Juletrimlotteri
Postet av Garmo IL den 19. Des 2022
Turgruppa inviterar til juletrimlotteri.
Jula er tida for mykje god mat, og det kan vere godt å ta ein trimtur ein gong i blant for å gjere plass til meire mat. Trimgruppa ynskjer å motivere til trim, og inviterar til juletrimlotteri.
Alle som besøker turmåla på Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Storskardet, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 24.12.22 til og med sundag 1. januar 2023 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar.
Dei som vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til svein.garmo@hotmail.com eller sms til 90937456. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast tysdag 3. januar.
Du får to lodd ved å besøke Storskardet, Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag.

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Yngve med andreplass på Åndalsnes
24.05.2026
Andrine vann Bergensløpet
24.05.2026
Sterk 5000 meter av Yngve
15.05.2026
God tid på Holmenkollstafetten
09.05.2026
Klare for Holmenkollstafetten
04.05.2026
God tid av Sindre på Sentrumsløpet
01.05.2026