Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 23. Des 2020

Turgruppa inviterar til juletrimlotteri. 

Alle som besøker turmåla på Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 24.12.20 til og med sundag 3. januar 2021 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar. 

Pga av smittesituasjonen er det ikkje nødvendig å skrive namnet i turbøkene denne jula. Vi ber om at dei som vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til svein.garmo@fjellnett.no. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast måndag 4. januar.

Du får to lodd ved å besøke Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag.

Vi har også lagt ut UsynligO-postar på Eklehaugen, ved Byrsetra, på Høgkollen og ved postkassa i skogsvegen. (Det er også ein post ved Raudberget, denne har vi ikkje fått testa ut) Det er også fint om dykk vel vere med å teste dette. Last ned appen UsynligO, registrer deg - så finn du desse løypene. Det er ikkje krav om at du skal gjere dette for å delta på lotteriet, men vi set pris på om dykk vil prøve dette så vi får testa det litt ut.



Informasjon frå turgruppa

Postet av Garmo IL den 12. Des 2020

Vi håpar å kunne finne ein måte å arrangere juletrimlotteriet på utan å måtte skrive namn i turbøkene i år. Vi tør ikkje love at vi finn ei løysning, men jobbar med saken. Kom gjerne med idear! 

Vi har også fått spørsmål om oppdatering av Høgkollista. Det er fleire år sidan vi tok avgjerda om å slutte med oppdatering av denne. Vi har mange turpostkasser, og desse er heldigvis flittig besøkt - så det ville ført til eit stort arbeid å følge opp dette på alle turbøkene vi har. Nokre av desse nye(og meir solide)  turbøkene har også plass til 5000 turar, så det seier seg sjøl at det ville vore tidkrevjande å følge opp dette. 

Av same grunn har vi heller ikkje lenger trekning av premiar når turbøkene er fulle, men vi vil forsøke å arrangere lotteri med utgangspunkt i turbøkene ein gong i blant.

Dei nye og strenge personopplsyningsretningslinene gjer også at vi vil vere litt forsiktige med kva for namnelister vi ynskjer å publisere på nettsida.

Vi anbefaler gjerne å bruke ein app som t.d. Strava eller MapMyRun for å halde oversikt over turane. 


God tur til dei flotte turmåla i nærområdet vårt! 



Triveleg fellestur

Postet av Garmo IL den 15. Nov 2020

Vi var 9 deltakarar som møttest ved Heggerusten klare for fellestur førre sundag. Veret var fint, snøen hadde reist langt til fjells og det vart turt og fint å gå.

I gamle dagar var det omkring 35 bruk i denne delen av Nordherad. Stiane mellom desse bruka er godt vedlikehalde og merka, og det er også sett opp informasjonstavler ved fleire av desse bruka som gjer at turen blir enno meir interessant. På den tida var det visstnok heilt snautt for skog i denne lia. Alt som fanst var nytta.

Vi gjekk fyrst opp til Flåten. Dette bruket besøkte også Garmo IL på fellestur for nokre år sidan. Vågå Historielag har lagt ned eit stort arbeid med å restaurere husa her. Turen gjekk vidare oppover og vi svinga austover mot Nedre og Øvre Kleive. Denne stien er veldig fin med flotte og imponerande murar.

Frå Kleive gjekk vi vidare opp til Tassmyrhaugen, som nok er mest kjend for at den kjende treskjeraren Anders Tassmyrhaugen budde her. På sine eldre dagar flytte Anders over elva, der han bygde opp ein ny heim han kalla Svastugu. Vi var innom og såg på tomta etter denne stugu før vi gjekk vidare oppover til Nørdre Nistingen. 

Dette er ei lita setergrend, med 3 setrer. Det står også ein stor varde der med stigtrinn som gjer det mogleg å klatre til topps på den.  Vi tok oss ei god matpause ved Ulsandsetra og nytte det gode veret og den fine utsikta. 

