Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 23. Des 2021

Turgruppa inviterar til juletrimlotteri. 

Alle som besøker turmåla på Høgkollen, Postkassa ved skogsvegen i Kollen, Postkassa aust for Sandom, Raudberget, Storskardet, Eklehaugen og postkassa ved Byrsetra frå og med 24.12.20 til og med sundag 2. januar 2021 får tildelt lodd og er med i trekning av premiar. 

Pga av smittesituasjonen er det ikkje nødvendig å skrive namnet i turbøkene denne jula. Vi ber om at dei som vil delta på lotteriet sender oversikt over turane dei har vore på på epost til sveigarm@online.no. Skriv på dato, namn og turmål. Send inn lista seinast tysdag 4. januar.

Du får to lodd ved å besøke Storskardet, Høgkollen, Eklehaugen og Raudberget, og eitt lodd ved å besøke dei andre turmåla. Du kan få lodd berre frå eitt turmål kvar dag.

Setervegen er veldig glatt, så vi anbefalar å parkere ved Bjørgen. Det er generelt glatt i terrenget nå, så det kan vere lurt med brodder eller piggsko.




Tenning av juletre!

Postet av Garmo IL den 24. Nov 2021

Frisvoldskogen Vel og Garmo Idrettslag inviterar til tenning av juletreet på idrettsplassen laurdag 27. november kl 1700. Det blir servering av gløgg og pepparkaker. 



Trekning turorientering og premiering virituelt terrengløp

Postet av Garmo IL den 9. Nov 2021

Det var 27 som leverte inn kort og vart med på trekning av turorienteringspremie. Det er ein liten nedgang frå i fjor 

  • Torgrim Langøygard og Imre Fjeld vann kvart sitt gåvekort på kr 1000,00
  • Erna Holø vann sekk frå SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken
  • Svein Garmo vann bag frå SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken
  • Grethe Stokke Fjeld og Synnøve Bjørgen vann kvar sin kniv frå Kulturminnefondet
  • Sigrunn Odde og Viljar Marstein vann kvar si drikkeflaske frå Kulturminnefondet
  • Inger Helene Solbakken vann huve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken
  • Rolv Odde vann korthaldar frå Kulturminnefondet

Dagmar Laingen og Simen Bjørgen får 5-års krus. 

Vi har også hatt virituelt terrengløp. 

Dagmar Laingen var den einaste som fullførte alle løpa og får hovudpremien som er ein bag frå SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken. Alle som deltok får deltakarpremie. 

Premiane vil bli utdelt ved anledning. 

Takk til alle som har delteke, og til SpareBank 1 Lom og Skjåk Fjellbanken og Kulturminnefondet for premiar!





Step

Postet av Garmo IL den 3. Nov 2021

Det er step i gymsalen kvar tysdag kl 19. Vel møtt! 




Idrettsskule vinteren 21-22

Postet av Garmo IL den 24. Okt 2021

Velkomne til ny sesong med idrettsskule! Oversikt over kveldar finn de nedanfor. 

Oppmøte i gymsalen ved Garmo barnehage, dersom ikkje anna står. 

Deltakarane må vere medlemmar i Garmo IL. 

Instruktørar kan få tak i nøkkel til gymsalen ved å kontakte Ann-Kristin Vangberg i Garmo IL.

Fint om de byter med ein annan dersom oppsett dato ikkje passar.

Etter jul satsar vi på skiføre, og det vil bli gjennomført skirenn i staden for idrettsskule. Dersom vær og temperatur gjer at skirennet blir avlyst, blir det idrettsskule i gymsalen i staden. Dei som er sett opp på datoar med skirenn, hjelp til med arrangementet. Ved eventuell avlysing av skirenn, har dei ansvar for gymsalaktivitetar. Følg med på http://garmo-il.idrettenonline.no/ og/eller Facebook-sida til Garmo IL. Vi informerer òg om eventuelle endringar på desse stadane. 

 

Takk til alle som stiller som instruktørar! Utan dykk, ingen idrettsskule! 

Her er oversikt dersom de vil skrive ut: Idrettsskule 2021-22[4033].docx


Gruppe A kl. 17.30-18.30 – 5-åringane frå barnehagen + elevar i 1., 2. og 3.klasse

Gruppe B kl. 18.30-19.30 – elevar i 4., 5., 6. og 7.klasse

Veke 43

Onsdag 27.oktober

Gymsalaktivitet

Emma Randen Bergdølmo/Linnea Lyngved Marstein

Veke 44

Onsdag 03.november

Gymsalaktivitet 

Sara Løken/Mari Bjørgen

Veke 45

Onsdag 10.november

Gymsalaktivitet 

Britt Ingunn Sveen/Svanhild Lyngved

Veke 46

Onsdag 17.november

Gymsalaktivitet 

Britt Ingunn Sveen/Svanhild Lyngved

Veke 47

Onsdag 24.november

Gymsalaktivitet

Gaute Husom/Geir Ole Lyngved

Veke 48

Onsdag 01.desember

Gymsalaktivitet

Gaute Husom/Geir Ole Lyngved

 

