Isbana på idrettsplassen

Postet av Garmo IL den 23. Des 2014

Gaute Husom har sagt seg viljug til å prøve å legge is på isbana i vinter. Da er det godt håp om at det kan bli råd å få prøvt skeisene også i vinter for den som vil!

Det kan vere godt å vere fleire om dette - så ta kontakt med Gaute dersom du ynskjer å hjelpe til!






Aking i setervegen

Postet av Garmo IL den 9. Des 2014

Idrettskulen/Allidretten arrangerer aking i Kleppdalen onsdag 10.12.2014 Oppmøte på Bjørgen kl. 17.30 Vi går i samla flokk oppover og renner puljevis nedatt. Dei under skulealder er og hjarteleg velkomne i lag med ein vaksen. Håpar mange andre vaksne blir med og. NB! Ha på refleksvest og huggulykt. Vi spanderer varm saft og pepperkaker ved mål.




Isbana på idrettsplassen

Postet av Garmo IL den 27. Nov 2014

Arild har i mange år hatt ansvaret for å legge is på isbana på idrettsplassen, men ynskjer nå avløysing. Styret i idrettslaget håpar det er nokon som har tid og lyst til å ta på seg ansvaret for islegginga i vinter. Vi treng ein til å vere ansvarleg, og det hadde vore fint om eit par, tre hadde kunne vore med på arbeidet med islegging.

Arild vil bidra med opplæring og med å hjelpe ei ny isleggingsgruppe i gang med arbeidet. Dersom du vil vere med å bidra med islegginga i vinter send ein mail til Anette på post@garmo-il.com.







Turorientering

Postet av Garmo IL den 12. Nov 2014

Turgruppa har summert årets deltakelse fra turorienteringa. Kjempeflott deltakelse. Heile 46 stk har vore med frå alderen 1-85 år.

Her er dei heldige vinnarane i år:
Mari Bjørgen: gavekort 500 kr
Johanne Langøygard: gavekort 500 kr...
Ann Ann-Kristin Vangberg: gavekort 500 kr
Torstein K. Garmo: gavekort 300 kr
Erna Kjellaug Holø: gavekort 200 kr
Gavekorta er gjeve av Garmo IL
Jo Bjørgen: buff, gjeve av Sport 1
Unni Svare Odde: powerball, gjeve av Sport 1
Kari Langøygard: hodelykt, gjeve av Gausdal Landhandleri
Arild Løken: kortholder. gjeve av Fjell og fritid
Bjarne Vangberg: kortholder, gjeve av Fjelltid og fritid
Ivar Hammerdalen: sekk, gjeve av Ottadalen mølle
Ida Sætrom Steinehaugen: sokker, gjeve av Ottadalen mølle
Elin B. Odde: refleksvest, gjeve av Ottadalen mølle
Anne Jorunn Ekle: sekk, gjeve av Sparebank 1, Lom og Skjåk
Ingebjørg Brenden: lue, gjeve av Sparebank 1, Lom og Skjåk
Aud Marstein: drikkeflasker, gjeve av Sparebank 1, Lom og Skjåk.







11 stk får 5-års krus:
Erna Kjellaug og Tor Holø
Gudmund og Hilda Brekka
Tor, Ingebjørg, Hanna og Ivar Hammerdalen
Ingebjørg Brenden
Jan Erik Byre
Kari Langøygard

Premiar og krus kjem i postkassa hjå dei heldige etter kvart




Klart for innebandy

Postet av Garmo IL den 11. Nov 2014

Det blir oppstart med innebandy fom torsdag 20.11. kl 19.00-20.00, aldersgrense fom 15 år. Dette blir eit prøveprosjekt ut november, for å føle på interessen.









Mønsåsskålen er utsett!

Postet av Garmo IL den 9. Nov 2014

Mønsåsskålen som etter planen skulle foregå idag, har vi valgt å utsetja til ein annan dag med betre vær! Lovar å koma attende til dette, kanskje ein fin vinterdag i desember med sjogleik, pysjgrilling og varm gløgg i koppen



Turorientering 2014

Postet av Garmo IL den 3. Nov 2014

Hugs å levere kortet til Unni Svare Odde innan 10. november!






