Konsert ved Dagsturhytta

Postet av Garmo IL den 11. aug 2026

Program:

17.00: Felles avgang frå Garmo barnehage for dei som vil (eller møt opp ved Dagsturhytta til kl. 17.30)

17.30-18.30: Samtale og minikonsert med Niklas Bengtsson. Servering av boller frå Bakeriet i Lom.

18.30: Vi ruslar ned attVi spanderer boller til alle som kjem. Ta med eigen kaffe eller anna drikke.

Arrangementet er ope for alle; både små og store! Hugs å kle dykk etter vêret og ta med noko å sitte på.

Her finn du meir info om Dagsturhytta i Lom: https://www.lom.kommune.no/…/turmal/dagsturhytta.99059.aspx


NB! Arrangementet foregår utandørs, og vi må ta atterhald om greitt vêr for å gjennomføre. Blir det nedbør eller mykje vind må vi avlyse; dette vert i så fall opplyst om i arrangementsida på facebook og på Friskus.

Niklas Bengtsson er ein svensk songar og låtskrivar, no busett med familien sin i Lom. Han har halde på med musikk sidan han gjekk på ein musikalsk barne- og ungdomsskule i Stockholm. Han var godt i gang med ein karriere då han flytte til Oslo, men tok ein lang pause for å arbeide, studere og bruke tid på familien. No har han «kjøpt» seg tid til å utvikle karrieren frå det vesle heimestudioet sitt i fjellbygda Lom. Ei tid brukte han artistnamnet Niklas Benjaminson, men i mai gav han ut den fyrste singelen sin under eige namn på straumetenestene. Ei ny utgjeving følgjer i byrjinga av juli.Niklas er blitt skildra som «ei mannleg utgåve av Melissa Horn» og skriv nære og sårbare songar, gjerne med eit filosofisk slør over seg. Han syng mest på svensk, men òg av og til på engelsk. 

Du kan ha høyrt han utan å vite om det, til dømes om du for nokre år sidan såg den svenske ungdomsserien Portkod 1321 eller oppfølgjaren Portkod 1525, der han som ein del av duoen Vinsten hadde den Grammis-nominerte kjenningslåten Luckiest Girl. Duoen gav nyleg ut ein etterlengta oppfølgjar. Du kan òg ha høyrt musikken hans i lydsporet til den ferske norske TV-serien Mord i Sogn, men framfor alt er han ein trubadur i god svensk forteljar- og visetradisjon.


Om arrangøren:

Bli hjå oss i Ottadalen er eit felles prosjekt for kommunane Skjåk, Lom og Vågå, med støtte frå Innlandet fylkeskommune. Målet er å styrkje bulyst, inkludering og tilhøyrsle i Ottadalen ved å skape møteplassar, aktivitetar og nettverk for innbyggjarar og nye tilflyttarar. Prosjektet skal bidra til levande og attraktive lokalsamfunn der fleire trivst, blir verande og ynskjer å busetje seg. 




Logg inn for å skrive en kommentar.