Juleferie

 

Veke 2

Onsdag 12.januar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Sara Løken/Mari Bjørgen

Veke 3

Onsdag 19.januar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Emma Randen Bergdølmo/Linnea Lyngved Marstein

Veke 4

Onsdag 26.januar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Gudbrand Mathias Mo/Thorstein Steinehaugen

Veke 5

Onsdag 02.februar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Gudbrand Mathias Mo/Thorstein Steinehaugen

Veke 6

Onsdag 09.februar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Ann-Kristin Vangberg/Jon Are Fjeld

Veke 7

Onsdag 16.februar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Ann-Kristin Vangberg/Jon Are Fjeld

Veke 8

Onsdag 23.februar

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Ingrid Nordjordet Sætrom/Kari Mette Gjeisar

Veke 9

Vinterferie

 

Veke 10

Onsdag 09.mars

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Ingrid Nordjordet Sætrom/Kari Mette Gjeisar

Veke 11

Onsdag 16.mars

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Siv Iren Øyen/Ros-Mari Kirkeby

Veke 12

Onsdag 23.mars

Skirenn/ved avlysning: ansvar for gymsalaktivitet

Siv Iren Øyen/Ros-Mari Kirkeby

Veke 13

Onsdag 30.mars

Gymsalaktivitet 

Ingrid Ødegård/Anette Bergheim

Veke 14

Onsdag 06.april

Gymsalaktivitet

Ingrid Ødegård/Anette Bergheim

Veke 15

Påskeferie

 




Tur til Knippen

Postet av Garmo IL den 4. Okt 2021

Turgruppa gjer eit nytt forsøk på fellestur. Sundag 10. oktober er turmålet Knippen i Bøverdalen, mellom Røisheim og Raudbergstulen. 

Turen er på omlag 500 høgdemeter, les og sjå litt meir om turen her;

Turtips: Fottur til Knippen | Hiking | Bøverdalen | Norway (visitnorway.no) 

Vi møtest ved Røisheim kl 10 - så går vi oppover skogen i jamn stigning på god skogssti. 

Vi håpar mange ynskjer å vere med på fellestur i eit område der mange av oss kanskje ikkje er så godt kjent. 

Påmelding til Svein på 90937456 eller sveigarm@online.no seinast laurdag 9. okt kl 16. Vi må ha minimum 5 påmeldte for at turen skal bli gjennomført. 



Turorienteringssesongen går mot slutten

Postet av Garmo IL den 22. Sep 2021

Det nærmar seg oktober og vi ynskjer nå å ta inn att alle turorienteringspostane. Gje beskjed til Svein om de vil hjelpe til med å hente postar. Vi oppdaterar på Facebook etter kvart som postane blir henta. Klyppekort kan leverast til Svein, eller evt sende kodebokstavane til sveigarm@online.no




Turorienteringssesongen går mot slutten

Postet av Garmo IL den 12. Sep 2021

Det er tid for å hente nedatt postane som er lagt ut i fjellet, og vi håpar nokon kan hjelpe  til med dette. Dette gjeld postane på Buaberget, Smådalen, Soleggje, Vittingstjønn og dei to på Fuglehøe. 

Dei andre postane kan henge ute litt til.

Gje beskjed til Svein på 90937456! 



Dugnad 25. september

Postet av Garmo IL den 26. Aug 2021

Garmo Idrettslag og Velforeninga i byggefeltet inviterar til dugnad på idrettsplassen og området rundt den 25. september. Vi møter opp kl 10 på idrettsplassen for ein kaffekopp og gjennomgang av kva som må gjerast. 

Vi skal rydde i området rundt idrettsplassen og få vekk noko tre og buskar m.a. Har du hekksaks e.l. er det fint om du tek med deg det. 

Ha på arbeidshanskar, vi treng folk til å vere med å bere vekk det som blir teke ned.

Vi satsar på litt sosialt med grilling på bålpanna i løpet av dagen.



Fellesturen avlyst

Postet av Garmo IL den 21. Aug 2021

Fellesturen til Kvitingskjølen avlyst pga liten interesse.


Vil du bli med på Holmenkollstafetten?

Postet av Garmo IL den 20. Aug 2021

Garmo IL vil stille lag i Holmenkollstafetten 14. mai 2022. 

Laget skal vere eit mosjonslag for båe kjønn. Det er ingen store ambisjonar om seier eller rekord, her er det plass til alle. Hovudmålet er å ha det morosamt. Vi stiller i klasse FH, slik at rullestolbrukarar kan stille. 

