Klart for turorientering

Postet av Garmo IL den 28. Mai 2024

Da er alt klart for turorienteringssesongen. De finn informasjon, kart og klyppekort i postkassa på idrettsplassen. Postane 13,14 (Heggeberget og Tessefjellet) og 15 og 16 (Strondseterhøe og Kleivhøe) er ikkje lagt ut enno. (Kanskje nokon vil ta turen ut med postane?) Det blir gjeve beskjed på facebooksida til idrettslaget når dei siste postane er ute. 

Det er 17 postar i år. Dei som leverar inn kortet med nok klypp er med i trekning om premiar. Vaksne må ha 12  postar, medan born og pensjonistar tek så mange postar dei klarar. Lever kortet til Svein Garmo innan 15. oktober. 

God tur! 




Solid rekord av stafettlaget

Postet av Garmo IL den 5. Mai 2024

Garmo IL sitt stafettlag sprang inn til ei solid sluttid på Holmenkollstafetten i går. Laget fekk sluttida 1.23.19, noko som er over 5 minutt betre sluttid enn i fjor, og laget sette da ein skikkeleg "pers".

Framme frå venstre: Ole Eggen, Per Morten Oldren, Anette Ekle, Ann-Kristin Vangberg, Gudbrand Mo, Andrine Sole. Bak frå venstre: Yngve Laingen, Sindre Garmo, Oddrun Mo, Dagmar Laingen, Trygve Garmo, Sigrid Vangberg, Maria Laingen, Åse Marie Mundal og Karin Sveine

Rekorden vart feira med god middag etterpå - velfortent! 




Garmo IL stiller lag i Holmenkollstafetten

Postet av Garmo IL den 2. Mai 2024

For tredje år på rad stiller Garmo Idrettslag lag i vårens vakreste eventyr - Holmenkollstafetten. Dette skjer fyrstkommande laurdag. 

Fjorårets lag

Garmo startar kl 1410 og stiller med dette laget;

Image Caption

Dei melder over 20 varmegrader i Oslo i helga, så dette blir nok ei flott oppleving. Lykke til - Heia Garmo!