Oslo Maraton

Postet av Garmo IL den 20. Sep 2025

Garmo IL hadde med 4 deltakarar på Oslo Maraton i dag;

Karin vann klassa si, og Dagmar vart nr 12 i klassa si - veldig sterke plasseringar! 




Kolbott-mila på Lalm

Postet av Garmo IL den 17. Sep 2025

Garmo IL hadde med 3 løparar på Kolbott-mila på Lam i helga. Yngve Laingen vart nr 7 totalt på løpet med tida 40:09:0, Dagmar Laingen nr 13 totalt med tida 45:06:1 og Ann Kristin Vangberg nr 23 med tida 58.28:0

Yngve og Dagmar - spreke sysken (foto frå Lalm IL - facebook)




Sterk maratondebut for Sindre

Postet av Garmo IL den 6. Sep 2025

Sindre Garmo feira 30-års dagen sin i dag med å debutere på full maraton (42km) i Trondheim, der han fullførte på den sterke tida 3.18.19, og vart med dette nr 79 i klassa.

Ein svært tilfreds jubilant etter maratondebuten på 3.18.19 i Trondheim