Det er 15 etapper. 

Dersom du har lyst til å bli med;  meld deg på til Oddrun Mo på tlf/sms 41567940




Fellestur til Kvitingskjølen

Postet av Garmo IL den 18. Aug 2021


Turgruppa inviterar til fellestur til Kvitingskjølen frå Smørlie sundag 22.8. Turen er 8-9 km kvar veg, og det stig omlag 1000 høgdemeter. Vi bør rekne 7-8 timar tur/retur. Vi vil ha fint ver, så vi tek atterhald om at vi får det, og om at det blir nok påmeldte. Vi møtest i Smørlie (ved setra til Nørdre Odde) kl 0900. Påmelding til Svein på 90937456 seinast laurdag kl 16.



Solid prestasjon av Alexander

Postet av Garmo IL den 4. Jul 2021

Alexander Lapschies deltok i helga på den fyrste utgåva av Jotunheimen Ultimate Challenge, løpet som gjekk frå Glitterheim til Juvasshytta via Glittertinden, Galdhøpiggen og Visdalen. 


Alexander starta friskt, og passerte Glittertinden på utrulege 1,5 timar. Etter å ha passert Spiterstulen fortel Alexander at han gjekk tom for krefter på tur opp mot Galdhøpiggen. Likevel kom han på toppen på Galdhøpiggen 6 timar og 42 min etter han starta frå Glitterheim. 

Som ein av mange måtte Alexander stoppe løpet på Spiterstulen etter å ha vore på Galdhøpiggen grunna makstid. 

Det var uansett ein sprek prestasjon av Alexander med 1,5 timar til Glittertinden, og med å ha vore på dei to høgaste toppane i Nord-Europa på same dag. 

Alexander på veg opp til Galdhøpiggen (foto: Steinar Hov)

 




Alt klart for turorienteringssesongen

Postet av Garmo IL den 21. Jun 2021

Nå har vi plassert ut alle postane for turorienteringssesongen 2021, det er 17 postar i alt.  Kart og klyppekort finn du i ei postkasse på veggen på lageret på idrettsplassen. Vi brukar bokstavkoder også i år, så i staden for å klyppe i kortet kan du skrive på koda på kortet. Lever kortet til Svein Garmo innan 15. oktober (evt send bokstavkodene på e-post til sveigarm@online.no) så er du med i trekning av premiar. Vaksne må ha 14 bokstavar, medan born og pensjonistar tek så mange postar dei vil. 

Du kan også laste ned kart og kort her; 

Kart tur O 2021[3535].docx

God tur! 

Posten ved Øvre Grotåe

 





Klart for tjuvstart for turorienteringa

Postet av Garmo IL den 9. Jun 2021


Vi er i full gang med å legge ut postane for turorienteringssesongen. Kart og kort blir ikkje i orden før omkring St.Hans, men mange av postane er ute og klare for å få besøk. Vi brukar bokstavkoder i staden for klyper også denne sesongen, så om du ynskjer å starte så kan du skrive ned nr og bokstav på posten (evt ta bilde), og så føre det på kortet når alt er klart. Da får de også nærare skildring av turane. Postar som er klare: 

2 stk på Veslvassfjellet, ein ved skiltet og ein under ein stein nesten heilt på søre enden 

1 på ei tømmerkoie nedanfor Krosstjøynn (i Kampåm) Følg skogsveg ned frå Krosstjøynn.

1 ved Gjesingvatnet, følg merking frå posten ovanfor. 

1 på Raudberget 

1 på Skårådalsberget 

1 på Steinen i Lia



Interessant og triveleg fellestur

Postet av Garmo IL den 7. Jun 2021

Vi hadde ein interessant og triveleg fellestur i fint sommarver førre veke. Vi var 14 deltakarar som møtte opp i Mo, og starta turen innover Moagrenda. Turen gjekk oppover i skogen, før vi gjekk nordover til Gamelsetra. Dette var gammal seter tilhøyrande Graffer. Ein kan såvidt sjå restar etter hustoftene der.

Frå Gamelsetra fann vi eit råk som gjekk nedover til ein skogsveg, der svinga vi vidare nordover i retning Svarva til vi kom til Nysetra. Som namnet seier er dette ein nyare seterstul som også tilhøyrde Graffer. Der ser ein restar etter gamle murar, og ein finn også vangar og århella av peisen. 

Vi gjekk skogsvegen nedoveratt i retning Haug og vidare langs Vulu attende til Mo.

Dette var ein interessant tur i eit område som er lite kjent for mange som var med på turen. Den gode deltakinga og det flotte sommarveret gjorde at dette var ekstra triveleg. 




Virtuelle løp i Garmo

Postet av Garmo IL den 16. Mai 2021

I sommar arrangerer Garmo idrettslag virtuelle løp. 