Vi gjekk nedatt gjennom skogen til Kleiven att, og vidare nedover til Grevrusten. Vi stoppa der og så på dei voldsomme murane under ein del av husa der. Vi gjekk vidare nedover forbi Skreppholet og Kattholet før vi var nede ved bilane att.

Når ein går ein slik tur er det veldig rart å tenkje på kva for slet og strev dei hadde dei som rydda seg jord og bygde seg hus på slike plassar, slik at dei kunne ha nokre få husdyr, litt korn og litt poteter. 

Takk til alle som deltok på denne turen, og gjorde dette til ein triveleg og interessant turdag.




Fellestur til Nørdre Nistingen

Postet av Garmo IL den 2. Nov 2020

Sundag 8. november inviterar turgruppa til tur til Nørdre Nistingen i Nordherad. I Nordherad er det utruleg mykje fine stigar som er opparbeidd mellom småbruka der. Stigane er eit turmål i seg sjølv, og det er også spennande å gå mellom  bruka der. 

Vi møtest ved oppkjøringa til Heggerusten kl 1100. Vi går opp til Flåten, før vi går til vidare til Nedre og Øvre Kleiven. Frå  der går stigen oppover, vi går innom Tassmyrhaugen før vi går opp til den vesle setergrenda Nørdre Nistingen. På veg nedatt legg vi turen om Grevrusten og Kattholet.

Dette er ein relativt lett tur som vil passe for dei aller fleste, omlag 7 km og 500 høgdemeter. Ta med litt mat og drikke for ei god pause før vi går nedatt.

Påmelding til Svein seinast laurdag kl 16 på tlf 90937456, evt på facebooksida til idrettslaget. (Vi tek eit lite atterhald om veret)



Trekning turorientering

Postet av Garmo IL den 19. Okt 2020

Turorienteringssesongen er over, og det var 32 som leverte inn kortet etter å ha delteke. Det er ein liten oppgang frå i fjor.

Vi har trekt premiar, og vinnarane er:

Oda Sætrom Steinehaugen og Inger Helene Solbakken vann kvart sitt gavekort på Sport 1.

Erna Holø vann ein tursekk frå Norgesfor Ottadalen, Anne-Karin Apalseth vann huve, buff og isskrape frå Norgesfor Ottadalen og Aud Marstein vann eit krus frå Norgesfor Ottadalen. 

Torgrim Langøygard og Malli Stokke vann kvar si drikkeflaske frå SpareBank 1 Lom og Skjåk

Siv-Kari Garmo, Sigrid Sætrom Steinehaugen og Simen Bjørgen vann kvar si huve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk, og Grethe Stokke Fjeld vann pannebånd frå SpareBank 1 Lom og Skjåk.

Ingrid Ødegård, Anne-Karin Apalseth og Sigrunn Odde får 5-års krus. 

Premiane vil bli delt ut med det fyrste.

Vi takkar alle som har delteke på turorienteringa - og tek gjerne i mot gode idear til turmål for neste sesong! 



Ny turpostkasse på plass

Postet av Garmo IL den 18. Okt 2020

Med god hjelp frå Oddrun og Gudbrand Mo har vi nå fått skilta stigen frå Meadalsvegen til Raudberget, og fått på plass turpostkasse med bok. Vi håpar stigen blir mykje brukt!




Fellestur til Formokampen

Postet av Garmo IL den 25. Aug 2020

Turgruppa inviterar på tur til Formokampen i Rondane sundag 30. august. Dette er ein lett tur i lettgått terreng. Vi startar frå Putten Seter, turen er 4,5 km kvar veg og det er ei stigning på omlag 500 høgdemeter. Frå Formokampen er det veldig flott utsikt til Jotunhemen og Rondane, og til Heimfjellet. 

Dette er ein tur som passar for alle, så vi håpar på god oppslutning på ein tur til eit område som kanskje er litt ukjent for mange. 

