Virtuelle løp i Garmo
Postet av Garmo IL den 16. Mai 2021
I sommar arrangerer Garmo idrettslag virtuelle løp.
Vi har laga fire ulike løyper:
Løp 1: Kjørre-Lågkøyllen, 1,4 km.
Løp 2: Renseanlegget-Sandom, 2km.
Løp 3: Ljosløypa, 1,15 km. Start og mål sør for lagerhuset på idrettsplassen.
Løp 4: «Frå bom til bom», 6,7 km. Frå vegbommen på Nåvårseter til bommen på Nordsetra, ved Granrudsetra.

Det er ingen nedre aldersgrense for å delta. På løp 2 og 4 kan ungar under 12 år bruke sykkel.
Deltakarane vel sjølve om dei vil springe eller gå, om dei vil bruke klokke eller app til å ta tida si, eller om dei berre vil delta. Etter fullført løp sender deltakarane inn informasjon om løpet sitt til Oddrun Mo. Informasjonsplakatar med kart er sett opp ved start og mål på kvar løype. Der finn ein og framgangsmåten til å melde inn at ein har delteke. Løpa blir avslutta midt i september.
Premiering til dei som deltek på alle fire løpa + uttrekkspremiar.
Det er Strava-segment på heile strekka på løp 1, løp 2 og løp 3. Delar av løp 4 har og eit segment (frå Mosetra og 2.7 km nordover).
Har de spørsmål, ta kontakt med Oddrun Mo, tlf: 415 67 940.
Velkomne til løp!


Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Garmo IL
Lisboa halvmaraton
09.03.2026
Nytt storby-maraton fullført for Ann-Kristin
06.03.2026
Årsmøte
24.02.2026
Trekning juletrimlotteri
18.01.2026
Juletrimlotteri
22.12.2025