Vi har laga fire ulike løyper:

Løp 1: Kjørre-Lågkøyllen, 1,4 km.

Løp 2: Renseanlegget-Sandom, 2km.

Løp 3: Ljosløypa, 1,15 km. Start og mål sør for lagerhuset på idrettsplassen.

Løp 4: «Frå bom til bom», 6,7 km. Frå vegbommen på Nåvårseter til bommen på Nordsetra, ved Granrudsetra. 

Det er ingen nedre aldersgrense for å delta. På løp 2 og 4 kan ungar under 12 år bruke sykkel.

Deltakarane vel sjølve om dei vil springe eller gå, om dei vil bruke klokke eller app til å ta tida si, eller om dei berre vil delta. Etter fullført løp sender deltakarane inn informasjon om løpet sitt til Oddrun Mo. Informasjonsplakatar med kart er sett opp ved start og mål på kvar løype. Der finn ein og framgangsmåten til å melde inn at ein har delteke. Løpa blir avslutta midt i september. 

Premiering til dei som deltek på alle fire løpa + uttrekkspremiar. 

Det er Strava-segment på heile strekka på løp 1, løp 2 og løp 3. Delar av løp 4 har og eit segment (frå Mosetra og 2.7 km nordover). 

Har de spørsmål, ta kontakt med Oddrun Mo, tlf: 415 67 940.

Velkomne til løp! 



Ny dato for fellesturen: 2.juni

Postet av Garmo IL den 2. Mai 2021

Turgruppa ynskjer å arrangere kveldsturar som passar for alle, og den fyrste turen blir onsdag 2. juni til Gamelsætre i baksida i Vårdalen. 

Dette er ein enkel tur som passar for alle, omlag ein time kvar veg. 

Vi møtest i Mo kl 1800. Vi håpar på godt frammøte!



Klasseseier til Oda i GD-cup!

Postet av Garmo IL den 15. Mar 2021

Oda Sætrom Steinehaugen deltek i GD-cupen i langrenn, og på Trabelirennet denne helga tok ho likegodt klasserseieren i J11-klassa! Førre helga var Oda med på Tessandsprinten og tok der ein flott 3. plass. 

Det er imponerande innsats av Oda, og det er veldig artig å sjå at Garmo IL har med deltakarar i GD-cupen i langrenn 

(Bildet har vi tjuvlånt frå GD.no - der det er mange fleire bilde frå desse renna)

 

 




Nydeleg skitur!

Postet av Garmo IL den 28. Jan 2021



Vi var 6 som møttest ved Bjørgen og nytta den flotte fullmånen til ein skitur til Eklehaugen. Det var -22 da vi starta turen, men vi var godt kledd så kulden var slett ikkje noko problem. Takk for flott tur til dei som deltok!


Kveldstur på ski

Postet av Garmo IL den 25. Jan 2021


Denne veka er der fullmåne, og turgruppa inviterar til skitur på Eklehaugen torsdagskvelden. Det er nydeleg skiføre i Kleppdalen, og i kveld har vi gått opp løype frå Byrsetra til Eklehaugen. Vi møtest ved Bjørgen kl 19, og går i samla flokk frå der. Ta med hugulykt, godt med klede og kanskje litt mat og drikke. Dette blir ein tur i roleg tempo som passar for alle. Håpar mange vil bli med!



Trekning juletrimlotteriet

Postet av Garmo IL den 6. Jan 2021

Det var god deltaking på juletrimlotteriet, det fine juleveret og skiføret gjorde at mange nytta høvet til å ta seg ein trimtur i det flotte turområdet vi har rundt oss. 

Det vart delt ut 297 lodd til 50 forskjellige deltakarar. Det vart delt ut flest lodd på Høgkollen (96) og Eklehaugen (74).

Vinnarar: 

  • Jan Erik Byre - Gavekort kr 500 på Sport 1  (Høgkollen 24.12)
  • Grethe Fjeld - Gavekort kr 500 på Sport 1 (Høgkollen 28.12)
  • Erik Øyen Smedsmo - Brusletto-kniv (gåve frå Kulturminnefondet) (v Sandom 31.12)
  • Simen Wie - Brusletto-kniv (gåve frå Kulturminnefondet) (Høgkollen 26.12)
  • Simen Bjørgen - Huve (gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk) (Eklehaugen 29.12)
  • Emrik Fjeld - Huve (gåve frå SpareBank 1 Lom og Skjåk)  (Køyllaløypa 28.12)
  • Reidar Marstein - Korthaldar (gåve frå Kulturminnefondet)  (Høgkollen 26.12)
  • Ann Kristin Vangberg - Korthaldar (gåve frå Kulturminnefondet)  (Byrsætre 31.12)

Premiane vil bli delt ut. 

Takk til alle som deltok - kom gjerne med idear til turar og aktivitetar turgruppa kan gjennomføre.