Byttedag for ski- og vinterutstyr

Postet av Garmo IL den 30. Okt 2014

Salg / byttedag av ski og vinterutstyr
Rydd i boden/ garasjen og kom med ski, skisko, skeiser etc. til Garmo Bygdahus laurdag 15.nov.
De må sjølve prise varene. Vi tek imot frå kl 9.30







Idrettsskulen

Postet av Garmo IL den 22. Okt 2014

Idrettsskulen blir inne i kveld 22. oktober.




Mønsåsskål!

Postet av Garmo IL den 20. Okt 2014

Som mange kanskje har fått med seg så har det vore noko banking og saging den siste månaden ved idrettsplassen! Og resultatet av dette må vel være bygdas flottaste gapahuk med den flottaste utsikta! Slike nye, flotte bygg lyt sjølsagt ha ein mønsåsskål, og søndag 9. november må være ein fin dag å ha dette på.

Det vil sosialt samvær med grilling av pysje på bålpanna og champagnebrus i glaset.

Vi vil også gje gapahuken eit navn som vil bli avgjort og offentleggjort på åpninga! I den forbindelse vil vi be om att navneforslag blir sendt til Anette Bergheim på post@garmo-il.com innan 9. november.

Fint om bodskapet blir formidla til dei yngre som kanskje ikkje er på mail eller internett enda! Vi håper på mange forslag, og vinnaren vil sjølvsagt bli premiert!

Vel møtt - arrangementet startar kl 1200!






Ny gapahuk

Postet av Garmo IL den 12. Okt 2014

Vi fekk tildelt tippemidlar for nærmiljøanlegg til oppføring av gapahuk ved idrettsplassen - og nå er den ferdig og klar til bruk! Det er Rolv Ivar Bergdølmo som har stått for det bygginga av denne flotte gapahuken - og vi håpar denne kan vere til glede og nytte i mange år framover! Ein fin plass å leike - og eit turmål i nærmiljøet. Smør med niste - kok med kaffe eller kakao og ta gapahuken i bruk!

Gapahuken skulle hatt eit navn - send forslag til post@garmo-il.com!









Idrettsskulen 8.oktober

Postet av Garmo IL den 8. Okt 2014

Idrettsskulen 8. oktober: Oppmøte ved skulen, kle dykk for uteaktivitetar. Ha på refleksvest og ta med hugulykt dersom du har. Det er ikkje nødvendig med skistavar. Ved mykje regn vil den yngste gruppa (1. - 4. klasse) vere i gymsalen.




Vi startar opp att med styrketreningskveldar

Postet av Garmo IL den 7. Okt 2014

Det blir styrketreningskveldar att kvar måndagskveld i gymsalen kl 1830. Dette er ein enkel og fin trening som passar for alle - gammal som ung!

Det er enklare å kome i gang med styrketrening når ein er fleire som kan drive i lag - så vi oppmodar alle om å stille opp!

Situps, armhevingar og planken er enkle og fine øvingar som nok vil bli ein del av styrketreningsprogrammet.



Populært med step

Postet av Garmo IL den 30. Sep 2014

Step har vore av dei mest populære aktivitetane til Garmo IL dei seinare åra. To kveldar i veka i frå haust til vår er gymsalen fyllt med spreke stepparar. Mona Aabakken gjer ein kjempegod jobb med å vere instruktør, og denne aktiviteten har ført til at idrettslaget har fått mange nye medlemmar også frå utanfor Garmo. Stepkveldane blir avslutta med ei god økt med styrketrening.

Bildet er frå økta i kveld der om lag 20 damer - og ein einsleg kar deltok.





Herretrimfotball

Postet av Garmo IL den 30. Sep 2014

Herretrimfotballen startar oppatt onsdag 1. oktober kl 1930! Møt opp!



Dugnad

Postet av Garmo IL den 28. Sep 2014

Det er haust, og tid for dugnad i ljosløypa.  Dette blir måndag 6.10 kl 18. Oppmøte ved klubbhuset.
Ta med ryddesag om du har.