Vi møtest ved Putten Seter kl 1000, beregn omlag ein time med kjøring frå Garmo. (Kjør over Vågåruste til Sel, nordover E6 og ta av mot Høvringen. Like før du kjem til Høvringen tek du av til høgre mot Putten - det er ein bomveg (kr 40/vipps) på 5 km. Stor parkeringsplass ved Putten)

Påmelding i kommentarfeltet på facebook eller til Svein (90937456) helst innan fredag kl 2000 - vi må ha minst 5 påmeldte innan påmeldingsfristen for at turen skal bli noko av. 

Vi tek au eit lite vératterhald - følg med på facbooksida til Garmo IL for evt. endringar.

Foto: nasjoonalparkriket.no

 

https://www.nasjonalparkriket.no/turtips/formokampen



Merking av stig til Raudberget

Postet av Garmo IL den 29. Jun 2020

Oddrun Pauline Løkken Mo og Ella Hoel har nå merka stig opp til Raudberget på Meadalen. Stigen tek av ved der vegen opp til mobilmasta går av. Stigen er merka med raude band, vi håpar å få opp turskilt der om ikkje alt for lenge.

Post nr 17 på turorienteringa finn du på Raudberget.

 


 

Her tek stigen av

 


 



Oppstartstur Turorientering onsdag 24.6.

Postet av Garmo IL den 21. Jun 2020

Vermeldinga ser veldig lovande ut, så vi håpar det blir tur og konsert onsdagskvelden. 

Det blir ikkje lagt opp til felles starttidspunkt, men at vi alle samlast på Eklehaugen i god tid før konserten som startar kl 1930.

Vi håpar så mange som råd vel å gå frå Byrsetra, ettersom det ikkje er så mange parkeringsplassar ved Eklesetra. Kjør gjerne i hop, dersom dette let seg gjere på ein smitteforsvarleg måte. 

Pga smittevernstiltaka må vi føre oversikt over alle som er der. Denne lista vil vi makulere etter 10 dagar. Elles så ber vi om at alle følgjer smittevernstiltaka med å halde minste ein meters avstand til kvarandre, og bli heime om ein er sjuk. Vi vil ha tilgjengeleg handsprit. 

Ta gjerne med;
sitjeunderlag, noko godt å ete og drikke, solkrem, myggspray, vindtett jakke.
Vi gler oss på oppstart, konsert og ein ny turorienteringssesong! 




UsynligO - nytt orienteringstilbod

Postet av Garmo IL den 28. Mai 2020

Vi testar ut "UsynligO" på orienteringskarta våre, "Kampein" og "Garmo Skule". Dette fungerar slik at du lastar ned ein app "UsynligO" på telefonen din, og der finn du at det er lagt ut to løyper i området vårt, og du ser postane på kartet på telefonen. 

Du finn ingen fysisk post når du har "funne" posten, men du får ein lyd på telefonen din nå du er i området der posten er plassert. 

(Postane er plassert ut "ved skrivebordet" og ikkje ved at vi har vore fysisk ute i terrenget, så det kan vere at ein og annan posten kan vere vanskeleg plassert - og ta omsyn til privat eigedom dersom det viser seg at postane skulle vere innpå der)

Last ned appen, test det ut - og kom med attendemeldingar. 

Takk til Rolv Odde som har fått dette i stand! 

https://usynligo.no/about

https://usynligo.no/allracesmap



Trekning julelotteriet

Postet av Garmo IL den 8. Jan 2020

Vi har hatt trekning på julelotteriet. Det vart delt ut 576 lodd på julelotteriet i år, og dei som vann kvart sitt gavekort på kr 500 er

  • Simen Bjørgen  som fekk vinnarloddet på Eklehaugen 4. januar
  • Anne Kari Christensen som fekk vinnarloddet på Høgkollen 22. desember
  • Grethe Fjeld  som fekk vinnarloddet på Høgkollen 22. desember