Årsmelding 2014

Postet av Garmo IL den 18. Mar 2014

Styret har hatt 4 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore stor også i 2013. Det er dyktige folk i aktivitetsgruppene som tek ansvar for å setje i gang aktivitetar, og styret meiner at gruppene fungerar særs godt.

Vi fekk i 2013 kr 20500 i tilskot frå Oppland Fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen til arbeid med stimerking. I løpet av hausten vart det innkjøpt nye skilt og skilta stigar både i Kleppdalen og i Høgkollen-område. Jan Erik Byre og Svein Garmo sto for arbeidet med dette. Vi håpar dette vil vere med å bidra til at enda fleire vil nytte dei fine nærområda våre til turgåing.

Arbeidet med å oppføre ein gapahuk ved idrettsplassen er også kome i gang. Vi fekk innvilga kr. 23500 i tippemidlar til dette. Rolv Ivar Bergdølmo har teke på seg ansvaret for å få fullført dette arbeidet.

Årsmøtet i fjor vedtok at styret skulle vurdere behov for kjøp av ny snøskuter.Vi sette ned ei gruppe som skulle sjå på dette, og det vart i fjor haust innkjøpt ny skuter med løypefres til ein pris av kr. 127.000.

Allidretten vart i fjor haust omorganisert til idrettsskule, og vi mottok i samband med dette stønad frå idrettskretsen på kr 11.000.

Etter initiativ frå Skjåk IL og Lom Idrettsråd var leiaren i haust på eit møte i Lom der temaet for møtet var meir samarbeid mellom idrettslaga, eller kanskje også arbeide med mål om samanslåing på sikt. Laget sitt formål er nå fyrst og fremst å bidra til aktivitetar for dei yngste medlemmane, og å legge til rette for trimaktivitetar for alle. Vi meiner at dette er aktivitetar vi best kan ivareta som eige lag i eige grend, så slik vi ser det er det ikkje så mykje vi kan oppnå med eit utvida samarbeid. Skigruppa har hatt dette som eige sak på møte, og dei ynskjer også at vi driv som vi gjer i dag.

Økonomien i laget er god, overskotet i fjor var på ca 13000. Leiar har fått utbetalt kr 2000 og kasserar kr 4000 i honorar for 2013. Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. Vi inngjekk i fjor ei sponsoravtale med SpareBank 1 Lom og Skjåk som sikrar oss kr. 15.000 i året i 5 år.

Arild og Thomas Løken har hatt ansvaret for idrettsplassen, og idrettsplassen er i god stand.
For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne
  • Bra aktivitet på trimkveldar, der bandy har vore hovudaktivitet
  • Fotballgruppa har hatt med 2 lag i serien
  • Bra frammøte på skirenna (som pga. snømangel vart arrangert på Mån)
  • Godt frammøte på idrettskulen, derskitrening var ein del av opplegget før jul. Har arrangert akedagar i Bjørgebakkane.
  • Idrettsdag på idrettsplassen med godt frammøte med mange aktivitetar
  • Turorienteringa er framleis populær, svært mange deltok og leverte kort også i 2013
  • Mange deltok på større arrangement, og Ragnhild Vestad vart Super-Birkebeiner for andre år på rad ved å klare merket i alle 3 Birkebeiner-arrangementa. Jan Erik Øyen deltok også på alle tre arrangementa og vart med det «årets Birkebeiner».
Medlemstalet var ved årsskiftet 181 medlemmar.

Styret vil takke
  • Alle medlemmane for god aktivitet!
  • Gruppeleiarane, gruppemedlemmane og andre som har vore med for godt og verdifullt arbeid
  • Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege med løypekjøring og islegging
  • Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen
  • SpareBank 1 Lom og Skjåk for sponsoravtale
  • Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagsarbeidet eller støtta laget!
Garmo, mars 2014

Svein Garmo (leiar)
Inger Helene Solbakken (nestleiar)
Rolv Ivar Bergdølmo
AnetteBergheim
Jan Erik Byre

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.