Nå kan du tjuvstarte på turorienteringa

Postet av Garmo IL den 1. Jun 2022

Vi er godt i gang med å legge ut postar til turorienteringssesongen. Det blir nokre postar i fjellet som vi ikkje her fått ut, så det vil ta eit par, tre veker før vi er klare med kart og klyppekort. 

Det blir likevel høve til å tjuvstarte med 10 postar for dei som ynskjer det. I år brukar vi orienteringsklypar att, men postane som er lagt ut nå har også kodebokstav på seg. Noter postnr, dato og bokstav når du besøker posten, så skriv du dette over på klyppekortet når desse er klare. 

Karta er ikkje klare enno, men desse postane skal vere greie å finne utan kart. 

Vi har lagt ut 2 postar på Veslvassfjellet, ein av dei ved skiltet på toppen, og ein ved ein liten varde heilt synst på. 

Det er 3 postar på Raudberget, Skutlan og Læshøe (Meadalen/Soleggen)

Det er 2 postar på Trolldalskampen og Trælvikskampen. Dette er enkle turar frå Stålane med veldig god utsikt.  (Søre Lia - bomveg) Gå nedanfor seterkvea og over ei klopp - da finn du god stig du følgjer austover før du svingar opp mot høene. 

Så er det 3 postar i Nordherad, ved Flåten (rett vest for husa), Tassmyrhaugen (ved brua) og Nørdre Nistingen (ved den store varden). Gå opp frå Heggerusten, det er skilta til desse turmåla. 

Dersom de ordnar dykk med to bilar er det ein veldig fin tur å ta desse 5 siste postane som ein tur. Set att ein bil ved Heggerusten, og kjør til Stålane Gå via Trolldalskampen, Trælvikskampen og nedatt til stigen som går gjennom Tronget. Det er svak stig, men vegen seier seg stort sett sjølv. Stigen går gjennom Tronget, forbi ruinane av Trælviksetra og vidare til Nørdre Nistingen. Frå der går du skilta stig nedatt til Heggerusten. 

Trælvikskampen med utsikt i retning Tesse. Du får den finaste utsikta over Garmo dersom du går til ein liten varde rett vest for flymerket der posten er.

 



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.