Sterke maratonprestasjoner i Berlin og Oslo
Postet av Garmo IL den 28. Sep 2023
Garmo IL har hatt med maratondeltakarar både i Oslo og Berlin dei siste helgene.
Ann-Kristin Vangberg og Karin Sveine deltok på Berlin Maraton, der båe fullførte heil maraton på 42,195 km. Ann-Kristin fullførte på tida 4.56.01 og Karin på 4.56.49.
Helga før deltok Karin på Oslo Maraton på 10 km, der ho vann klassa med 1.09.09. Dagmar Laingen og Sindre Garmo fullførte halvmaraton, der Dagmar sette pers med tida 1.39.31 og Sindre debuterte på halvmaraton med tida 2.19.17.
Veldig gode resultat frå Garmo IL på desse store arrangementa.
Triveleg dag i Klatreparken
Postet av Garmo IL den 17. Sep 2023
Totalt 23 personar møtte opp i strålande haustvær, både ungar og vaksne kosa seg mellom tretoppane i finværet. Garmo IL ynskjer takke Lom og Skjåk Sparebank som støtta dagen med gavemidler.
Veldig god deltaking på terrengløpet "løp for meg"
Postet av Garmo IL den 3. Sep 2023
Garmo IL arrangerte «Løp for meg» til inntekt for Barnekreftforeininga i dag. Det var heile 50 deltakarar. Summe sprang, andre gjekk, men alle var like blide. Etterpå var det saft, kaffe og kaker inne på Garmo Barnehage. Takk til Bakeriet i Lom for sponsa bollar og kanelsnurrar, Kiwi Lom for bananar til alle deltakarane og Coop Extra Lom for fruktkorg til utlodding og kaffe til servering. Takk til alle som deltok eller støtta løpet på andre måtar.
Det er framleis mogleg å støtte Barnekreftforeininga via denne linken: Støtt Barnekreftforeininga
Garmo IL kan donere nesten 20.000 kroner til Barnekreftforeininga takka vera dykk - og om vi får inn litt til kanskje vi passerar 20.000!
Jo Gjeisar Enersvold sprang 2,5 km!