Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag
Postet av Garmo IL den 11. Mar 2015
Årsmelding 2014 for Garmo Idrettslag
Styret har i år hatt 6
styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.
Aktiviteten i Garmo IL
har vore god også i 2014. Det er dyktige og engasjerte folk vi har som leiarar
i dei forskjellige aktivitetsgruppene og desse bidreg stort til att det er
aktiviteter for alle aldersgrupper.
Den 11. mai hadde vi
basar i Garmo Bygdahus. Vi fekk inn mange fine gevinstar, og hovedgevinstane
var Ipad og middag på Andvord. Overskotet vi sat att med var på kr 35.000,-
Det var ynskje frå mange
om å få teke ei ny runde med bestilling av idrettslagsdressar. Laget sponsa kr
250,- pr. del for alle medlemmar. Vi fekk kr 7.500,- frå Brimiland til sponsing
av dette, og dei fekk dermed logoen sin på dressen.
Økonomien i laget er god.
Før avskriving synte det eit overskot på nesten kr. 100.000,-. Dette på grunn
av basarinntekta, ny sponsor samt noko meir i tilskot. Etter avskriving er det
eit overskot på ca. kr 23.500,-. Leiar og kasserar har kvar fått utbetalt kr
4000,- i honorar for 2014. I 2013 inngjekk vi ei sponsoravtale med Lom og Skjåk
Sparebank som sikrar oss kr 15.000,- i året i 5 år.
Vi deltok også i vår på
den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. I haust hadde vi dugnad og rydda
ljosløypa for buskar og kratt. Det vart også rydda noko på dei merka stigane
rundt omkring.
Gapahuken vi fekk
innvilga midlar til, stod ferdig oppkomen på idrettsplassen i oktober.
Ny heimeside vart lansert
den 19. mars, og webansvarleg fell naturleg på Svein Garmo.
Arild og Thomas har hatt
ansvaret for idrettsplassen, og den framstår som meget godt vedlikeheldt.
For
aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne:
Svært bra
frammøte på trimkveldane. Ei auke på deltakarar i spesielt step-gruppa, både
tysdagar og fredagar.
God
aktivitet i fotballgruppa, med 1 lag i serien og deltakarar på dommarkurs.
Godt
frammøte på skirenn, det vart heldt eitt renn i ljosløypa, resten på Mån.
Bygdamesterskap
vart heldt på Mån i starten av mars. 39 startande med representantar frå dei 3
idrettslaga i Lom.
Idrettsskulen fungerer godt, fyller ut sesongen mellom fotball og ski. Både
starta og avslutta året med artige akedagar i Bjørgebakkane.
Populær
turorientering! Også travaleg, men det stoppa ikkje folket. 46 stk har vore
med. Oppstartstur vart arrangert til Havørju.
2 vellukka
fotballturneringer på idrettsplassen i august/september med besøk av lag frå
Heidal, Lom, Skjåk og Vågå.
Vi har nokre dyktige utøvarar som representerar Garmo IL på større arrangement.
Ski: Ragnhild Vestad vart nr 2 i klassa si på Ingalåmi, og vann klassa si i
Troll Ski Maraton. Jan Erik Øyen deltok også på Troll Ski Maraton.
Sykkel: Øyvind Svare Odde og Jan Erik Øyen deltok på Klatrerittet mot Rondane
der Jan Erik vant dette løpet. Anette Bergheim debuterte i Fredagsbirken med
forbruk av god tid, medan Ragnhild Vestad vart «Super Birkebeinar» for 3. året
på rad.
Løp/Maraton:
Jan Erik Byre sprang halvmaraton på Oslo Maraton, medan Mona Aabakken og Britt
Thommasen deltok på 10 km på same arrangement. Ann Kristin Vangberg deltok på
KK mila, også dette i Oslo. Jan Erik Øyen deltok på Flækøyhøe opp og vann
klassa si.
Medlemstalet var ved årsskiftet 195 medlemmar.
Styret vil
takke :
Alle
medlemmar for god aktivitet i 2014!
Engasjerte
gruppeleiarar og gruppemedlemmar for verdifullt arbeid
Alle som
har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege til løypekjøring,
brøyting og islegging
Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen.
Erland
Arnfinn Haugen for god hjelp da vatningsanlegget stagnerte i sumar
Rolv Ivar
for flott innsats med gapahuken
Gausdal
Landhandleri for ny ryddesag til idrettslaget
Alle som
gav eit bidrag til basaren
Brimi land
for sponsing i forbindelse med nye dressar
Lom og
Skjåk Sparebank 1 for sponsoravtale
Alle andre
som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagssamarbeidet eller støtta
laget.
Garmo, mars 2015
Anette Bergheim (leiar)
Inger Helene Solbakken
(nestleiar)
Jan Erik Byre
Rolv Ivar Bergdølmo
Arne Bjørgen