Fotballhistorie - Hausten 1984

Postet av Garmo IL den 15. Feb 2025

Her er dei siste utklyppa frå Geir Eriksen sitt arkiv frå den gongen Garmo IL hadde A-lag i fotball. Utover hausten 1984 ser vi at det vart vanskeleg å få nok spelarar til å stille lag, i dei flesta kampane stilte Garmo utan innbytarar. Og i den historiske siste kampen mot Vestsida var det berre 9 spelarar på lagoppstillinga, der fleire av dei aldri hadde spelt A-lags fotball før.

1.8.84 Lalm - Garmo 8-0


4.8.84 Ringebu - Garmo 5-0

10.8.84 Garmo - Lesjaskog 0-2

19.8.84 Garmo - Heidal 1-3 



26.8.84 Garmo - Øyer 0-9


31.8.84 Garmo - Tessand 1-2

8.9.84 Tretten - Garmo 6-0


15.9.1984 Garmo - Harpefoss 0-3

22.9.84 Vestsida - Garmo 44-0



Og med denne triste avslutninga var Garmo IL sitt A-lag historie. Det høyrer med til historien at svært mange av kampane i Gudbrandsdalen vart avlyst den same helga som Vestsida og Garmo spelte pga uver. Det hadde kosta Gudbrandsdal Fotballkrets lite å avlyse også denne kampen, og funne ny dato der Garmo også kunne stilt lag.  A-lags fotballen i Garmo tok dessverre slutt året før vi fekk vår eigen, flotte bane å spele på. Tessand leigde bana vår sesongen etter og spelte ein del kampar der, Det er vel dei einaste offisielle senior-fotballkampane som er spelt på idrettsplassen i Garmo .

Dette er også historie om ei svært så aktiv periode i gudbrandsdalsfotballen. Det var fleire lag i kvar kommune, og engasjementet var stort. Innbyggartalet i mange grender var langt bortimot det dobbelte av det vi opplever i dag - og ungdomskulla var store. 

Nok ein gong ein stor takk til Geir Eriksen som har teke vare på denne viktige delen av Garmo Idrettslag si historie. 




Fotballhistorie - vårsesongen 1984

Postet av Garmo IL den 8. Jan 2025

Våren 1984 var Garmo IL klare for sin andre sesong i 6. divisjon Gudbrandsdal. Vi presenterer nye utklypp frå Geir Eriksen sitt avisarkiv. 

Slik var stallen ved starten av sesongen


Ny trenar for sesongen var Rolv Odde, og målet var å gjere det betre enn året før 

Garmo - Ringebu 0-3


Gudbrandsdølen 7.5.84Tessand - Garmo 8-1



Garmo - Tretten 0-4

Gudbrandsdølen 28.5.84

Lesjaskog - Garmo 4-0


Heidal - Garmo 8-0

Gudbrandsdølen 9.6.84
Øyer - Garmo 12-0


Garmo - Lalm 2-1 - Endeleg ein seier! 

Dagningen 16.6.84


Harpefoss - Garmo 6-1

Dagningen 25.6.84

Gudbrandsdølen 25.6.84

Garmo - Vestsida 2-1

Vårsesongen 1984, der Garmo fekk sin fyrste seier i offisielt seriespel. Likevel var laget på sisteplass, etter at dei tapte botnoppgjeret mot Harpefoss helga etter seieren mot Lalm. Når vi ser på lagoppstillingane ser vi at det ikkje alltid var like enkelt å stille med fullt lag - og eit utval med innbytarar.  

Vi må takke Geir Eriksen for at han har teke vare på avisutklyppa, og vi dele desse med oss. Dette er verdifull historie frå ei artig tid i Garmo IL si historie. 

Vi kjem attende med haustsesongen 1984 - litt lenger utpå vinteren. 




Sesongavslutning for fotballen

Postet av Garmo IL den 16. Nov 2015

G/J 9 var sundag kveld samla til avslutning på sesongen. Ei triveleg stund i Kvila med pizza og premieutdeling etter ein flott sesong. Litt vemodig var det likevel. Neste år stiller ikkje Garmo lag, men vi håpar dei fleste fortsett i Lom. Rolv Ivar Bergdølmo vart hedra for flott og engasjert innsats for laget!




Dommarkurs

Postet av Garmo IL den 30. Mar 2014

Dommerkurs i Utgard torsdag 3.4 kl 18.00 for femmer fotball. Påmeldingsfrist 1.4 kl 18.00 til Arild Løken 95056967 eller arildlok@online.no