Trekning Juletrimlotteri

Postet av Garmo IL den 15. Jan 2025

Vi har trekt juletrimlotteriet. Det var 321 lodd som var med denne gongen. 

Vinnarane av kvart sitt gavekort på 500 vart Imre Fjeld og Ann Kristin Vangberg. 

Grethe Fjeld vann ei termoflaske, Jan Erik Byre, Inger Helene Solbakken, Frank Vangberg og Live Myrhaug vann kvar si huve og Simen Bjørgen og Sigrid Steinehaugen vann kvar sin buff/hals. (Alt gjeve av SpareBank 1 Lom og Skjåk) 




Fotballhistorie - vårsesongen 1984

Postet av Garmo IL den 8. Jan 2025

Våren 1984 var Garmo IL klare for sin andre sesong i 6. divisjon Gudbrandsdal. Vi presenterer nye utklypp frå Geir Eriksen sitt avisarkiv. 

Slik var stallen ved starten av sesongen


Ny trenar for sesongen var Rolv Odde, og målet var å gjere det betre enn året før 

Garmo - Ringebu 0-3


Gudbrandsdølen 7.5.84Tessand - Garmo 8-1



Garmo - Tretten 0-4

Gudbrandsdølen 28.5.84

Lesjaskog - Garmo 4-0


Heidal - Garmo 8-0

Gudbrandsdølen 9.6.84
Øyer - Garmo 12-0


Garmo - Lalm 2-1 - Endeleg ein seier! 

Dagningen 16.6.84


Harpefoss - Garmo 6-1

Dagningen 25.6.84

Gudbrandsdølen 25.6.84

Garmo - Vestsida 2-1

Vårsesongen 1984, der Garmo fekk sin fyrste seier i offisielt seriespel. Likevel var laget på sisteplass, etter at dei tapte botnoppgjeret mot Harpefoss helga etter seieren mot Lalm. Når vi ser på lagoppstillingane ser vi at det ikkje alltid var like enkelt å stille med fullt lag - og eit utval med innbytarar.  

Vi må takke Geir Eriksen for at han har teke vare på avisutklyppa, og vi dele desse med oss. Dette er verdifull historie frå ei artig tid i Garmo IL si historie. 

Vi kjem attende med haustsesongen 1984 - litt lenger utpå vinteren.