Vel møtt til dugnad :)



Hausttreff

Postet av Garmo IL den 28. Sep 2014

Heidal il. og Lalm il. inviterer med dette til Hausttreffen 2014, med baneløp, rulleski, terrengløp og motbakkeløp: frå 29 september, til 4.oktober.

Vi har satt opp følgende program:
Mandag 29/9. Baneløp, Lalm stadion. Distanser: 400m, 1500m, 3000m.

Onsdag 1/10. Rulleskisprint, Heidal barne og ungdomsskule. Parkering ved >Heidalshallen.Valgfri stilart. Hjelm påbudt.

Torsdag 2/10. Terrengløp, Rindvang, Heidal. Distanser: 500m, 1000m, 3000m og 6000m.

Laurdag 4/10. Motbakkeløp, Rindseterløpet Lalm. Distanser: 600m med påmelding og start ved Rindsetra mellom Lalm og Heidal. Eller 2300m, 230hm. (Rindseterløpet) med påmelding og start ved samvirkelaget Lalm.

Klasser: Alle.
Påmelding: Seinast ½ t.før start.
Starttider: Mandag, onsdag og torsdag kl.19.00, laurdag kl.14.00.
Startkontigent: Kr. 30.- pr løp.
Premiering: Til alle som deltek i minst 2 løp. Premiene blir delt ut i etterkant av Rindseterløpet.
Rulleski: Vi har nokre par til utlån, ellers prøver vi å låne av kvarandre slik at dei som ikkje har egne rulleski også får anledning til å delta. Ta med skisko/staver og hjelm. Hjelm påbudt. Valgfri stilart, og du velger sjølv hvilken distanse du vil delta i. ( Gjelder alle arrangement)
Spørsmål: Er det noko du lurer på, så ta kontakt med : Svein 97414365, Kirsten 91197084,Torunn 90593488
Vel møtt til hausttreffen 2014.



Hausttreff

Postet av Garmo IL den 28. Sep 2014

Heidal il. og Lalm il. inviterer med dette til Hausttreffen 2014, med baneløp, rulleski, terrengløp og motbakkeløp: frå 29 september, til 4.oktober.

Vi har satt opp følgende program:
Mandag 29/9. Baneløp, Lalm stadion. Distanser: 400m, 1500m, 3000m.

Onsdag 1/10. Rulleskisprint, Heidal barne og ungdomsskule. Parkering ved >Heidalshallen.Valgfri stilart. Hjelm påbudt.

Torsdag 2/10. Terrengløp, Rindvang, Heidal. Distanser: 500m, 1000m, 3000m og 6000m.

Laurdag 4/10. Motbakkeløp, Rindseterløpet Lalm. Distanser: 600m med påmelding og start ved Rindsetra mellom Lalm og Heidal. Eller 2300m, 230hm. (Rindseterløpet) med påmelding og start ved samvirkelaget Lalm.

Klasser: Alle.
Påmelding: Seinast ½ t.før start.
Starttider: Mandag, onsdag og torsdag kl.19.00, laurdag kl.14.00.
Startkontigent: Kr. 30.- pr løp.
Premiering: Til alle som deltek i minst 2 løp. Premiene blir delt ut i etterkant av Rindseterløpet.

Rulleski: Vi har nokre par til utlån, ellers prøver vi å låne av kvarandre slik at dei som ikkje har egne rulleski også får anledning til å delta. Ta med skisko/staver og hjelm. Hjelm påbudt. Valgfri stilart, og du velger sjølv hvilken distanse du vil delta i. ( Gjelder alle arrangement)
Spørsmål: Er det noko du lurer på, så ta kontakt med : Svein 97414365, Kirsten 91197084,Torunn 90593488
Vel møtt til hausttreffen 2014.



Sprekingar i Oslo

Postet av Garmo IL den 25. Sep 2014

Vi har hatt nokre sprekingar med på løp i Oslo, Jan Erik Byre sprang halvmaraton på Oslo Maraton på tida 1.37.29. Mona Aabakken og Britt Thommassen deltok på 10 km. på dette arrangementet. Tidligare i haust deltok Ann Kristin Vangberg på KK-mila, også dette i Oslo.



