Trekning turorientering
Postet av Garmo IL den 2. Des 2025
Det var 20 som leverte inn kort etter turorienteringa, det ser ut som om deltakinga går litt nedover år for år. Det var 2 under 12 år som leverte kort; Sigrid og Ida Steinehaugen får derfor kvar si termoflaske sponsa av Fjellbanken.
Anne- Kari Christensen og Sigrunn Odde vann kvart sitt gavekort på 1000 kr på Sport 1
Rolv Odde og Siw Iren Bruøygard vann kvar si bok "Eit fotballeventyr i miniatur" - Fotballhistorie frå Lom
Grethe Fjeld og Ida Steinehaugen vann kvar sin ryggsekk frå Fjellbanken
Emrik Fjeld vann ei T-skjorte
Unni Svare Odde vann ein matboks frå Fjellbanken.
