte halvmaraton, der Dagmar sette pers med tida 1.39.31 og Sindre debuterte på halvmaraton med tida 2.19.17.
Veldig gode resultat frå Garmo IL på desse store arrangementa.
Ann Kristin over mål ved Brandenburger Tor
Karin før start framfor Riksdagen
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
5 frå Garmo IL med på Birkebeinerløpet 2026
13.06.2026
Klart for turorientering
02.06.2026
Yngve med andreplass på Åndalsnes
24.05.2026
Andrine vann Bergensløpet
24.05.2026
Sterk 5000 meter av Yngve
15.05.2026
God tid på Holmenkollstafetten
09.05.2026