Postet av Garmo IL den 25. Sep 2014




Klart for allidrett

Postet av Garmo IL den 25. Sep 2014

Det er klart for idrettsskule (allidrett) att. Det blir onsdagskveldane etter følgande plan;


  • Gruppe 1 1.-4. klasse Kl. 17.30-18.30
  • Gruppe 2 5.-7. klasse Kl. 18.30-19.30



vekeAnsvarAktivitet
41Ragnhild Vestad/Erik AurmoBARMARKTRENING
42Ragnhild Vestad/Erik AurmoBARMARKTRENING
43Ragnhild Vestad/Erik AurmoBARMARKTRENING
44Alexander LapschiesBALLSPEL/GYMSAL
45Elisabeth LyngvedBALLSPEL/GYMSAL
46Runhild BakkeBALLSPEL/GYMSAL
47Heidi RandenBALLSPEL/GYMSAL
48Alexander LapschiesBALLSPEL/GYMSAL
49Elisabeth LyngvedBALLSPEL/GYMSAL
50Grethe S.F., Magnhild B. og Ann-Kristin V.AKING OM VÆR OG FØRE TILLET DETTE



Stor fotballturnering på idrettsplassen!

Postet av Garmo IL den 3. Sep 2014

Laurdag 6. september er det stor fotballturnering på idrettsplassen. 9 lag frå Heidal, Skjåk, Vågå, Lom og Garmo spelar turnering. Dei fyrste kampane går i gang kl 11.15.  Det er spådd fint ver, og vi håpar mange stiller opp og bidreg til god stemning. Det blir sal av saft, kaffe, vaflar og biteti ved ei elevbedrift frå ungdomsskulen.

Barnefotball er gøy - og vi kan garantere målrike kampar!



Spreke Birkebeinerdamer

Postet av Garmo IL den 1. Sep 2014

Garmo IL hadde med to deltakarar på Birkebeinerrittet i år.  Anette Bergheim debuterte i Fredagsbirken og fullførte rittet på 6.23.48. Ragnhild Vestad sette ein solid personleg rekord med tida 3.48.56, med god margin til merket. Ragnhild vart med dette "Super-Birkebeiner" for 3. året på rad ved at ho har klart merket i dei 2 Birkebeinerarrangementa som har inngått i dette i år. (Rennet vart avlyst) 

Bildet viser Anette på tur mot mål (Foto; stole frå Anette sin Facebook-profil....)



Full fart på fotballturnering

Postet av Garmo IL den 30. Aug 2014

Det var full fart og god stemning på fotballturneringa på idrettsplassen onsdagskvelden. Garmo IL fekk besøk av lag frå Heidal, Lom, Skjåk og Vågå. Det var mykje folk på idrettsplassen som fekk oppleve kor artig det er med barnefotball. Ei elevbedrift frå ungdomsskulen stod for serveringa.På blidet ser vi Emil og Estin i kamp mot Lom



Fotballturnering 27. august

Postet av Garmo IL den 26. Aug 2014

Det blir stor fotballturnering på idrettsplassen onsdag 27. august kl 1800.  Det er lag frå Garmo, Vågå, Lom, Skjåk og Heidal som møtest til dyst. 

Vi håpar at mange tek turen til den flotte idrettsplassen vår for å sjå på dei flinke ungane har det artig med fotballen. 

Ei elevbedrift frå Lom Ungdomsskule står for salg av saft, kaffe og bite - ta ettermiddagskaffeen på idrettsplassen onsdag! 

Kampoppsett:
Kl 1800:
Bane1: Vågå G - Lom G Kvit
Bane2: Heidal J/G - Skjåk G
Bane3: Garmo J/G - Lom G Blå

kl 1845:
Bane1: Garmo J/G - Lom G Kvit
Bane2: Vågå G - Skjåk G
Bane3: Lom G Blå - Heidal J/G




Turorientering 2014

Postet av Garmo IL den 18. Jun 2014

Tysdag 24. juni skal vi ha oppstartstur for turorienteringa sommaren 14.
Vi skal i år ha ein tur opp til Havørju Blir ikkje felles oppmøte for turen, men alle møtet ved Kronrøysa kl 18.30. Ta gjerne med dykk ettermiddagskaffen dit. Turorienteringskonvolutten blir da utlevert.
Dei som ikkje har høve til å koma dit den kvelden kan få konvolutten på Skogheim kafe seinare.



Nytt trimtilbod - gågruppe

Postet av Garmo IL den 22. Mai 2014

Ole Rune startar opp med eit nytt trimtilbod frå fyrstkommande mondag (26.mai). Dette blir ei gågruppe der den som ynskjer å gå tur saman med andre kan møte på Garmo Skule mondagskveldane kl 1900. Å gå på tur er fin trim som passar for alle - og dersom ein er fleire i lag vil dette også kunne vere sosialt og motiverande. Frisk luft og fin natur får ein med på kjøpet!

Vi håpar mange vil bli med på dette nye tilbodet!



Sykkelritt

Postet av Garmo IL den 1. Mai 2014

Jan Erik Øyen var fyrst opp motbakkane i sykklerittet - "Klatrerittet mot Rondane", han vart nr 4 totalt. Øyvind Svare Odde deltok også og representerte Garmo IL, og han vart nr. 5.

Løpet var lagt opp slik at dei starta i ein slags "jaktstart" etter tidene dei hadde på Birkebeinerrittet i fjor



Idrettslagsdressar

Postet av Garmo IL den 1. Mai 2014

Vi vil nå ta opp ny bestilling på idrettslagsdressar, Trimtex Trainer LZR Plus.

For ungar (str 130, 140 og 150) vil ein dress koste kr 850, (bukse kr 450 og jakke kr. 400)
For vaksne vil ein dress koste kr 1850, (kr 1050 for jakke og 800 for bukse)

Det kan bestillast +/- 5 cm og 10 cm på jakkeermer og bukser, dette kostar kr 100 ekstra.

Vi håpar å få tak i ein prøvekolleksjon, slik at den som ynskjer kan få prøve dressar på basaren i Bygdahuset den 11. mai.

Bestillingsfrist 15. mai - og vi tek atterhald om at vi får inn nok bestillingar! (Min 10 dressar)

For bestilling ta kontakt med Anette (tlf 99041299) eller post@garmo-il.com



Troll Ski Maraton

Postet av Garmo IL den 18. Apr 2014

Ragnhild Vestad vann klassa si i årets utgåve av Troll Ski Maraton på 95 km. Ragnhild brukte tid 6.29.26. Jan Erik Øyen deltok også, og han fullførte på tida 6.59.31.

Gode prestasjoner av desse to!



Dommarkurs

Postet av Garmo IL den 30. Mar 2014

Dommerkurs i Utgard torsdag 3.4 kl 18.00 for femmer fotball. Påmeldingsfrist 1.4 kl 18.00 til Arild Løken 95056967 eller arildlok@online.no



Årsmelding 2014

Postet av Garmo IL den 18. Mar 2014

Styret har hatt 4 styremøte, der det eine av desse var utvida med leiarane av kvar gruppe.

Aktiviteten i Garmo IL har vore stor også i 2013. Det er dyktige folk i aktivitetsgruppene som tek ansvar for å setje i gang aktivitetar, og styret meiner at gruppene fungerar særs godt.

Vi fekk i 2013 kr 20500 i tilskot frå Oppland Fylkeskommune og Gjensidigestiftelsen til arbeid med stimerking. I løpet av hausten vart det innkjøpt nye skilt og skilta stigar både i Kleppdalen og i Høgkollen-område. Jan Erik Byre og Svein Garmo sto for arbeidet med dette. Vi håpar dette vil vere med å bidra til at enda fleire vil nytte dei fine nærområda våre til turgåing.

Arbeidet med å oppføre ein gapahuk ved idrettsplassen er også kome i gang. Vi fekk innvilga kr. 23500 i tippemidlar til dette. Rolv Ivar Bergdølmo har teke på seg ansvaret for å få fullført dette arbeidet.

Årsmøtet i fjor vedtok at styret skulle vurdere behov for kjøp av ny snøskuter.Vi sette ned ei gruppe som skulle sjå på dette, og det vart i fjor haust innkjøpt ny skuter med løypefres til ein pris av kr. 127.000.

Allidretten vart i fjor haust omorganisert til idrettsskule, og vi mottok i samband med dette stønad frå idrettskretsen på kr 11.000.

Etter initiativ frå Skjåk IL og Lom Idrettsråd var leiaren i haust på eit møte i Lom der temaet for møtet var meir samarbeid mellom idrettslaga, eller kanskje også arbeide med mål om samanslåing på sikt. Laget sitt formål er nå fyrst og fremst å bidra til aktivitetar for dei yngste medlemmane, og å legge til rette for trimaktivitetar for alle. Vi meiner at dette er aktivitetar vi best kan ivareta som eige lag i eige grend, så slik vi ser det er det ikkje så mykje vi kan oppnå med eit utvida samarbeid. Skigruppa har hatt dette som eige sak på møte, og dei ynskjer også at vi driv som vi gjer i dag.

Økonomien i laget er god, overskotet i fjor var på ca 13000. Leiar har fått utbetalt kr 2000 og kasserar kr 4000 i honorar for 2013. Vi deltok også i vår på den årlege søppeldugnaden langs riksvegen. Vi inngjekk i fjor ei sponsoravtale med SpareBank 1 Lom og Skjåk som sikrar oss kr. 15.000 i året i 5 år.

Arild og Thomas Løken har hatt ansvaret for idrettsplassen, og idrettsplassen er i god stand.
For aktivitetane viser vi til meldingar frå gruppene, men vi kan nemne
  • Bra aktivitet på trimkveldar, der bandy har vore hovudaktivitet
  • Fotballgruppa har hatt med 2 lag i serien
  • Bra frammøte på skirenna (som pga. snømangel vart arrangert på Mån)
  • Godt frammøte på idrettskulen, derskitrening var ein del av opplegget før jul. Har arrangert akedagar i Bjørgebakkane.
  • Idrettsdag på idrettsplassen med godt frammøte med mange aktivitetar
  • Turorienteringa er framleis populær, svært mange deltok og leverte kort også i 2013
  • Mange deltok på større arrangement, og Ragnhild Vestad vart Super-Birkebeiner for andre år på rad ved å klare merket i alle 3 Birkebeiner-arrangementa. Jan Erik Øyen deltok også på alle tre arrangementa og vart med det «årets Birkebeiner».
Medlemstalet var ved årsskiftet 181 medlemmar.

Styret vil takke
  • Alle medlemmane for god aktivitet!
  • Gruppeleiarane, gruppemedlemmane og andre som har vore med for godt og verdifullt arbeid
  • Alle som har teke eit spesielt leiaransvar, og dei som har bidrege med løypekjøring og islegging
  • Thomas og Arild for godt stell av idrettsplassen
  • SpareBank 1 Lom og Skjåk for sponsoravtale
  • Alle andre som på ein eller annan måte har delteke på idrettslagsarbeidet eller støtta laget!
Garmo, mars 2014

Svein Garmo (leiar)
Inger Helene Solbakken (nestleiar)
Rolv Ivar Bergdølmo
AnetteBergheim
Jan Erik Byre



Basar

Postet av Garmo IL den 17. Mar 2014

Vi skal ha stor basar i Bygdahuset sundag 11. mai. Vi har fått inn mange flotte premiar, og i desse dagane går det loddselgarar rundt i grenda. Vi håpar alle har ordna seg med kontantar, og kjøper mange lodd! Vi håpar å få til andre tradisjonelle "basar-aktivitetar" denne sundagen, og kaffe- og bitesalg. Vi håpar mange finn vegen til Garmo Bygdahus for å delta på ein sosial dag - og med moglegheiter for å vinne fine premiar.

Biletet viser ein av mange fine premiar vi har fått, dette er ein heimlaga kniv vi har fått av Reidar Marstein



Ragnhild nr 2 på Ingalåmi

Postet av Garmo IL den 17. Mar 2014

Ragnhild Vestad tok ein sterk andreplass i klassa si på Ingalåmi med tida 1.41.54.  Flott innsats av Ragnhild! (Foto: GD)